Japan: Med tog frå Sapporo til Nagasaki

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 22. juni 2018.

  1. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    14,141
    Likes mottatt:
    869,586
    Bonuspoeng:
    293
    Det er litt "reiseporno" dette ...
     
    holmen and Kristian like this.
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    I Kyoto hadde vi tre netter og det er kanskje ikkje nok for å få med seg alt som denne byen har å by på, men vi hadde eit stramt tidsskjema, så her var det berre å karpe diem:
    CIMG4521-copy.jpg
     
    drsyk, ArthurDent, Oddvar and 5 others like this.
  3. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Ein av mange attraksjonar er Heian Jingu-heilagdomen med omkringliggjande hage. Ifølgje infotavla ved innfallsporten stod det at området var laga som ein 'national scenic spot representative of the Meiji-era'. Heile området er på 33 000 kvadratmeter:
    CIMG4509-copy.jpg

    CIMG4511-copy.jpg

    Det vart tatt mange bilete i Kyoto og eg har ikkje 100 % oversikt over kva alt er, men det er min elendige arkiveringsevne si skuld, samt at eg ikkje noterte noko som helst frå denne turen...
     
    drsyk, KristianSk, ArthurDent and 3 others like this.
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Vi var òg innom Ginkaku-ju-templet. Her var det fint:
    CIMG4525-copy.jpg

    Fotografen prøver seg på eksperimentering:
    CIMG4523-copy.jpg

    Overalt kom vi over tempel og heilagdomar:
    CIMG4531-copy.jpg
     
  5. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Nijo-slottet står på verdsarvlista til UNESCO og her ser vi tydeleg japansk naturestetikk. Her har ein 'rydda opp' i kaoset, men du verda det er flott:
    CIMG4576-copy.jpg

    Nijo-slottet er òg verdt å gløtte på:
    20150419_123519-copy.jpg

    CIMG4575-copy.jpg

    Dei vakre hagane i Kyoto slutta aldri å forbløffe:
    CIMG4578-copy.jpg
     
    drsyk, KristianSk, ArthurDent and 3 others like this.
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Kyoto har mykje meir å by på enn tempel og heilagdommar. Av alle ting er 'bambusstien' ein av hovudattraksjonane. Vel, trass i at vi ikkje hadde med oss ein panda, så tok vi turen og dette er det vi såg:
    CIMG4538-copy.jpg

    CIMG4540-copy.jpg

    Bambusstien er 300 meter lang. Eller kanskje 600, men han er ikkje ein grunn i seg sjølv til å gjeste Kyoto. Likevel var det fascinerande å sjå alle japanarane som tok sjølvisbilete der inne.
     
    Kalsnes, drsyk, KristianSk and 2 others like this.
  7. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    I Kyoto ligg Mangamuséet, eller Kyoto internasjonale mangamuseum, om du vil. For dei som ikkje veit det, er manga det japanske ordet for teikneserie. Mange har sikkert sett sett desse etter kvart så populære bøkene med teikningar. Mangamuséet er vel verdt eit besøk der det skildrar historia til fenomenet og framveksten. Her blir ein verkeleg godt kjent med eit moderne japansk fenomen.

    manga.jpg
    Biletet er lånt frå det store Internett

    Gjennom Kyoto rinn ei elv og breidda var samlingsplass for ungdommen den kvelden vi kom. Det krydde av dei overalt. Dette biletet er frå kvelden etter:
    CIMG4488-copy.jpg
     
    drsyk, KristianSk, ArthurDent and 3 others like this.
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Somme synst at Kyoto kan bli litt einsformig med alle desse templa over alt og reiser difor heller til Tokyo. For meg vart Tokyo for stort, rett og slett. Kyoto er ein stad du kan gå mykje til fots, avstandane er ikkje så store, men som nemnd: Der nokon diggar dottera, legg andre sin elsk på mora.

    Etter tre netter i Kyoto gjekk vi på ein ambisiøs dag som skulle bringe oss innom Nara og Universal studios før Hiroshima. Dagen gjekk ikkje heilt som planlagt, men meir om det seinare. Først litt geografisk støtte:
    kart01.jpg
     
    drsyk, KristianSk, SAJblue and 4 others like this.
  9. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Det er då berre triveleg at dette skriveriet pirrer reiselysten :)
     
  10. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    15,650
    Likes mottatt:
    32,499
    Bonuspoeng:
    293
    Kristian liker dette
  11. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Å, eg veit no ikkje det, men så lenge du blir bittelitt underholdt og inspirert, er eg godt fornøgd :)
     
    RoadKing liker dette
  12. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Ellevte stopp: Nara
    På 700-talet låg Japans hovudstad ein cirka førti kilometers rusletur frå Kyoto, Nara. Åtte av templa i byen ligg på UNESCO si verdsarvliste, det som ein gong var verdas største trebygning ligg her og her bur det heilage dyr!

    Vårt stopp skulle på papiret berre ta eit par timar, men her var mykje meir å sjå enn det vi trudde på førehand, så timane gjekk. Nara ligg ganske nøyaktig éin time med tog frå Kyoto (snegletog).

    CIMG4586-copy.jpg
     
    drsyk, KristianSk, ArthurDent and 2 others like this.
  13. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Vel, eg lar bileta snakke for seg sjølv. Dra til Nara:
    20150421_114820-copy.jpg

    CIMG4590-copy.jpg

    CIMG4604-copy.jpg
     
    drsyk, KristianSk, ArthurDent and 3 others like this.
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Og så til dei heilage dyra, sikahjorten:
    CIMG4596-copy.jpg

    Og du kjem tett på, type at du kan klappe dei:
    20150421_113712-copy.jpg
     
    Kalsnes, drsyk, KristianSk and 5 others like this.
  15. Berlioz

    Berlioz Gammel? Jeg??

    Innlegg:
    1,892
    Likes mottatt:
    12,780
    Bonuspoeng:
    183
    Ja, grip dagen, eller ta fisken. Valgfri oversettelse! Selv griper jeg muligheten til å legge inn et eget bilde fra Kyoto: Kinkaku-ji templet. Var der for to år siden, eksforloveden og jeg. (Sorry, @Kristian, jeg skal ikke plage den fine tråden din med flere fremmedelementer.) 20160410_135923.jpg
     
  16. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Eit nydeleg bilete! Motivet har eg sett så mange gongar at eg trur nesten eg har vore der sjølv, men eg har det ikkje i mitt eige arkiv, så eg mistenkjer at vi aldri rusla innom... Framandelement er heilt innafor, dette var jo ikkje ein gong ei avsporing :)
     
    drsyk, ArthurDent and Berlioz like this.
  17. EgilSk

    EgilSk Kreativ lurendreier

    Innlegg:
    218
    Likes mottatt:
    344
    Bonuspoeng:
    63
    Veldig veldig bra.
    Fekk berre enda meir lyst til og vitja Japan.
    Stilig at ein frå aust Finnmark skiv nynorsk.
    Kva er oddsa for noko slikt?
     
    ArthurDent and Kristian like this.
  18. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Å, du veit, det er mange rare dyr i Arken :) Når det er sagt, har eg slitt ut barneskoa i bartebyen.

    Hiv deg rundt og reis til Japan. Der er mykje å sjå :)
     
    ArthurDent and EgilSk like this.
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Tolvte stopp: Universal studios v/Osaka
    Etter å ha klappa hjort i Nara, var det på tide å kome seg vidare. Vi hoppa på neste tog og etter ein times tid var vi eit godt stykke nærmare Osaka. Opphaveleg plan hadde vore å ta turen innom denne byen, men då vi oppdaga at Universal studios har ein såkalla opplevingspark her, så skrota vi byen til fordel for fart og moro.

    Litt geografisk hjelp:

    kart01.jpg
     
    Last edited: 05. juli 2018
    drsyk, KristianSk, ArthurDent and 2 others like this.
  20. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    CIMG4611-copy.jpg

    Vi kom altså til Universal studios type tidleg ettermiddag (rundt klokka to) og valde å kjøpe eit slik ekspresspass som kosta ein god neve ekstra yen, men det var verdt det for å sleppe unna ein del køståing. No var vi klare for både det eine og det andre!

    20150421_174631-copy.jpg
     
    drsyk, KristianSk, SAJblue and 3 others like this.

Del denne siden