ANA F
Tja, kva skal ein sei det er meget bra.
Først og fremst så legg ein merke til den enorme 43“ 4k skjermen.
Champis eller juice blir ein spurt om veldig rask etter ombordstigning.
Pysj ligg klart, blei spurt om ein ville skifte med eingong men me skippa det til etter middag.
Meny blir levert ut, som er inne i skinnmappe.
Krug blir ikkje åpna før ein er i lufta, kjentes det ut som på smaken.
Me var naturleg spente på korleis den glutenfrie maten var også…. Så her kjem maten!

Starten på min mat, ostesticks som ikkje var så gode. Ellers var krabbekjøttet, den greia eg ikkje veit kva er og skinka god.

Her er det miks av Japansk meny bak, med diverse sushi. Smakte bra, samt da kaviar. Men dette var jo før kaviaren kom.

Slik då hadde me fått åpna kaviaren, måtte bruke kniv for og jekke den oppe. Mykje takk frå flyvertinna, ekstra påfyll med Krug.

Så vart det biff, gjekk no over til fransk raudvin frå burgund.
Vart stappmett etter denne retten, åt jo litt i SQ F loungen også.

Madammen sin GF litt Yakitori stil, rekene smakte ikkje så mykje ellers var det veldig godt.

GF Reke og mangosalat, frisk og godt.

GF hovedrett, vel der kom kyllingen gitt. Heldigvis var kyllingen saftig, og ein ny kreasjon av søtpotetstappe spica opp med chili og kanskje litt ingefær? Såpass godt at den skal me kanskje lage ein variasjon av heime.

Frukt til dessert, fruen var også stappmett no sjølv om det var spørsmål om me ville ha meir….
Blei litt film og søvn no.
Så blei det meire mat nærmare Tokyo.

Då fekk eg meg ost, sjølvsagt vanskeleg og gjere dette feil når ein har gode råvarer.

Takka så ja til frukost, omeletten var tørr og ikkje imponerande i det heile. Ellers så vil eg sei det smakte godt!

Avslutta med litt frukt! Litt søl, men var eindel turbulens til tider.

GF Frukost! For ein mengde med mat

Og åtpåtil porsjerte egg, gjekk den vanlege vestlege frukosten min ein høg gang. No var det porsjerte egga litt overkokte, men det klarte dei jo heller ikkje på Sommerro så…
Samt så likar madammen dei når dei er litt meire kokt, ikkje slik at plomma renn utover som meg.
Og jadda me fekk spørsmål om me ville ha meir, om det var noko som me ville ha frå «Light Bites» menyen.
Så kosa med oss også med ein del grønn te, gir ein god japansk følelse.
Om nokon vil sjå menyen så sei frå, så kan eg laste opp som thumbnails eller noko.
PS! Eg såg også menyen for returen og det blir servert Wagyu!