Flyselskap: SAS, Singapore Airlines
Klasse: First
Avreise fra: Oslo Lufthavn (OSL)
Destinasjon: Auckland (AKL)
Enveis, T/R, Open Jaw: Tur/retur
Antal poeng brukt: 240.000
Skatter & avgifter (per person): 3.165 NOK
Antall reisende: 2 vaksne
Reisen finner sted i: November 2018
Booket: Mars 2018
Flyvninger:
OSL-CPH/ SAS Plus (A320)
CPH-SIN/ Singapore First (777-300ER)
SIN-AKL / Singapore First (A380-800)
AKL-SIN / Singapore First (A380-800)
SIN-CPH / Singapore First (777-300ER)
CPH-OSL / SAS Plus (A320)
Bakgrunn:
Same dag som SQ F vart tilgjengeleg fekk eg melding om at min CT allereie var oppbrukt, meir om dette
her.
Heldigvis klarte Amex Support å rydde opp i SAS sin feil på eit par dagar. Rett før stengetid i dag fekk eg kasta meg over telefonen og kom igjennom til ein triveleg svenske. No var alt i orden med CT'en og det var berre å byrje med søking. Aukland var i sikte, og juni månad var målet. Eg hadde nemleg ein avtale med reisefølge om at vi skulle til Buenos Aires med Lufthansa First i juni, då tenkte eg at det ville gå bra med ei lita endring i destinasjon. Etter mykje leiting fann vi ei dugande utreise, det vart riktignok med SQ F til SIN, deretter SQ C til BKK og TG F derifrå til SYD. Frå SYD til AKL kunne vi få NZ C. Eg kunne leve med dette. Returen vart litt verre, og einaste alternativet var å vere på New Zealand i to veker, då kunne eg få same rute tilbake. To veker på New Zealand kunne nok gått fint, men etter å ha telt feriedagar fann eg ut at dette var vél mykje for ein tur. Alternativet var retur i C, men det fins vel grenser for kva ein skal lida seg igjennom. (
) Søkeperioden endra seg difor til september, oktober og november.
Sia
@yukho hadde fått bestille SQ Suites ville eg helst ikkje vere noko dårlegare. Draumen var sjølvsagt å få nye Suites frå London eller til SYD, men der fans ikkje noko ledigheit. I november fann svensken fleire alternativ, og vi landa difor på den ruta som no er bestilt. Ikkje veldig spenstig, men eit bra grunnlag. Forhåpentlegvis kan vi få fleire alternativ frå Europa etterkvart, og kanskje det plutseleg dukkar opp eit par seter i nye suites.
No må eg berre forklare for reisefølget at vi ikkje skal til Buenos Aires, men til Auckland. Og at vi må reise i november i staden for juni. Eventuelt får eg satse på at vi får eit par ledige billettar i NZ C frå AKL til EZE og at ein agent kan vere villeg til å sjå litt mellom fingrane på denne ruta. I verste fall må reisefølget byttast ut med nokon som er litt meir fleksible.
Vis alt...