Japan: Med tog frå Sapporo til Nagasaki

Flott tur, flotte bilder og mange flere ord enn du proklamerte.
Prøvde å vise dette til mor ... jammen vi skal jo ikke til Japan! Det vet da ikke hun!

Du kan jo lufte at SAS flyr til Japan? Kanskje det kan få henne på bedre tanker?

Det står vel Borgund på plaketten?
Sikkert bare pirk fra min side, japanerne ville aldri sett forskjell
Veldig godt poeng! Jeg blingsa, rett og slett. Fadesen er nå rettet!
 
Sjuande stopp: Tokyo
Den japanske hovudstaden er stor. Veldig stor. Det er mykje folk her. Overalt. Eg bur i Aust-Finnmark og folk er liksom ikkje det eg møter på oftast. Slik sett vart Tokyo litt slitsam for meg, men du verda, eg ser at det er ein flott og interessant by! Misforstå meg rett, altså. For oss vart det fire netter i Tokyo. Først tok vi turen til Shinjuku og rusla innom den flotte parken der:

20150414_151041-copy.jpg

20150414_152335-copy.jpg

20150414_144409-copy.jpg
 
Sist redigert:
Utover dette brukte vi ein del tid på Tokyo nasjonalmuseum som gir ein god oversikt over Japans historie frå tidleg start og fram til moderne tid.

Eg skal ikkje bruke mykje meir tid på Tokyo. Vi hadde fire netter i byen, men reiste ut på fleire dagsturar som kjem med i dette reisebrevet fortløpande.

20150414_090506-copy.jpg
 
Det var her vi kjøpte oss kvar vår soft-is og tenkte å kose oss med den. Det vart det absolutt ingenting av, for ei ørn – ja, rovfuglen – kom med eit stupåtak og tok softisen frå reisefølgjet. Eg kasta min is frå meg og sprang til helvete vekk derifrå...

Diverre har vi ingen bilete av ørneåtaket, så her er ein delfin:
CIMG4371-kopi-copy.jpg

Litt utpå ettermiddagen tok vi turen tilbake til Tokyo for ein betre middag.
 
Sist redigert:
Dagstur til Hakone:
Knappe ti mil frå Tokyo ligg Hakone som utgjer ein del av nasjonalparken rundt fjellet Fuji. Vi ønskte å kome oss opp i høgda. Frå jarnbanestasjonen går det diverse transportmiddel oppover i høgda:
CIMG4378-copy.jpg

Området er fint, då:
CIMG4382-copy.jpg
 
Sist redigert:
Det siste strekket gjekk med taubane, men diverre var det så vindete at dei rett og slett hadde stoppa taubanen. Det hadde nok vorte litt av ei huskestue med vindstyrke på kanskje 15 m/s i kasta der vi var. Lenger opp over tregrensa kan det ha vore endå freskare. Vi kom så langt:
CIMG4383-copy.jpg

Litt slukøyra vendte vi tilbake til Tokyo. Grunna dårleg førehandssjekking hadde vi brukt litt mykje tid hit, så dagen gjekk litt fortare enn vi hadde tenkt.
 
Dagstur til DisneySea:
Små og store ungar, gløym Disney World og EuroDisney og kva det no heiter alt saman. DisneySea utanfor Tokyo er plassen! Her er det små og store adrenalinframprovoserande berg-og-dalbanar og mykje meir. Vi koste oss!

CIMG4418-copy.jpg

CIMG4420-copy.jpg
 
Dagstur til Hakone:
Knappe ti mil frå Tokyo ligg Hakone som utgjer ein del av nasjonalparken rundt fjellet Fuji. Vi ønskte å kome oss opp i høgda. Frå jarnbanestasjonen går det diverse transportmiddel oppover i høgda.
Hvordan booket dere turen? Vi skal til Tokyo i september og har dagstur til Hakone på planen.
 
Tilbake
Til toppen