Ein frustrert bonusjegers bekjennelser
Min fyrste leigebil skulle vera ein Fiat Punto, men når den 23 år gamle, snauklipte guten skulle hente bilen i Livorno, så endte han opp med ein Alfa Romea 157, som me krusa rundt med i Toscana i 10 dagar.
No 15-20 år etter, så jobbar eg fortsatt med å toppe denne overraskinga, og sjølv om eg har vorte oppgradert både her og der, så smakar det ikkje like bra som dette, og det einaste som kan gje ei viss form for liknande tilfredstilling er å finne eit rasande godt tilbod, eller helst feilprising.
Eg er nok litt bortskjemd
For 2 år sidan fant eg ei slik feilprising på Avis, og booka ein E-klasse til 3500 kr for 10 dagar i juli/august frå MXP, men Avis var frekke og ville gje meg ein Gold. Eg fekk krangla meg til ein betre bil, men var djupt såra, og har prøvd Hertz i det siste, om eg ikkje vert frista til å prostituere meg for 10 000 eurobonuspoeng.
Tidligare i vinter fann eg ei ny feilprising på Hertz, og vart djupt skuffa over at fruen syntes at det var ein dårleg ide å leie ein Maserati til 11 000 kr for 10 dagar. Ho fann på alle moglege grunner for at me skulle kunne spare desse pengane. Eg fant då ein C klasse cab som eg fekk til 6600 kroner, og me inngjekk eit kompromi som gode partnera gjer(dei skulle ha 5600 for ein fiat 500). Men ungana syntes ikkje det var ein god ide, då desse i-landsungane synes det er i overkant luftigt bak der, og far, som den tøffelen han har blitt, ser seg nødt til å vurdere om han skal ta dette til følge, men kun om det er pengar å spare og poeng å tjene.
Hertz lanserte for ei veke siden 5000 poeng for bookinger å låge priser, men eg fann liksom ikkje heilt den bilen eg ville ha til rett pris, sjølv om 5700 kr for 10 dagar i ein S90 ikkje er heilt ille frå MXP i juli/august.
Men i går kveld, så har det vore ein eller anna prisjustering hos Hertz, og eg finn C klasse cab til 400 kr billigare og S90 til 3700 kr, og 5000 poeng.
Nitidig leiting skal belønnast, og det ser ut til at far skal bli brukbart nøgd i ein S90 til ein framifrå pris, samt Eurobonuspoeng.
Men etter at internett kom å løyste mange problem framover 90 og 2000 tallet, så har det skapt like mange frustrasjonar over elendige nettsider og kræsj.
Hertz sine sider er nok frå denne tida, og fryktelege, men i går hadde dei total kollaps, og eg klarer ikkje å logge meg inn, og når eg loggar meg inn så finn dei heilt usannsynlege prisar, så eg ender med å bestille utan å logge meg inn. Då ender det opp med at eg ikkje får epost, og telefonen fungerar ikkje så seint på kveld. I frustrasjonen klarar eg omsider å få logga meg skikkeleg inn, avbestiller tidligare bestilling og klarer då å få bestil ein ny bil til same pris, og ender opp med to like bookinger, med same pris, der eg kun har dokumentasjon på den eine.
Enden på visa er at dei gamle er eldst, og telefon er ikkje oppskrytt. Eg trur også dette hadde vore enklare å bestilt på fax, om eg hadde hatt ei aktiv telefonlinje.
Hertz sine nettsider kan verke som er frå prefax-tidsalderen, men eg skal kjøre ein særs moderne svensk-kinesisk bil til tullepris, der mine i-landsungar kan få sitte baki bilen utan at det bles så klaftig at dei ikkje høyrer det gjennom sine øreklokker med aktiv støydemping
Vis alt...