Japan: Med tog frå Sapporo til Nagasaki

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 22. juni 2018.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Universal studios er jo meir eller mindre det same anten du er i USA eller Japan, men kva gjer no det? Vi hadde sett så mange tempel og heilagdomar at no ville vi ha magisk avkopling:
    CIMG4614-copy.jpg

    Potter gav ingen skår i gleda vår (unnskuld for det altfor desperate forsøket på eit ordspel som vel neppe kan kallast vellukka og burde slettast, men eg lar det stå i mangel av noko betre):
    CIMG4615-copy.jpg

    CIMG4619-copy.jpg
     
    drsyk, ArthurDent, Earl and 4 others like this.
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Universal studios er ikkje staden du oppsøkjer for å vere åleine, men eg reknar med at det har du kanskje allereie forstått. Vi storkoste oss og fekk kjent på adrenalinet:
    CIMG4621-copy.jpg

    CIMG4622-copy.jpg

    CIMG4612-copy.jpg
     
    drsyk, SAJblue, ArthurDent and 2 others like this.
  3. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Vi koste oss så mykje i Universal studios at plutseleg var klokka nærmare ni på kvelden og vi innsåg at vi kanskje burde prøve å finne hotellet vårt for natta som låg i Hiroshima, rundt halvannan time med tog frå Universal studios.

    Her er litt geografisk støtte:
    kart02.jpg
     
    drsyk, ArthurDent, Henrik and 3 others like this.
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Trettande stopp: Hiroshima – ufrivillig overnatting
    Vel, sidan hjorten i Nara og berg-og-dalbanane i Universal studios tok tid og merksemd, så kom vi veldig seint fram til Hiroshima. Her skulle vi sova éi natt. Klokka var nærmare halv elleve på kvelden.

    Etter å ha gått av toget, tar vi trikken til den haldeplassen som vi har tenkt ligg nærmast hotellet vårt og spør ein triveleg drosjesjåfør (som knapt kan engelsk) om han kan køyra oss til hotellet vårt. Han ristar på hovudet og påpeiker at hotellet vårt, Miyajima seaside hotel, ligg på ei øy og siste båt har gått...

    Det som skjer no er likevel det mest fantastiske: Vi er ukjende og anar vel strengt tatt ikkje kva vi skal gjera, men lett forfjamsa spør vi om han veit av eit hotell i byen og sjåføren går bort til kollegaen sin og i lag fiksar dei alt saman for oss og vi får transport til ny overnattingsstad der personalet står og ventar på oss. Herregud, som den sjåføren fekk tips og takksemd frå oss!

    I ettertid har eg fått høyre frå reisefølgjet at eg alltid må sjekke om hotell som eg bestiller ligg på ei øy eller ikkje... Vel, det burde eg ha gjort i dette tilfellet, men den gong ei. Ja-ja, det ordna jo seg!

    Vi lar desse blomane vise takksemda til drosjesjåføren som hjelpte oss:
    20150422_101025-copy.jpg
     
    Last edited: 05. juli 2018
    drsyk, ArthurDent, Earl and 7 others like this.
  5. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Etter ei god natts søvn på vårt 'provisoriske' krypinn, var vi i Hiroshima og ikkje på Miyajima-øya. Difor fann vi det naturleg å bruke føremiddagen i byen og av det vi såg, må eg seie at eg likte Hiroshima:
    CIMG4640-copy.jpg

    CIMG4635-copy.jpg

    CIMG4638-copy.jpg

    Sjølvsagt hjelpte det godt på at det var +25 og sol frå skyfri himmel. Og vi var sånn omtrent midt i april, så vi var godt fornøgde.
     
    drsyk, SAJblue, ArthurDent and 3 others like this.
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Som alle veit (eller bør vite), vart Hiroshima jamna med jorda i 1945 då USA valde å sleppe ei atombombe over byen for å stoppe dei imperialistiske aspirasjonane Japan hadde i stillehavsregionen (og kanskje bittelitt fordi japanarane hadde vore så frekke å ta ut Pearl Harbour eit par år før).

    Poenget er: Det er ikkje mange historiske bygningar frå riktig gamle dagar i Hiroshima. Mykje er vel rett og slett bygd opp att etter andre verdskrigen.

    CIMG4637-copy.jpg
     
    Last edited: 05. juli 2018
    drsyk, ArthurDent, RoadKing and 2 others like this.
  7. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Det som gjorde mest inntrykk på meg, var Hiroshima fredssenter. No er eg lettrørt og tårane renn 'omtrent for ingenting', men her gjekk eg med ein klump i halsen i eit par timar.

    Det skal seiast at eg slett ikkje er ein pasifist, men våpenglad er eg heller ikkje. Okke som er det, etter mitt syn, heilt umogleg å ikkje bli påverka av det ein ser på fredssenteret.

    Slik eg minnast det, så vart heile historia kring atombomba skildra nokså nøkternt og nøytralt. Det gjorde at inntrykka kanskje vart ekstra sterke.

    Hiroshima vart bomba i 1945 og dette bygget, Hiroshima utstillingssenter, var vel så nært episenteret for atombombenedslaget som det er mogleg å kome:
    CIMG4642-copy.jpg

    Med historia i bakhovudet vart det veldig spesielt å sjå korleis blomane bløma rundt det tidlegare utstillingssenteret. Likevel evna dei ikkje å skjula spora, dei berre framheva kontrasten mellom dei grusame følgjene av atombombenedslaget for folk i Hiroshima og det fredfulle og meir eller mindre bekymringslause livet ein lever i dag.

    20150422_114722-copy.jpg

    Dette er absolutt ein stad det er verdt å gjeste!
     
    drsyk, ArthurDent, Henrik and 4 others like this.
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Verda har sett kor mykje atomvåpen øydelegg. Vi treng ikkje meir av det, spør du meg, sjølv om eg kan sjå dei forsvarspolitiske grunnane til at ein skal ha atomvåpen. Vel, vi skal kanskje ikkje la det bli ein debatt her, men heller nøye oss med nok eit bilete frå Hiroshima:
    CIMG4646-copy.jpg
     
  9. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Fjortande stopp: Miyajima-øya
    Kanskje prøvde 'Skiæbnen' å gi oss eit hint om å halde oss unna Miyajima ved at vi ikkje nådde fram til hotellet vårt, men sidan vi ikkje tar eit hint, så tok vi turen ut til øya for å la tankane frå den atombombefikserte føremiddagen få synke inn.

    CIMG4650-copy.jpg
     
    drsyk, ArthurDent and RoadKing like this.
  10. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Einaste måte å kome seg til Miyajima på er å ta båt over. Eller, det var no i alle fall det vi gjorde. Det var ein veldig fin tur som tok ein knapp time eller dryg halvtime (akkurat passe lenge til at ein slappar litt av, men ikkje så lenge at det blir kjedeleg).

    CIMG4655-copy.jpg

    CIMG4656-copy.jpg
     
  11. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Mykje av Miyajima er ein nasjonalpark. Her har dei fjell! Og vi måtte på fjelltur. Vi tok taubanen opp, som dei ekte fjellapene vi er:
    CIMG4662-copy.jpg

    Dette taubanestyret er ikkje for dei høgdesvake:
    CIMG4663-copy.jpg
     
    drsyk, ArthurDent, RoadKing and 3 others like this.
  12. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Taubanen går nesten heilt opp til Misen-fjellet og derifrå er det ein nydeleg utsikt til verda omkring:
    CIMG4668-copy.jpg

    CIMG4669-copy.jpg

    Sidan eg er litt høgdesvak, tok eg nedstigninga til fots og brukte vel nesten like lang tid som taubanane (du må ta fleire for å kome heilt til toppen), men det skal seiast at eg følte meg lett til beins og meir eller mindre sprang ned.

    Kort sagt: Miyajima er ein flott stad, men sjekk kva tid siste båt går! Eg trur siste båt gjekk rundt klokka ni på kvelden, men dette var i 2015, så det kan ha endra seg.

    CIMG4658-copy.jpg
     
    drsyk, ArthurDent, RoadKing and 3 others like this.
  13. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Fjortande stopp: Nagasaki
    Godt utpå ettermiddagen hoppa vi på eit tog som skulle ta oss til Nagasaki. Med tokbytte i Hakata, tok turen litt over tre timar.

    Litt geografisk støtte til oss som strauk i japansk geografi:
    kart01.jpg
     
    drsyk, ArthurDent, RoadKing and 3 others like this.
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Nagasaki er litt annleis enn dei andre japanske byane som vi besøkte på vår ferd. Dei aller fleste byane hadde vore paddeflate, men Nagasaki har både ein og sju motbakkar. Vi hadde hotell oppi fjellsida med god utsikt utover byen:
    20150423_081935-copy.jpg
     
    Last edited: 08. juli 2018
    drsyk, ArthurDent, RoadKing and 3 others like this.
  15. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Her i Nagasaki hadde vi éi overnatting på eit ryokan, ein overnattingstype som liknar meir dei tradisjonelle japanske variantane. Det var ganske så ålreit:
    CIMG4679-copy.jpg

    CIMG4677-copy.jpg

    CIMG4678-copy.jpg
     
    drsyk, SAJblue, ArthurDent and 3 others like this.
  16. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Ein annan ting som er fint med Nagasaki er at byen har eit godt utbygt trikkenett. Altså, vi hadde vorte varme tilhengarar av skinnegåande transport og trikk er jo nesten det same:
    CIMG4696-copy.jpg

    CIMG4687-copy.jpg
     
  17. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Dersom du ikkje veit at òg Nagasaki fekk smake på ei atombombe i 1945, bør du kanskje snakke med ein vaksen.

    Sjølvsagt har Nagasaki sin eigen minnestad for ofra etter denne atombomba og vi tok turen dit:
    CIMG4685-copy.jpg

    Svært nær episenteret for atombombeslaget stod Urakami-katedralen. På biletet under ser du det som er att av den katedralen som fekk litt hard medfart i 1945, bak er den nye bygd opp:
    CIMG4689-copy.jpg
     
    drsyk, ArthurDent, RoadKing and 3 others like this.
  18. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Det var veldig mykje folk på Atombombemuséet den dagen vi var innom, så mange at det vart litt vanskeleg å fordjupe seg i historia som presenterast der, men i likskap med Fredssenteret i Hiroshima, så blir det her gitt eit veldig godt, men nøkternt og nøytralt bilete av kva atombombinga førde til i Nagasaki. Utanfor muséet ligg Fredsparken. Absolutt vel verdt eit besøk!

    CIMG4692-copy.jpg

    CIMG4694-copy.jpg

    CIMG4690-copy.jpg
     
    drsyk, ArthurDent, RoadKing and 2 others like this.
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Som den observante lesaren har fått med seg, så hadde vi ikkje veldig mykje tid på kvar plass med ned mot éi natt både i Hiroshima og i Nagasaki.

    Dette kom rett og slett av at vi ikkje ønska å hoppe over desse to byane og heller ikkje ville kutte vekk noko av det vi hadde lagt opp til tidlegare på reisa.

    Ikkje for det, direkte hesblesande vart det ikkje. Vi tok heller å reduserte gjeremål i dei byane vi besøkte og sørga for jamt med påfyll av både is og anna væskebalanserande saker samt rå fisk og andre godsaker.

    CIMG4681-copy.jpg

    20150423_123332-copy.jpg
     
  20. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Tipsseksjonen vedr. togreising i Japan

    Togreising generelt: Her er Japan rail pass tingen. Vi fiksa Japan rail pass rundt to–tre veker før avreise hos Japanspesialisten. Hugs at togpasset blir sendt i posten til deg, så vent ikkje for lenge fram mot avreise.

    Togbillettar: Med Japan rail pass kan du i teorien berre gå om bord i (nesten) alle tog (samt ein del andre transportmiddel som buss og slikt), men spesielt i det folketette beltet frå Tokyo og sørover er det greitt å bestille plass – gratis. Det kan du gjere før du går om bord, vi opplevde aldri å bli avvist med at alle tog var heilt fulle, men toga går veldig ofte, type fleire gongar i timen, spesielt i dei folkerike områda.

    Tilgang til jernbanepersonell: Omtrent alle stasjonar er bemanna, bortsett frå perifere mjølkeramper litt utpå kvelden. Vi opplevde aldri eit problem i så måte. Dersom stasjonen ikkje er bemanna, får du fiksa plass ombord.

    Rutetider for heile Japan: HyperDia er nettsida for å finne ut kva tid toget går. Genialt og vi fann ingen feil. Ja, det tar litt tid å bli kjent med sida, men litt motstand må ein då møte. Merk at her kjem det opp kva for ruter som inngår i Japan rail pass og ikkje.

    Innløysing av Japan rail pass: Før du startar med togreising i Japan må du løyse inn det dokumentet du får tilsendt frå Japanspesialisten (eller tilsvarande tilbydar) i det dokumentet som faktisk gir det 'frikort' inn til japanske tog. Dette gjer dei berre på dei store stasjonane, ikkje mjølkerampene. Vi fiksa det lett og enkelt hos Japan rail på togstasjonen ved Sapporo lufthamn.

    Lyntog: På Hokkaido, den nordlegaste øya der Sapporo ligg, finst det ikkje lyntog. Då må du over til Honshu, den største øya der byar som Tokyo, Nagano, Osaka, Kobe og Hiroshima ligg.

    Der Japan rail pass ikkje gjeld: Fleire av lyntoga er ikkje inkludert i Japan rail pass, men sjølv utan dei toga har ein fleire tog i timen å velje mellom. Somme distriktsruter er òg eksludert frå Japan rail pass, men vi kom over ein to–tre strekningar totalt på turen. Metroen i Tokyo er ikkje inkludert i Japan rail pass.

    Å ta seg rundt: Japanarar reiser mykje i eige land og overalt er det eit svært godt kollektivtilbod. Ja, ein må kanskje vente litt på toget, bussen eller taubanen, men generelt sett så er reising i Japan både ryddig, oversiktleg og trygt – i alle fall slik vi opplevde det.

    Bagasjeoppbevaring undervegs: Absolutt alle jarnbanestasjonane som vi var innom, sjølv dei bittesmå mjølkerampene, hadde store og små bagasjeoppbevaringsskap. Putt på pengar (kontantar) og lås. Når du er klår til neste reisemål, plukk med deg bagasjen igjen.

    Reisetipssider: Vi brukte i utgangspunktet to sider for å finne ut kva i Japan som var verdt å sjå. Den engelskspråklege Japan-guide gir ein god introduksjon, det same gjeld den norskspråklege Japanguiden, men den engelskspråklege er litt meir omfattande:
    https://www.japan-guide.com/
    https://www.japanspesialisten.no/

    Andre togpass: Det er ikkje berre Japan rail pass som kan brukast i Japan. På dei transportmidla som andre operatørar (enn Japan rail) drifter, kan det vere fornuftig å sjå om dei tilbyr eigne reisepass:
    Veldig generelt: Det går tog 'nesten heile tida'. Med bittelitt planlegging, så er Japan rail nesten like bra som Lufthansa F (dagens (eller kanskje årets) brannfakkel). Det er stort sett hjelp å få og det er nesten alltid plass på eit tog som ikkje går om så altfor lenge (med mogleg unnatak for utfartsdagar og slikt).
     
    Last edited: 05. juli 2018
    drsyk, SAJblue, ArthurDent and 5 others like this.

Del denne siden