På kvelden så blei det igjen middag på hotellet, me var for slitne til og gidde og gå nokon plass.
Me dela mango salat til forrett, veldig god. Alt er jo så ferskt.
Eg hadde svin, stek i ein slags kokos/curry saus samt lokal sticky ris, veldig godt.
Madammen ville ha noko vestleg og gjekk for burger utan brød, den var visst også god med bacon, skinke, ost og egg.
Me var litt dehydrerte så det blei litt juicar, vannmelon, pasjonsfrukt etc.
Me tok begge Creme Bruleè til dessert.
View attachment 107043
Mangosalat, sabla god!
View attachment 107044
Burger, litt trist utan brød. Men slik er det med cøliaki. Her skjønna vertfall vår venn med nickname Ben kva me snakka om.
View attachment 107045
Smakte godt og veldig fint presentert.
Neste morgon så var det jammen meg klarvær, så no såg me Fansipan også.
Tok mest video frå balkongen så hadde ikkje så mykje bilete.
View attachment 107048
Så var det frukost, me var jo for tidleg for den dagen før.
Den var veldig bra, masse ferskt frukt og salatar. Ferske juicar, til og med bacon som var wrappa rundt lokal sopp. Det er mykje sopp i Sapa. Så der er brukt mykje i maten, vertfall på denne årstida.
View attachment 107046
Kunne også bestille fritt frå Ala Carte menyen, eg bestilte porsjerte egg. Dei var perfekt kokt! Men gløymte bilete.
Så meina kompisen vår Ben at eg burde prøve Poh? Nuddelsuppe, kunne få med kylling eller biff. Biffen var litt overkokt/stekt. Men ellers smakte det kjempegodt!
View attachment 107047
Var stappmette når me gjekk frå frukosten….
Må sei me var veldig fornøgd med dette hotellet, bra valuta. Synd at spa er stengt fortsatt sidan covid. Men ellers bra!
Så var det tid for utsjekk, taxi med til der bussen skulle gå.
Denne gongen med firmaet Saoviet, også bestilt gjennom Baolao sida.
Skal sei dette var eit steg opp frå Interbus.
Det er kanskje ikkje beste reinholdet, og om du er lenger enn 172cm får du ikkje strekt beina ordentleg ut. Men alikavel dette er behageleg bussreise.
Ca 6t til Hanoi, 1stopp på vegen der ein kunne på do samt kjøpe mat/drikke.
Bytte til minibuss/van siste stykket inn til Hanoi.
Så var det 10-15min med Grab derifå til hotellet.
View attachment 107049
Vis alt...