Serveringa kom i gang igjen, fortsatte med Krug til foretten. Det var stor beklaging frå purser om at serveringa hadde stoppa, ingen bekymringa frå vår side. Såg bare litt film. Litt pak choy, reker og mousse til forret samt litt kaviar og brød til. Må sei at eg syns kaviar er betre med sitron og rømme til, men funka dette også. På GF sida så kom det imponerande nok ein meny, men kva i alle dagar bare 2rettar? Utanom blekkspruten så smakte dette meget bra! Så var det tid for hovedrett blei enige om og smake litt på raudvin, og ja hald dykk fast dei serverar wagyu ut frå Tokyo! Hadde fransk raudvin frå burgund og ein frå california. Den frå california passa best til biffen, purser hadde rett! Biffen var heilt fantastisk! Trengte ikkje akkuratt kniv, sjølv om den var godt på medium + stekt. Veldig imponerande! Kyllingen til madammen var også veldig god! Så på madammen sin side så blei alt dekt på med alle bestikka mens på mi side så var alt bare lagt på bordet innrulla i ein serviett. Jaja. Så var det tid for ost, namnam. No passa den franske raudvinen veldig godt. Mens madammen fekk denne til dessert, kva i alle dagar? Litt sur og snurt gadd ho ikkje spørre om meir…
Eg fekk spørsmål om dessert, spurte om noko lett. Fekk servert 3kuler sorbet. Var jo samme på utreisa, så is er visst «lett» i Japan. Tok også ein kopp kaffi, samt vart det på fyll med Krug som ein kosa seg med til film før det vart litt søvn.
Etter litt film og søvn vakna eg, var ein tur på do. Fekk spørsmål om det var noko eg ville ha, takka ja til Udon Nudlar. Fekk anbefalt eit glass kvitvin til, det var god match. Her ser ein ruta me flaug, det var mykje turbulens på veg nordover. Me håpa jau me skulle fly litt meire over Alaska, passerte kunne over Nome og ikkje vårt kjære Denali.
Litt meir film og sovna litt igjen, vakna av lyd av bestikk. Me nærma oss London. Så då vart det «frukost» eller kva ein skal kalle det? Det blir vel meire kveldsmat men. Var usikker på kva eg skulle ha så starta med ein salat og eit glas juice. Madammen starta med litt yoghurt, frukt og grønn te. Så etterfulgt av litt omelett, pølse etc var visst meget bra. Ho spurte deretter om litt frukt, no vart det mykje betre enn sist! Eg fekk etterkvart bestemt meg, tok denne gongen Ramen. Men gløymte og ta bilde, fekk anbefalt raudvin til, igjen meget god match! Alt eg har fått anbefalt ombord har passa bra til maten. Eg gløymte bilde av Ramen, men det får no gå bra. Når me nærma oss landing på LHR skrudde me på kamera. Når landingshjula var nede så var det kun frontkamera. Såg eit anna fly i rullebanen ganske nærme før me kom inn, ganske imponerande korleis ein flyplass fungerar og så bra kordinert ting er. Så er det morosamt når kamera faktisk fungerar!
Tankar om ANA F: Catering er ein god del betre ut frå Japan! Crewet var også betre ut frå Japan for vår del, kanskje dei er meire utkvilt. Allergimaten er skuffande, her er fortsatt SQ best in class. Skjermen og hard produkt er fantastisk! Sjølv om du er lang. Me likar harde madrasser, så hadde ingen problem med det. Me likar godt harde senger i Japan også. Men sete i F er faktisk smalara enn i C, så for oss som ikkje er lenger enn 160 og 172 så er det hyggeleg med bredt sete, då kan me sjå film saman. Viss ein ser bort fra maten for min del og drikke utvalget, så er fortsatt flighten med hadde med ANA på NH211 i 2019 betre. Mest takke være eit heilt fantastisk mannskap, me fekk både menykort og seteinnstruks som minne. Litt over halvegs i flighten kom dei bak til business og serverte meg vin frå first class Fekk 3glass med forskjellig raudvin. Men for all del, eg jaktar no på ny oppleving hjå ANA! Det er heilt fantastisk. Men fortsatt så har LH betre bakkeservice, når me ankom HND med LH F blei me møtt av bakkemannskap som følgte oss heile vegen inkludert henting av Japan Rail Pass. Men utanom, ANA i lufta framom LH. Då helst ANA ut frå Japan.
Tankar om turen: Kompleks tur og få sydd sammen med 10flights fordelt på 2bestillingar og masse endringar. -Skulle hatt 1dag til på Jeju, kanskje ein leigebil ein dag så ein kunne kjørt litt rundt. Opplevde folk her som veldig hyggelige. Skal du til topps på Hallasan må du booke permit i god tid før! Naver Maps er det du må ha her, takk til @geddi for alle tips om Sør Korea og Jeju! -Skulle hatt 1dag ekstra i Halong Bay, men fekk opplevd mykje på dagstur! -Sapa, Fansipan og busstransport i Vietnam er verkeleg og anbefale. -Respekter lokale reglar og bruk munnbind som lokale i Sør Korea og Japan, sjølv om kravet i Japan kun er ved under 2meter. -Skal du på fine dining i Tokyo no framover så book bord i god tid, Kimpton var eit veldig hyggeleg hotell og Shinjuku er fin lokasjon her er ekspressbuss stasjon så distansen f.eks til Fujiyoshida etc er vare 1t40min. Me er veldig fornøgd med lite eventyr i Asia, 2nye nasjonstoppar. 1nytt land. Total no 14nasjonstoppar. -6 i Asia -3 i Oseania -1 i Afrika -1 i Nord Amerika -1 i Sør Amerika -2 i Europa og 45land, ikkje mange land det her inne men Takk til alle som har følgt reisebrevet! Neste eventyr blir nok i Nepal til hausten, så får eg gjort årets Denali reisebrev ferdig også.
Takk for turen! Fortsatt lettere misunnelig på at ANA kansellerte våre F billetter 1 uke før de åpnet Japan..