Reisebrev: Langs landevegen (bestemt form eintal) i Aust-Finnmark (Varangerhalvøya)

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 11. aug 2020.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,550
    Likes mottatt:
    37,127
    Bonuspoeng:
    293
    Kibergneset
    Etter å ha vorte klokare på norsk partisanverksemd meiner eg at du bør ta deg tid til å sjå på restane av det som partisanane kjempa i mot – Kiberg kystfort (tys.: Marinen Küstbatterie 8./MAA 513 Kiberg Nes) som ligg på Kibergneset (sam.: Bierggenjárga).

    Kiberg fort ligg i eit naturskjønt, men barskt område. Frå kanonstillingane er det berre 60–70 km over til Russland. På det meste var det rundt 700 tyske soldatar her i 1943–1944.

    Her kan du jamvel gå inn i tunnellane og bunkerane som nazistane etablerte. Kor tilrådeleg det er å gå langt inn er vel i beste fall diskutabelt. Pass på hovudet, det er lågt under taket! Ikkje spør meg korleis eg veit det...

    0059.jpg
    Det ligg ein bunker heilt på toppen over snøen der

    0057.jpg
    Kanonstilling med ny funksjon

    0058.jpg
    Kanonstilling med god utsikt

    Området Kiberg og Vardø ligg ved eit hav dei færraste frå andre plassar har høyrd om, nemleg Austhavet (lokalavisa for Vardø og Kiberg heiter Østhavet). Austhavet utgjer dei kystnære (til Finnmark) delane av Barentshavet.
     
    Last edited: 17. aug 2020
    Flymunda, Earl, drsyk and 9 others like this.
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,550
    Likes mottatt:
    37,127
    Bonuspoeng:
    293
    Eit musikalsk sidesprang (2/2)
    Medan vi køyrer frå Kiberg til Vardø, vårt neste stopp, tenkte eg å delte to songar. Her er altså det andre, og siste, musikalske sidespranget i dette reisebrevet.

    Denne gongen innrømmer eg at du, om mogleg, møter eit endå smalare musikalsk segment enn det vi var innom i det førre sidespranget, men heldigvis kan du dra direkte til Vardø om du vil.

    Sidan Kiberg har stått i krigens teikn og handla om det nære bandet mellom Aust-Finnmark og Kolahalvøya må vi leggje inn to russiskspråklege songar på spelelista vår der vi suser over Domen, ein fjellovergang [sic] på efne 125 m.o.h.
     
    Last edited: 17. aug 2020
    Flymunda, Earl, drsyk and 4 others like this.
  3. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,550
    Likes mottatt:
    37,127
    Bonuspoeng:
    293
    Den heilage krig
    For nokre tiår tilbake, rundt fem–seks slike, var det vanleg å høyre russisk korsong på NRK radio. Det har gått litt av moten, kan vi vel seie. Likevel tek eg sjansen på å by på akkurat dette, her og no.

    Slik byrjar songen 'Den heilage krig':
    Reis deg, du enorme land,
    reis deg til dødskampen
    med den mørke fascistkrafta,
    den helvetes horden!



    Musikk til ettertanke...
     
    Flymunda, Earl, drsyk and 4 others like this.
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,550
    Likes mottatt:
    37,127
    Bonuspoeng:
    293
    Døde matrosar søv ikkje
    For lenge sidan dukka det opp ein song på 'lokalradioen' (FM 103,6 mHz, Bol'sjoe radio, sjølvsagt) som eg likte veldig godt. Som ein overgang til det meir kulturelle bandet mellom Aust-Finnmark og Nordvest-Russland synst eg denne passar.

    Slik byrjar songen 'Døde matrosar søv ikkje':
    Kven kunne ha sagt at vi kom til å møtast under denne stjerna?
    Eg har ikkje sett på klokka, eg trudde eg hadde døgnbillett.
    Pass på deg sjølv, bruk ikkje all gifta di på meg.
    Alt har allereie skjedd. Døde matrosar søv ikkje.



    Og slik sluttar same song:
    Hadde eg kunne vite kva skjebnen hadde i sinne for meg
    hadde eg rissa namnet ditt inn på mitt bryst;
    alt skjedde så fort, eg minnast ikkje ein gong andletet ditt,
    no forstår eg, men døde matrosar søv ikkje,
    døde matrosar søv ikkje.


    0060.jpg
    På veg til Vardø
     
    Last edited: 13. juni 2024
    Flymunda, Earl, drsyk and 7 others like this.
  5. Berlioz

    Berlioz Gammel? Jeg??

    Innlegg:
    2,149
    Likes mottatt:
    15,298
    Bonuspoeng:
    183
    Meget pluss og stjerne. Dette reisebrevet fortjener et bredere publikum!
     
    Eddie47 and Kristian like this.
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,550
    Likes mottatt:
    37,127
    Bonuspoeng:
    293
    Tiande stopp: Vardø
    Etter Kiberg går E75 over det som i austfinnmarksk samanheng må sidestillast med dei verkeleg vêrutsette fjellovergangane i Sør-Noreg. Domen stikk berre 125 meter opp over havoverflata, men vi er mange som har køyrd over der vinterstid og vore sjeleglade for at brøytestikkene står såpass tett.

    0065.jpg

    Når du kjem over Domen ser du kjapt eit landemerke:
    0066.jpg
    Kuppelen på radaren i Vardø

    Noregs austlegaste by er Vardø (sam.: Várggát; kve./fin.: Vuorea). Byen hadde på slutten av 1970-talet rundt 4 200 innbyggjarar, men etter at meir og meir av fiskeforedlinga byrja å skje ute på havet ombord i fabrikktrålarar har det gått kraftig tilbake og no er det så vidt over 2 000 menneske igjen i byen.

    Somme av oss hugsar NRKs dokumentarserie 'Snøballkrigen':


    Er det verkeleg verdt å ta turen til ein nærmest 'avfolka' by omtrent så langt vekk frå dei sentrale delane av landet som du kan komme?

    Ja, dra til Vardø for å sjå mellom anna:
    – Pomormuséet
    – Steilneset
    – Drakkar
    – Vardøhus festning

    Sjølv ein søring som Elin Ørjasæter har latt seg begeistre av Vardø og området rundt skal vi tru dette innlegget.
     
    Flymunda, Lnbre, Earl and 7 others like this.
  7. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,550
    Likes mottatt:
    37,127
    Bonuspoeng:
    293
    Pomormuséet i Vardø
    Ein glimrande plass for å lære litt om dei tette banda mellom Finnmark og Nordvest-Russland er Pomormuséet (rus.: Поморский музей (Pomorskij muzej)).

    Ordet pomor betyr 'ved havet' (ordet 'море' ('more') på russisk betyr 'hav') og blir brukt når det er snakk om samkvemet mellom nordmenn og russarar i området frå Arkhangel'sk i søraust til Tromsø i nordvest (sånn omtrent).

    Utstillinga på Pomormuséet er tradisjonell, men her er det akkurat nok informasjon til å forstå korleis det oppstod tette band mellom Russland og Noreg her i nord.

    0061.jpg
    I denne bygninga i Vardø ligg Pomormuséet

    0062.jpg
    Ein liten del av utstillinga på Pomormuséet

    Muséet tar for seg både pomorhandelen og ikkje minst historia om kolanordmennene. Ein forstår kor tette banda var mellom Aust-Finnmark når ein ser tidtabellane for rutebåtane mellom Vardø og verdsmetropolar på russisk side som Tsypnavolok og Aleksandrovsk (i dag Polyarnyj):
    0064.jpg

    Meir om nordmennene som emigrerte til Fiskerhalvøya i denne NRK-artikkelen, ei etter mi meining svært interessant historie, men så er eg kanskje litt nerdete av meg.

    0067.jpg
    For dei geografisk utfordra: Vardø ligg der oppe i øvre kant, Fiskerhalvøya er markert med raud pil, like til høgre ligg staden Tsypnavolok og nedst til venstre ser du Polyarnyj (som tidlegare heitte Aleksandrovsk)

    Vi følte oss begge litt klokare etter å ha vore på Pomormuséet. Ta turen innom du, òg!




    .
     
    Last edited: 17. aug 2020
    Flymunda, Lnbre, Earl and 10 others like this.
  8. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    14,918
    Likes mottatt:
    874,529
    Bonuspoeng:
    293
    Fantastisk @Kristian , denne reise beretningen burde vært obligatorisk for den oppvoksende slekt. Vi her i sør har en tendens til å riste litt på hodet når russiske gateskilt i Kirkenes, men som du klart får frem så har det i uminnelige tider vært handel og trafikk over grensene som sør i landet.

    I tillegg får det i alle fall meg til å tenke at der skulle vi også vært. Det kan hende at disse kinesiske flaggermusene får oss til å tenke lenger enn til Trøndelag og Helgeland og da kommer vi et annet år.
    Det er egentlig mer fascinerende å lese denne beretningen enn andre fantastiske reisebrev du har skrevet f.eks Sør-Amerika og Færøyene ..
    Du får meg også her til «å se» landskapet og «kjenne luktene».

    Er du ansatt på turistkontoret for Varangerhalvøya? I alle fall burde du fått et klekkelig honorar!

    TAKK
     
    Kristian, Pointless, Lnbre and 6 others like this.
  9. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,550
    Likes mottatt:
    37,127
    Bonuspoeng:
    293
    Takk, det varmar :) Publikummet treng ikkje å vere så stort så lenge det er trivsel å spore blant lesarane :)
     
    Last edited: 16. aug 2020
    Grooo and Berlioz like this.
  10. OttoL

    OttoL Veteran

    Innlegg:
    4,364
    Likes mottatt:
    12,513
    Bonuspoeng:
    183
    Høyt nivå! Om ikke en eller annen rabiat ordfører innfører forbud mot søringer (forresten har pandemien vist at lokaldemokrati er noe vi ikke trenger her til lands), er planen å ta akkurat denne turen neste år. Var faktisk planen før jeg leste gjennom tråden, men reiselysten fikk ikke akkurat et skudd for baugen med å lese dette.

    Og hvem vet, kanskje jeg nonchalant går rett forbi deg på enten VAW, VDS eller KKN neste sommer (litt intern forumhumor..)
     
    Berlioz, Kristian and Eddie47 like this.
  11. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,550
    Likes mottatt:
    37,127
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for varmande ord, @Eddie47!

    Dette har du heilt rett i og vi ser her kanskje den storpolitiske dimensjonen slå ned i Aust-Finnmark. La meg utdjupe litt:

    Eit historisk sidesprang: Den finske og raude fare
    Heilt sidan Noreg gjorde krav på området for mange hundre år sidan har innvandring og/eller samkvem med nabolanda delvis vorte sett på som ein fare for norsk sjølvråderett her i Aust-Finnmark (og kanskje Finnmark generelt).

    Først var det dei finske innvandrarane som var skumle, så oppdaga styresmaktene sørpå at det var tette (familie)band til Russland. Etter kvart som 'den raude fare', kommunismen, kom på moten etter år 1900 vart dette skumlare og skumlare.

    Somme av partisanane frå Kiberg (og andre plassar) vart høgt dekorerte krigsheltar i Sovjetunionen, men etter krigen vart dei definert som potensielt utanlandske spionar og Politiets overvakingsteneste (POT (i dag PST)) laga tjukke 'mapper' på mange i Aust-Finnmark, skal vi tru rapporten frå Lund-kommisjonen.

    Det er ikkje lenge sidan det kom fram påstandar om at PST meiner at finnmarkingar er illojale mot Noreg og Russland-venlege, ei sak som kanskje var meir av ein storm i eit vassglas, men likevel eit døme på at Aust-Finnmark er eit område som inngår i internasjonal storpolitikk, sjølv om det som skjer her kan virke smått og lokalt.

    NRK P2 sendte i 2019 ein dokumentarserie som heiter 'Russegrensa'. Eg meiner å hugse at dette var både informativ og spennande lytting. Vel verdt om ein ønskjer å få meir kunnskap om området som dette vetle reisebrevet er henta frå.

    0068.JPG
    Måser held til tett ved Pomormuséet i Vardø
     
    Last edited: 16. aug 2020
    Flymunda, Earl, drsyk and 6 others like this.
  12. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,550
    Likes mottatt:
    37,127
    Bonuspoeng:
    293
    Takk, takk!
    Det er små forhold her i Gokk, vi fastboende ser når det er 'nye' i byen, og da glaner vi såpass hardt og lenge at du neppe slipper unna med din nonsjalante gange...
    Velkommen nordover. Fyr av spørsmål som kan gjøre planleggingen noe mer presis når den tid kommer :)
     
  13. Travellingalf

    Travellingalf Ut på tur - aldri sur Moderator

    Innlegg:
    5,701
    Likes mottatt:
    10,255
    Bonuspoeng:
    293
    Atter ett strålende reisebrev fra den karen! Tusen takk for at du tar deg tiden og arbeidet med å dele med oss!
     
    Kristian liker dette
  14. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    16,208
    Likes mottatt:
    33,720
    Bonuspoeng:
    293
    Herlig Kristian :).
    Det gledes til å se noe av det du har reklamert for :).
     
    Kristian liker dette
  15. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,550
    Likes mottatt:
    37,127
    Bonuspoeng:
    293
    Drakkar
    Då vi var ferdige på Pomormuséet køyrde vi (nesten fram) til Drakkar. Vi kunne ha gått, men det hadde kome vêromslag, så vinden hadde surna kraftig og det var regn i lufta. Det var rett nok ikkje verre enn at vi her åt lønsjen vår ute.

    Kvifor skal du ta deg bryet verdt med å sjå eit kunstprosjekt laga av ein gjeng frå Arkhangel'sk ved sørsida av Kvitsjøen i Russland? Vel, sjeldan har du sett makan og Drakkar passar til omgjevnadene.

    20200718_143627.jpg
    Drakkar i Vardø

    20200718_144157.jpg
    Drakkar, halvt vikingskip, halvt kval

    Frå Drakkar kan du følgje vegen vidare utover til Skagodden, ein fin tur. Vi bestemte oss for at vi ville søkje ly for vêret og då vart Steilneset neste punkt på programmet.
     
    Flymunda, Earl, drsyk and 3 others like this.
  16. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,550
    Likes mottatt:
    37,127
    Bonuspoeng:
    293
    Steilneset minnestad ('Heksemonumentet')
    Heksemonumentet, Steilneset minnestad, gjester du ikkje på tom mage eller når du har dårleg tid. Her kan du lese dommane mot 91 personar som vart dømde til døden for trolldom på 1600-talet.

    Dette besøket var vel mitt femte eller sjette. For kvart besøk har eg lese meg lenger og lenger inn i materien. Først denne gongen kom eg til den siste dødsdømde.

    Steilneset er etter mitt syn ein mektig minnestad over lagnaden til 91 dødsdømde menneske, mange av dei innrømde skuld etter tortur, fleire av dei dømde var av samisk slekt.

    Det er lett å lese rettsreferatstekstane, for det du gjere her, med 2020-auge, men prøv å setje deg inn i tankesettet til 1600-talsmennesket. Det er kanskje umogleg, men prøv likevel.

    Trolldomsprosessane i Finnmark var ikkje unike, liknande rettssaker skjedde over heile Europa på 1600-talet, men i Finnmark, spesielt i Vardø, var trolldomsprosessane 'ekstra grundige', for å seie det slik.

    Steilneset er ope døgnet rundt heile året med gratis entré.

    0072.jpg
    Steilneset, ein lang gang med dødsdømde...

    0073.jpg
    I dag gir flammen varme, før vart folk brende

    Døme på rettssaktekst:

    Maren Mogensdatter
    Ført for retten på Vardøhus 28. november 1662.

    Anklaget for trolldomsutøvelse.

    Bekjente
    - at hun lærte trolldomskunst av Clare, en gammel kvinne i Vardø, som var død
    - at hun fikk [trolldoms]kunsten inn gjennom en drikk øl
    - at alt forandret seg da hun hadde drukket ølet, og hun fikk to ganger stikking i hodet
    - at den slemme Satan tre uker etter kom til henne i en sort hunds skikkelse
    - at Den Onde spurte om hun ville tjene ham og forsverge Gud i himmelen
    - at hun til gjengjeld ble lovet alt hva hun ønsket av sin gud, som het Samuel
    - at hun noen dager etter prøvde [trolldoms]kunsten på et av sine lam
    - at hun spyttet på lammet i Den Ondes navn og sa: 'Sprekk i to i Fandens navn!'
    - at Djevelen sa til henne at hun skulle begi seg i selskap med andre trollkvinner
    - at hun, Maritte og Maren kastet trolldom over en nordlandsbåt
    - at hun da var omskapt som en hund, Maritte som svane og Maren som kråke
    - at de gjorde det fordi mannskapet hadde satt ut rykte i Vardø om at hun var en trollkvinne
    - at hun var på trollkvinnesamling på fjellet Domen sammen med Maritte og Maren
    - at de danset mens Satan spilte fele for dem, og han skjenket dem øl av en skål

    Ført for retten igjen på Vardøhus 1. desember 1662 og bekreftet sin bekjennelse.

    Kjent skyldig i bruk av trolldom.

    Dømt til ild og bål.
     
    Flymunda, Earl, Eddie47 and 5 others like this.
  17. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,550
    Likes mottatt:
    37,127
    Bonuspoeng:
    293
    Vardøhus festning
    Det er ikkje store avstanden frå Steilneset bort til Vardøhus festning. Dette er verdas nordlegaste og Noregs austlegaste festningsverk.

    Etter å ha lese så auga vart stort og vått – av fleire grunnar – på Steilneset tok vi turen bort til Vardøhus festning. Grunna det sure vêret brukte vi ganske kort tid her. Dessutan var sjølve muséet stengt grunna oppussing, så ingen av utstillingane var tilgjengelege.

    0074.jpg
    Vardøhus festning
     
    Flymunda, Earl, Eddie47 and 5 others like this.
  18. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,550
    Likes mottatt:
    37,127
    Bonuspoeng:
    293
    Loding i Vardø
    Vanlegvis er Vardø hotell ein glimrande plass for å få seg litt mat. Vi prøvde, men det viste seg at der var døra lukka og låst. Heldigvis var vi utrusta med matpakke, så vi var ikkje akkurat dødsdømde...

    Vardø er perfekt for ein liten runde med loding. Å lode er eit nordnorsk uttrykk (eg har det frå Yttersida i Troms) og er ein slags blanding av det å råne og det å vere på nysgjerrigtur. Sidan det var knappe 10 grader med vind og regn, så vart dette for oss ei perfekt løysing.

    Vi køyrde rundt omkring i gatene og såg på dei mange fråflytta husa, dei mange bygningane som er pynta med gatekunst og gjorde oss opp tankar om det vi såg og hadde vore gjennom så langt denne dagen.

    0075.JPG
    Solskinsbilete frå Vardø

    0069.jpg
    Eit lite kart over Vardø

    Etter drygt kvarter hadde vi køyrd gjennom det meste av Vardø og var klare for eit nytt eventyr. Vi hadde tankar om å sjå om det var mogleg å ta turen til fugleberget på Hornøya, men sidan vi hadde vore på Ekkerøy, så tok vi turen vidare frå Vardø i retning Båtsfjord kommune.
     
    Last edited: 17. aug 2020
    Flymunda, Lnbre, Pointless and 8 others like this.
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,550
    Likes mottatt:
    37,127
    Bonuspoeng:
    293
    Å, det er då så lite :) Eg er takknemleg for at herren orkar å myse litt på dette skribleriet innimellom :)
     
    Travellingalf liker dette
  20. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,550
    Likes mottatt:
    37,127
    Bonuspoeng:
    293
    Takkar! Forhåpentlegvis blir det ikkje altfor lenge før Aust-Finnmark får gleda av å ha herren som gjest!
     
    RoadKing liker dette

Del denne siden