Samoa, transit til Savaii:
Savaii er då den andre øya på Samoa.
Den er vel litt større i km2, men det bur mindre folk her.
Her held også Samoa’s høgaste fjell til som me (sjølvsagt) hadde planar om og bestige.
Det skulle vise seg og ikkje vere enkelt og ordne, og eg veit ikkje kor mange forskjellige eg har maila og styra med.
Fjellet og området tilhøyren nemleg Landbysjefen i landsbyen Aopo.
Men dei er ikkje til og få tak i, eg prøva litt og ringe. Fekk litt vage svar via Whatsapp.
Men gav til slutt opp dette også.
Men tilslutt så fekk eg via Vaimoana Seaside Lodge ordna dette, denne plassen kunne ein ikkje booke anten via Hotels, TA eller noko.
Kun direkte.
Eg maila eindel med ei som heitte Michelle, og det skulle vise seg at onkelen hennes var ‘Village Chief’ så ho kunne ordne for oss.
Alt var booka og bekrefta.
Me var også blitt enig om og at dei skulle hente oss ved ferje, men eg hadde ikkje høyrd frå dei på ei stund.
Jaja, det ordnar seg alltids.
Me fekk transport til ferja, kom oss ombord og følte vel at dette var det ein skulle unngå

Sto jau plakar på flyplassen at ein skulle unngå store folkeansamlingar.
Men det går jo som regel bra då. (Denne gongen også)
Når me til slutt kom over på andre sida, så var det ingen der som var klare for og hente oss.
Ein vrimmel av taxisjåførar som virra og masa på oss 2, som sto der med Duffelbaggane og sekkane våre

Til slutt var det ein kar som lurte på kvar me skulle bu, jau me skal bu på Vaimoana.
Ok, han ringte dei og me fekk til slutt snakke med dei.
Tja, dei hadde ikkje høyrt noko om vår booking eller transport

Eg sa eg hadde maila med Michelle og ho hadde bekrefta på mail.
Jaja, me heiv oss no uansett inni taxien med mannen.
Han køyrde forøvrig rimeleg gris, hadde Harley flagg i taket, basskasse, men spelte triveleg musikk.
Så hei kor det går!
Hotellet ringte etterkvart tilbake, no hadde dei funne mail korespendansen og beklaga veldig.
Etter ein rask køyretur der me faktisk køyrde halve øya på 1.5time så var me framme og fekk sjekka inn.
Det var ganske så slitt, og likna ikkje på bileta på nett. Men dei ansatte tok det igjen på sjarm.
Me hadde visst inkludert middag og frukost.
Når me så skulle ete middag, så spurte dei om me hadde nokre allergiar eller preferansar.
Madammen har jo cøliaki, og me sa me helst ville ha kylling eller biff.
Men me fekk fisk, slik var det bare.
Som innanlandssamar så er me mest vant til slik mat og mykje vilt!
Men for eit fantatisk måltid dette var, fisken som var ein slags tunfisk var knallgod! Så feil kan nokre innanlandssamar altså ta.

Nødutgang rad på ferja

Kule bussar, blir visst bygd på Samoa

Utsikt frå falen vår
Middagen, altså tunfisken
Og for dei som skulle ha peiling på fisk, me hadde visst fått den øverst til venstre på plakata! Den fisken anbefalast herved på det varmaste.