Kan bekrefte at NAV har mykje og gjere i dessa dagar, har måtta rigga til ekstra heimekontor for madammen som jobbar i NAV og det er ikkje mykje ein ser til ho om dagen

Folk melder seg som arbeissøkar, men søker ikkje dagpengar eller gløymer dokumentasjon... Blir mykje telefonar av slikt.
Så til dei som desverre blir permittert, dette skal du gjere så blir behandlingstida kortare for alle:
1.Registrere deg som arbeidssøkar
2.Legge inn søknad om dagpengar under permittering
3.Legge med dokumentasjon på arbeidsforholdet ditt og permitteringa.
Hugs! Meldekort skal leverast kvar 14.dag.