Reisebrev: Ein slags blåtur — opp og ut i det blå!

Mesteparten av ettermiddagen slumra eg bort, faktisk. Og det var heilt nydeleg. Då eg vakna til liv var eg litt småfysen på mat, så eg bestemte meg til slutt for å prøva restauranten på hotellet. Det vart pasta med sopp og kalvekjøt samt ein tiramisu til dessert. Det var godt og mettande!

20241122_205040.jpg
Ein stor porsjon pasta

20241122_210602.jpg
Ein mektig tiramisu
 
Ein dag via til nordsida av Flores
Etter ein ålreit frukost på hotellet, køyrde eg nordover til Ponta Delgada (som ligg ganske langt nord på Flores). Tanken var ein roleg rusletur berre for å koma seg litt ut. Eg hadde bestemt meg for å la vêret avgjera kor mykje uteliv det skulle bli. Her ute i havgapet er det skiftande:
20241123_084949.jpg
 
Målet var ikkje bygda Ponta Delgada, men ein tur som går frå bygda via nordspissen og vidare rundt øya. Denne turen tok eg starten av. Flores er frodig og fint. Turen gjekk delvis langs ein omtrent trafikkfri veg og delvis ute i terrenget. Sidan eg er mannepjusk var det meir enn nok med litt loffing i sakte tempo for min del:
20241123_115233.jpg

20241123_120534.jpg

20241123_121520.jpg

Screenshot_20241123_181253_Gallery.jpg
 
Etter eit par timars rusling var eg nøgd. Eg er trass alt mannepjusk, som jo er ein særs alvorleg diagnose. Det passa ganske bra å setja seg i bilen og gi seg hen 'heimover' akkurat då det byrja å regna. Skydekket vart etter kvart ganske lågt og regnet tok seg kraftig opp, men det letna litt seinare.

Eg bestemte meg for å gå på kvalfangstmuseet i Santa Cruz. Det er eit museum som er mykje større enn det eg trudde det skulle vera. Det mest interessante var å læra at på Flores hadde kvalfangsten skjedd ved at ein frå observasjonstårn på land speida etter kval og så låra båtene ut på havet etter at kvalar var observert frå desse tårna på land.

20241123_161253.jpg
 
Då eg kom inn frå rusletur og museumsbesøk, så konka eg ut i lenestolen på hotellrommet og snorka bort ein time eller så. Etter det var eg for lat til å leita opp ein alternativ matplass, så igjen vart det middag på hotellet. Maten var god, denne gongen gjekk eg for svinekjøt med søtpotet:
20241123_203530.jpg
 
Screenshot_20241123_130406_Maps.jpg

Det er nesten sånn at ein trur at ein er med på serien 'Atlantic crossing' når ein ser kor ein er. Samstundes føler eg ikkje at eg er så isolert som plasseringa kanskje skulle tilseia. Kort sagt er dette som ein tropisk versjon av Aust-Finnmark :)
 
Ein dag via til nordvestsida av Flores
Vanlegvis brukar eg å vera ut av hotellrommet før ni og klar for å gripa dagen, men på denne turen har eg prøvd noko nytt: lange morgonkvistar og sein(are) start på dagen. Så etter frukost, nærmare halv elleve, tok eg turen over til nordvestsida av Flores:
20241124_113228.jpg
 
Det var ikkje bygda Fajã Grande som fekk hovudfokus, men, du verda, bygda ligg idyllisk til. Og trur du ikkje sola titta fram gjennom skyane, òg? Jo, sanneleg!

20241124_125122.jpg
Strandløvelivet er litt brutalt på Flores

20241124_125017.jpg
Delar av bygda Fajã Grande
 
Turen til dette punktet følgde merka sti og det var ikkje noko problem å finna fram. Sidan eg er litt høgdesvak vart det etter kvart litt i overkant luftig, så eg bestemte meg for å snu før eg gjekk meg fast oppi skråninga der. Det var kjempefint å gå (inntil eit visst punkt), så det var vel verdt ruslinga.

Screenshot_20241125_064011_Gallery.jpg
Stien eg kom fra i retning Fajã Grande

Screenshot_20241125_064001_Gallery.jpg
Stien i retning nordover — lenge før det vart for høgt ned til at eg synst det var kjekt å gå på tur her
 
Nesten heile dagen vart brukt i dette området. Og mykje av tida nytta eg til å berre sjå utover havet og kjenne varmen frå sola mot kroppen. Å sjå bølgjer og dønningar som bryt mot land er for meg ein slags terapi. Det vart ein fin dag, i alle fall.

Screenshot_20241125_064124_Gallery.jpg
Fosseku?

Screenshot_20241125_064155_Gallery.jpg
Ut mot havet
 
20241125_103744.jpg

Allereie til etter frukosten hadde det letta såpass mykje at det regnet nær sagt var gløymt. Så eg tusla ut i bygda for å jakta postkort. Det var lettare sagt enn gjort, men til slutt fann eg det eg trong — ved flyplassen. Så tok eg meg ein dessertaktig lønsj:
20241125_123244.jpg
 
Back
Top