Reisebrev: Langs landevegen (bestemt form eintal) i Aust-Finnmark (Varangerhalvøya)

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 11. aug 2020.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Nok eit avvikarstopp: Fottur ut frå Persfjorden
    Etter å ha gjort Vardø utrygge bestemte vi oss for å starte på vegen ut til Hamningberg. Litt meir om den vegen etter kvart. Først tar dette reisebrevet ein liten avstikkar til fots med Persfjorden som utgangspunkt.

    0080.jpg
    Litt geografisk støtte

    Ein dag då skodda hang tjukk over sørsida av Varangerhalvøya bestemte eg meg for å køyre meg ein tur i håp om å finne eit litt meir attråverdig vêr. Det såg ikkje spesielt lyst ut då eg kryssa Domen:
    0085.jpg
     
    Flymunda, Earl, drsyk and 3 others like this.
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Frå Persfjorden langs Vesterelva
    Inst i Persfjorden (sam.: Biesavuotna) munnar Vesterelva (sam.: Jonnejokha) ut. Etter å ha kryssa Domen gjennom ei einaste stor skoddesky opna verda seg opp. Vel framme ved munningen av Vesterelva såg ting langt lysare ut.

    0081.jpg
    Vesterelva ved Persfjorden

    På austsida av elva går det ein sti som følgjer elva eit stykke oppover. Her er det berre å gå så lenge du lystar. Merk at igjen er det ikkje telefondekning så du må kunne finne tilbake til folk på eiga hand.

    Terrenget er lettgått og det einaste aberet er at du kan få lyst til å krysse Vesterelva og dermed risikere å måtte vasse litt, men etter nokre få kilometer oppover dalføret vinn du litt høgde og då ser du langt.

    0082.jpg
    Nedst ved Persfjorden

    0083.jpg
    Gå dit nasen peiker!

    0084.jpg
    Ein pust i (eller på) bakken
     
    Last edited: 16. aug 2020
    Flymunda, Lnbre, Earl and 8 others like this.
  3. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Ikkje eigentleg eit stopp: Hamningbergvegen
    Frå Svartnes ved Vardø går det ein veg i retning Båtsfjord kommune. I enden ligg bygda Hamningberg, men meir om denne seinare.

    0086.jpg
    Hamningbergveien

    Vegen mellom Vardø og Hamningberg er ein attraksjon i seg sjølv. Ikkje sjølve ingeniørkunsten som er lagt ned for å få asfalt på dette reintråkket, men landskapet vegen tar deg gjennom.

    Dersom du først er på Varangerhalvøya er Hamningbergvegen noko du absolutt bør ta deg tid til. Strekninga er på rundt 40 km éin veg. Dette er ein blindveg så du må tilbake.

    Reisefølgjet på denne køyreturen var ut ifrå Internett og andre kjelder ikkje heilt overtydd om at dette var noko vi burde gjere, men eg sa at dette er absolutt noko du ikkje finn mange andre plassar i Kongeriket Noreg.
     
    Flymunda, Lnbre, Earl and 6 others like this.
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Eit lite knippe bilete frå Hamningbergvegen
    Diverre har eg ikkje mange ferske bilete frå denne vegstrekninga, så her har eg måtte ty til arkivet.

    0087.JPG
    Ikkje berre gråstein på dette biletet

    0088.JPG
    Hamningbergvegen, eit hytteparadis for vardøværingane

    0089.jpg
    Minnesmerke over partisanar som vart drepne under andre verdskrigen. Kåre Øien var fødd på Tsypnavolok på Fiskerhalvøya. Håkon Halvari og Oskar Johnsen var begge fødd i Kiberg. Minnesmerket vart avduka i 2018

    0090.JPG
    På veg til (eigentleg frå) Hamningberg

    0091.JPG
    Endå litt meir hytteliv
     
    Last edited: 17. aug 2020
    Flymunda, Earl, Lnbre and 8 others like this.
  5. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Tolvte stopp: Hamningberg
    Heilt ute for seg sjølv ligg Hamningberg (sam.: Hámbierge). I 1940 budde det 700 personar i dette fiskeværet. I dag bur det ingen her. Bygda ligg tett innpå fiskefelta i Barentshavet, men manglar ei god hamn. Etter andre verdskrigen gjekk folketalet ned og det å byggje ei trygg hamn i det vetle fiskeværet vart i Stortinget trenert ei stund før det vart vedtatt å gi innbyggjarane ein pengesum i kompensasjon for å flytte frå Hamningberg i 1965.

    0094.jpg
    Vêret kan vere stygt i Hamningberg

    Sidan Hamningbergvegen er vinterstengd er bygda i dag ein ferieplass. Det spesielle med denne plassen er at han ikkje vart offer for 'den brente jords taktikk' då nazistane trekte seg ut av Finnmark i 1944.

    0092.JPG
    Hamningberg

    0093.JPG
    Hamningberg

    Om sommaren er det både kafé og restaurant i Hamningberg, men opningstidene må du sjekke på førehand. Vi kom såpass seint at både kafé og restaurant var stengde, men vi tusla litt rundt og åt opp resten av nista vår. Til vår store glede gav regnet seg og sola kom fram. Trur du jaggu ikkje at vinden stilna av, òg!

    0095.jpg
    Kveldssol ein stad ved Hamningbergvegen
     
    Last edited: 17. aug 2020
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Varangerhalvøya: Det er ikkje slutt enno
    No har vi køyrd rolege 170 km frå Varangerbotn.

    0096.jpg
    Nesten alle stoppestadane i dette reisebrevet

    Kjære lesar, eg reknar med at du no hadde ønska at det var slutt, men som den raringen eg tek eg med to ekstranummer for å presentere endå litt meir av Varangerhalvøya:
    – 1) Bilete frå ein fottur på tvers av halvøya
    – 2) Eit knippe bilete frå halvøya i rufsevêr
     
    Flymunda, Earl, drsyk and 4 others like this.
  7. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Ekstranummer #1: Varangerhalvøya på tvers
    I august 2018 fekk eg skyss nesten til Oardojávri (nor.: Ordo) som ligg på Båtsfjord-/Kongsfjordfjellet. Derifrå gjekk eg til fots rett sørover til Vadsø, ein rusletur på ein stad mellom 60 og 70 kilometer (eg har aldri sjekka). Turen medførte to netter i telt. Vandringa blir her presentert i bilete.

    0107.jpg
    Litt geografisk hjelp

    Turen gjekk gjennom svært lettgått terreng og eg brukte vanlege joggesko nesten heile turen. Ved elvekryssingar tok eg berre av meg skoene og vassa over. Det finst ikkje skog på Varangerhalvøya så primus er einaste alternativ for å få varma seg noko som helst. Ved finn du ikkje. Ei heller telefondekning. Ikkje folk heller, for den saks skuld...

    0100.jpg
    Ved Oarddojávri nokre kilometer etter oppstart

    0101.jpg
    Fornøgd turkompis held oppsyn

    0102.jpg
    Ein passe kaotisk leir ein stad på vidda

    0103.jpg
    Vidsyn i alle retningar, stø kurs sørover

    0104.jpg
    Folketomt, heilt åleine i tre dagar

    0105.jpg
    Spor av menneske, i beste fall ei naudbu

    0106.jpg
    Varangerfjorden kjem til syne, berre 10 km igjen

    Vi var heldige med vêret.

    Om du er interessert kan du få meir detaljert informasjon om rutevalet. Send meg berre ei direktemelding, så skal eg prøve å svare etter beste evne.
     
    Last edited: 16. aug 2020
    Flymunda, Lnbre, Earl and 10 others like this.
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Ekstranummer #2: Ruskevêr på Varangerhalvøya
    Reisebrevet har så langt vist veldig mange godvêrsbilete. For å balansere litt har eg funne fram nokre bilete frå arkivet som tyder på at det kan vere litt annleis til tider. Sjølvsagt måtte eg leite med lys og lykte, men det gjekk – til slutt!

    0110.jpg
    Etter ein desemberstorm sat snøen fast overalt

    0113.jpg
    Ein ruskete kveld i slutten av mars

    0111.jpg
    Ein junidag i 2017

    0112.jpg
    Same junidag i 2017

    0114.JPG
    Sola viser seg i januar, men vinden flyttar på snøen

    0115.jpg
    Det er sjølvsagt flest slike dagar, her frå Ekkerøy

    ***

    Med dette set eg punktum for dette reisebrevet som har vist fram ein del av det sør- og austsida av Varangerhalvøya har å by på. Det vart mykje natur og ein god del historienerding, men dersom du, gode lesar, har kome så langt, må vi konludere med at du er i live – og det kunne ha vore verre.

    Takk for følgjet!

    Pax et bonum (eller pax med bonus som kanskje høver betre her på IF)!
     
    Flymunda, Lnbre, Bolle and 13 others like this.
  9. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    15,650
    Likes mottatt:
    32,498
    Bonuspoeng:
    293
    Neida, skal opp og besøke svoger’n om 14 dager.
     
    Kristian liker dette
  10. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    15,650
    Likes mottatt:
    32,498
    Bonuspoeng:
    293
    Vet du hvorfor?
     
  11. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Bygda Bugøynes på sørsida av Varangerfjorden vart ikkje brent ned då Nazi-Tyskland trekte seg ut av Finnmark i 1944 fordi lokalbefolkninga stilte med båtar for å frakte vekk soldatane og seg sjølv. Til gjengjeld skulle ikkje husa bli brent. På dette tidspunktet stod Den raude armé berre nokre få mil unna Bugøynes.

    Når det gjeld Hamningberg sprengde nazistane sitt eige kystfort, men tok seg ikkje tid til å evakuere andre enn seg sjølv. Husa og folket vart verande igjen. Det kan altså sjå ut til at Hamningberg vart berga av at Nazi-Tyskland plutseleg fekk det travelt med å kome seg vekk.
     
    Flymunda, Earl, drsyk and 3 others like this.
  12. paron

    paron Senior Medlem

    Innlegg:
    517
    Likes mottatt:
    2,675
    Bonuspoeng:
    93
    Tusen takk for nok et fantastisk reisebrev!
    Som andre her nevner, burde dette gjøres tilgjengelig for et bredere publikum.
    Detaljert og godt dokumentert beskrivelse fra det egentlige Østlandet.

    For min del ble det et flott gjensyn av et område jeg besøkte en del da jeg som ung jobbet i Austertana. Den gang gikk det ferge over til Vardø:)
    Jeg har også besøkt området ved et par senere anledninger.
     
    Kristian liker dette
  13. Sonictravel

    Sonictravel Veteran

    Innlegg:
    2,617
    Likes mottatt:
    24,715
    Bonuspoeng:
    183
    Tusen takk for et spennende reisebrev!
     
    Kristian liker dette
  14. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    3,416
    Likes mottatt:
    18,397
    Bonuspoeng:
    183
    Herleg Kristian, tusen takk for at du tok deg tid og deler med oss! :)
     
    Kristian liker dette
  15. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Takk-takk, det varmar! No har eg vurdert å sende reisebrevet som ei PDF-fil til mor og far, så det er jo i alle fall ei forsiktig utviding av publikumsgrunnlaget... :rolleyes:

    Ja, med fokus på Nordaustlandet (ikkje la deg bli forvirra av svalbardsk geografi akkurat no), så får Søraustlandet (altså Sør-Varanger) bli presentert ved eit seinare høve.

    Det er kanskje så mange som tenkjer på det, men dersom du er på Varangerhalvøya er du lenger aust enn Istanbul, som jo blir rekna som porten til Austen, i alle fall porten til Orienten.

    Du får ta ein ny tur nord(aust)over :)
     
    paron liker dette
  16. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Takk og velkommen nordaustover! :)
     
  17. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for at du tok deg tid til å myse på alle desse bokstavane som eg har prøvd å samle til meir eller mindre fornuftige grupperingar. Du treng nok litt kvæfjordkake for å få opp blodsukkernivået no! Velkomen nordover, eg skuldar deg ein læskedrikk! :)
     
  18. Berlioz

    Berlioz Gammel? Jeg??

    Innlegg:
    1,892
    Likes mottatt:
    12,780
    Bonuspoeng:
    183
    Enhver pedagog vet at intet slår informative fakta presentert på fengende måte. Forfatteren scorer høyt på begge områder.
    For å ta litt "names dropping" var forfatteren og vi (eksforlovede og yours truely) på quizkveld på Opticom sist fredag. Vi scoret bra der også, spesielt takket være nevnte forfatters musikkompetanse.
     
    Kristian liker dette
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for det! Og vi fekk svaret, reisebrevet brukte lenger tid til Hamningberg enn @Berlioz med eks-forlovede :)

    Det var ein god laginnsats som gjorde at vi kom på 5. plass. Det kunne ha gått så mykje verre med tanke på at det var med 17 lag :D
     
    Berlioz liker dette
  20. Lnbre

    Lnbre Senior Medlem

    Innlegg:
    507
    Likes mottatt:
    4,639
    Bonuspoeng:
    93
    Tusen takk for svært interessant reisebrev. Som ivrig fuglekikker har jeg vært på en rekke turer i dette området og vil påstå at jeg er godt kjent der. Men med dette reisebrevet fikk jeg mye ny kunnskap som gjør at jeg gleder meg ekstra mye til neste tur dit, trolig i juni neste år.
     
    Kristian liker dette

Del denne siden