Regnfull dag i Tokyo, men det var som venta. Me skulle egentleg til Fujiyoshida dagen før for og ta høstbilde sammen med utsikt mot Fuji-San. Samt også besøk i Fuji-Q Highland, men været var dårleg og då gadd me ikkje transport etappa. Sidan regnet no hadde kommi til Tokyo, tok me ein lat dag.
Fekk kjøpt DJI Osmo Action 3 kamera ca 1000,- billigare enn heime. Det skal tåle -20c så skal då funke på våre ekspedisjonar til høge fjell også, vertfall veldig mykje bedre enn GoPro som bare er søppel i kulda. Speilrefleksen blir jo med uansett.
Rusla litt rundt, mest på leit etter billige joggesko. Men fant bare fancy butikkar i området. Bestemte oss for og stikke tilbake til Shimokitazawa, lika oss godt der. Men ingen live musikk i dag.
Planen var egentleg lunsj på VaBene, prøve wagyuen deires som såg så god ut. Diverre var dei stengt sjølv om onkel google sa dei var åpne…. Kanskje også litt shopping, mange vintage butikkar. Me er ikkje akkuratt hipsters, men lika oss godt i den gamle delen i dette området. Mogleg live musikk og food trucks kun er i helger?
Fant istaden ei ana sjappe, hadde mozarella ost & god spekeskinke. Grei lunsj, kosleg plass.
Tok så toget i retning mot Starbucks Reserve Roastery, men Google Maps og toget var ikkje enige så det blei siste stopp på toget på Shibuya. Google maps foreslo diverse bussar, men med unøyaktig GPS og eit hav av buss stopp så hoppa me heller i ein taxi.
Jauda dette er Starbucks, men wow! For eit fantastisk byggverk og design! Anbefalast og besøke! Det er 4.etasjar.

Utanfor

Gjer ein automasjonsnisse varm i hjarta og sjå maskiner i bruk! Ein veit godt kor mykje som ligg bak, det er full produksjon.

Bønnene strømmer direkte frå brenning til bruk i kaffien.
Starta og brenne mens me var der

Utsikt frå terrassen i 4etg

Brenning i gang

Creme Brulee latte og kaffi lagra på whisky tønner med litt mascarpone krem på toppen! Meget, sjå bilde nedanfor for tønnene.
Delar til slutt nokre fleire bilder frå Yoyogi park, syns parkane er så fine i Japan om hausten! Samt alt det morosamme ein ser, hundar i vogner. Influenserar, folk som kosar seg, folk som har gifta seg, barnehagar og skular som går på tur. Og ja perfekt i rekke med 2 barn hånd i hånd.
Til slutt ei t-banke kart som bekreftar at ein hadde core total lost viss ein ikkje hadde hatt google maps. Men med google maps går det fint.
Neste post:
Takumi, som har fått stjerne av dekkmannen. Så heimreise med ANA lengst framme.