Reisebrev: Langs landevegen (bestemt form eintal) i Aust-Finnmark (Varangerhalvøya)

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 11. aug 2020.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Vadsøya
    Eg vil påstå at austsida av Vadsøya er ei lita perle. Frå hotellet går du hit på eit lite kvarter, med mindre du finn ut at du skal styrke deg med ein kaffitår og litt bakverk på Hildonen bakeri før du kjem deg ut til øya.

    Vestsida av Vadsøya er prega av den nedlagde sildoljefabrikken og kaiområdet der Hurtigruten legg til kai. Vadsø er stoppestad for nordgåande hurtigrute kvar dag og nest siste stopp før Kirkenes. Sørgåande hurtigrute går direkte frå Kirkenes til Vardø.

    På austsida av Vadsøya kan du gå ein fin runde der du kan sjå bustadsrestar heilt tilbake til 1400-talet. Informasjonstavler fleire stader fortel om historia til området. Det mest dominerande her er kanskje luftskipsmasta:
    0026.jpg
    Luftskipsmasta på Vadsøya

    På denne delen av Vadsøya er det òg eit yrande fugleliv, særleg i mai, juni og juli. I lag med Ekkerøy og ikkje minst Hornøya ved Vardø utgjer Vadsøya ein del av eit fuglekikkermekka som lokkar ganske mange tilreisande.
     
    Last edited: 12. aug 2020
    Lnbre, Stuttfeiten, Eddie47 and 8 others like this.
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    To fotturar med Vadsø som utgangspunkt
    Varangerhalvøya er etter mitt ringe syn eit nydeleg turområde. Landskapet er ope og gir eit vidsyn som det er vanskeleg å finne makan til her i landet. Ein liten smakebit av dette kan du få jamvel om du ikkje kjem deg ut av verdsmetropolen Vadsø.

    0030.jpg
    Turterreng rett ved Vadsø

    Her tar eg med to turar som har Vadsø som utgangspunkt: Den eine turen er ein fin kveldstur på inntil tre timar (du kan korta han ned til knappe timen om du vil), Den andre turen kan du gå på to–tre timar eller du kan utvide til å bruke heile dagen ute.
     
    Last edited: 15. aug 2020
    Flymunda, Lnbre, Stuttfeiten and 10 others like this.
  3. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    15,595
    Likes mottatt:
    32,413
    Bonuspoeng:
    293
    He, he, jeg slår deg nok med noen tiår tror jeg :)
     
    Kristian liker dette
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Så-så, itj skryt på dæ, din gutvott :D:D
    (men du har nok helt rett)
     
    Last edited: 12. aug 2020
    RoadKing liker dette
  5. Berlioz

    Berlioz Gammel? Jeg??

    Innlegg:
    1,876
    Likes mottatt:
    12,600
    Bonuspoeng:
    183
    Nordsiden av fjorden, min gode mann!
     
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Sørsida av Varangerhalvøya ligg vel på nordsida av Varangerfjorden...med mindre verdskartet står opp ned? :confused::)
     
    Stuttfeiten and Eddie47 like this.
  7. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Tur 1 ut fra Vadsø: Svanevannet, Silstadhaugen og Basis A
    Dette er ein runde som eg har gått mange gongar. Det er sjølvsagt mogleg å gå dette som tre separate turar, men òg som éin litt lengre runde. Eg vil tru avstanden totalt er på rundt 15 km i lettgått og nærmast flatt (og flott) terreng. Alle tre turane har same utgangs- og sluttpunkt, Vadsø skistadion.

    Vanlegvis ruslar eg først i retning austsida av Svanevannet som inngår i den populære 'Svanerunden'. Lett og ledig i steget over ein liten bekk og eit lite myrområde, begge plassar er det lagt ut klopper, og vidare langs ein tydeleg sti. Ein kan få vondt i augo av å sjå seg om:
    0027.jpg
    Svanevannet etter å ha gått rundt via austsida

    Du kan velgje å gå tilbake til Vadsø skistadion, noko eg tidvis gjer, men du kan gå opp på Silstadhaugen, ein mastodont av eit fjell på fryktinngytande 211 m.o.h. Utsikten blir ikkje verre etter kvart som du skrittar framover:
    0028.jpg
    Utsikt mot Basis A og Varangerfjorden frå Silstadhaugen

    No kan du igjen velje å ta turen ned til Vadsø stadion, men eg går helst den stilause strekninga rett over til Basis A, eit kartmålingspunkt som vart brukt før GPS kom til verda. Dersom du er i stand til å lese terreng bittelitt, unngår du å bli blaut på beina.

    0029.jpg
    Basis A, Varangerfjorden i bakgrunnen

    Fordi vinden her tørkar opp terrenget på kort tid og fordi det sjeldan regnar, så går eg nesten alltid denne turen (og mange andre) i heilt vanlege joggesko, ikkje nokon støveldans her, nei. Det fungerer stort sett feilfritt.
     
    Last edited: 16. aug 2020
    Lnbre, Earl, drsyk and 7 others like this.
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Tur 2 ut fra Vadsø: Nattfjelldalen
    Utgangspunktet for turen til Nattfjelldalen (sam.: Idjaávže) er ein parkeringsplass som ligg ved Sjåbuselva i enden av ein veg som etter finnmarksstandard ikkje er så verst. Etter søringstandard er dette i beste fall ein kjerreveg – spesielt etter regn.

    Det beste er å ta med bilen til denne parkeringsplassen som ligg knappe kvarteret frå Vadsø sentrum. Det er skilta til Nattfjelldalen frå E75.

    Etter å ha parkert bilen rusla vi i lettgått og nærmest flatt terreng innover mot Nattfjelldalen. Avstanden frå parkeringsplassen til der dalen startar er cirka 7 km – éin veg. Stien er nokså tydeleg merka.

    Det fine med òg denne turen er at du når som helst kan snu eller du kan utvide turen til å gå heilt inn til dalbotnen nedi dalen eller gå oppe på dalsidene og sjå ned dalen. Vi valde det siste for denne turen og vi angrar ikkje!

    Kan hende er det best å la bileta tale:
    0031.jpg
    Utsikt mot Nattfjelldalen

    0032.jpg
    Innover Nattfjelldalen

    0033.jpg
    Inst i Nattfjelldalen, her sett frå toppen av dalsida

    Vi gjekk rundt dalsida og kryssa elva som dannar fossen midt på biletet. Det går stort sett greitt å krysse elva, men mykje regn og/eller snøsmelting kan gjere at du må vasse over. Høyr med lokale turfolk for siste nytt.

    Denne turen vil eg tru er litt over 20 km lang, men sidan du går i svært lettgått terreng, stort sett, er dette kanskje meir overkommeleg enn 20 km ein del andre plassar. Okke som, du kan snu lenge før dalbotnen – og du kan gå heilt til Båtsfjord/Berlevåg (ein distanse på 70–80 km – éin veg).

    Denne dagen hadde vi med primus og pannekakerøre. Då vinden auka på litt, vart myggen mindre hissig og vips vart det ei triveleg stund med nysteikte pannekaker med blåbærsyltetøy som niste. Pannekakerøre på ei halvlitersflaske (eller tre) er rett og slett genialt!

    0034.jpg
    Utsikt frå området ved Nattfjelldalen mot Varangerfjorden

    Det var på ein slik dag akkurat i dette området at min far spurde:
    – Du har itj tænkt å fløtt sørover snart?

    Mitt svar var som så:
    – Døh, feil dag, pappa! Kæm kanj færra fra nåkka sånt?

    Far skjønte kva eg meinte – den dagen...
     
    Last edited: 17. aug 2020
    Flymunda, Lnbre, Earl and 10 others like this.
  9. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Sjuande stopp: Ekkerøy
    Neste stopp på vår køyretur frå Varangerbotn til Hamningberg er ein av mine absolutte favorittplassar her på Varangerhalvøya, spesielt i mai og juni, nemleg Ekkerøy (kve./fin.: Ekrea; sam.: Ikkuk).

    På veg ut av Vadsø byr Bol'sjoe radio på FM 103,6 mHz på ein fransk sviske, litt russisk hardrock og kanskje ein anglosaksisk popsong. Avstanden frå Vadsø til Ekkerøy er på rolege 15 km.

    0035.jpg

    På Ekkerøy bur det, om eg er litt forsiktig med tala, rundt 50 000 individ, kanskje fleire. Med andre ord er dette ein plass som koker av liv, i alle fall på forsommaren. Rundt 35 000 av innbyggjarane er krykkjer, ein liten måseart. I tillegg finn du ei stor mengde andre fugleartar her, spesielt i hekkesesongen som er frå seint i apri til tidleg i juli.

    For meg er Ekkerøy den plassen der eg møter våren, det skjer som oftast frå og med ein gong rundt månadsskiftet april/mai. Resten av Varangerhalvøya kan vere dekt av ei kvit kappe, men her ute ruskar vinden i fjorårsgraset og fuglane har det hektisk med å klårgjere alt for ein vellukka hekkesesong i fugleberget.

    Ta deg gjerne bryet med å rusle turen Ekkerøy rundt for å få 'nærkontakt' med fuglane. I sommarsesongen kan du endåtil ete god mat på Havhesten. På sommaren kan du òg ta turen innom Kjeldsenbruket som er ein del av Varanger museum, akkurat som Vadsø museum.

    Vi var ikkje svoltne og museet er ikkje ope no i 2020 fordi det er ei flaggermus ute og flyg verda over. Derimot gjekk vi Ekkerøy rundt, ein fin tur på rundt 6 km.

    0036.jpg
    Ekkerøy, som faktisk er ei halvøy

    0037.jpg
    Delar av fugleberget på Ekkerøy

    0038.jpg
    Krykkjas motorveg på Ekkerøy
     
    Last edited: 15. aug 2020
    Flymunda, Lnbre, Earl and 9 others like this.
  10. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Undervegs til neste stopp
    Den største utfordringa med å skrive dette reisebrevet er at eg må leite ein del i arkivet for å finne bilete av motiv som eg veit at eg har knipsa og derfor sjeldan knipser på ny.

    Vel, vi køyrde vidare frå Ekkerøy i retning austover. Her gjer vi ein stopp på vegen, nemleg ved Komagvær. Her skal vi igjen ut på tur. Først litt geografisk bistand:
    0042.jpg

    0040.jpg
    Eit nydeleg lite naust ved Krampenes

    0041.JPG
    Stranda 'mi' ved Krampenes – eg har bada her!

    Når du no køyrer E75 i retning Vardø vil du, med mindre snøstormen eller havskodda hindrar deg, sjå langt. Heilt i aust ser du kanskje konturane av Fiskerhalvøya som har vore heimen til mang ein nordmann på 1800-talet og heilt fram til andre verdskrigen. Framover ser du E75 som tar deg stadig nærmare Vardø og vestover ser du innimellom langt innover Varangerhalvøya heilt til Falkefjellet.
     
    Last edited: 15. aug 2020
    Flymunda, Lnbre, Earl and 7 others like this.
  11. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Eit avvikande stopp: Til fots i Komagdalen
    No tar reisebrevet ein ny avstikkar frå den køyreturen eg og ein ven hadde frå Varangerbotn til Hamningberg i juli 2020. Du kan suse forbi, men eg synst absolutt det er verdt å ta ein ekstra stopp for å rusle ein tur i Komagdalen (sam.: Stuorrajohka).

    Turen oppover Komagelvdalen er eit kinderegg av ekte austfinnmarksopplevingar:
    – 1) Grusvegrally på noko som sørpå i beste fall hadde vorte definert som eit kutråkk. Er du pysete blir du fort tatt igjen av eventuelle lokale heltar som peisar forbi så steinspruten står
    – 2) Rusletur i eit fredfullt, men barskt landskap
    – 3) Du får gleda av å krysse ei hengebru

    Ok, kanskje ikkje alle desse tre punkta er ekte austfinnmarksopplevingar, men du har sjansen til å møte alle tre punkta på denne turen.

    Korleis kjem du deg til utgangspunktet for turen? Like etter å ha passert kommunegrensa mellom Vadsø og Vardø går det ein uskilta grusveg til venstre. Krysser du Komagelva ved Komagvær har du køyrd for langt. Følg grusvegen omtrent ei mil innover til parkeringsplassen der du kan lese meir om området du er i på informasjonstavla:
    0043.jpg
     
    Last edited: 15. aug 2020
    Flymunda, Lnbre, Earl and 8 others like this.
  12. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Fottur i Komagdalen
    Turen inn til hengebrua der du kan krysse Komagelva er omtrent 9 km éin veg, altså 18 km tur/retur. Eg brukar å krysse brua og gå eit par kilometer vidare. Om du vil kan du gå via Bjørnskaret (sam.: Guovžagurra) heilt tilbake til Vadsø, men det er ein tur som er greitt å ha med telt til.

    Terrenget er igjen lettgått og stort sett tørt bortsett frå éi myr som du krysse, men eg tar av meg skoa der og krysser myra berrføtt. Slik kan eg gå turen i lette joggesko.

    For det meste går du i eit område som stort sett er utan telefondekning, parkeringsplassen likeså. Ein eller annan plass i dalen der slår det inn russisk mobilnett av og til.

    0044.jpg
    Starten av turen innover Komagdalen

    0045.jpg
    Elveløpet smalnar inn

    0046.jpg
    Hengebrua over Komagelva

    0047.jpg
    Reglar for å krysse hengebrua

    0048.jpg
    Ein velfortent pause ved elva

    0049.jpg
    Retur, i det fjerne ligg Varangerfjorden
     
    Last edited: 17. aug 2020
    Flymunda, Lnbre, Earl and 10 others like this.
  13. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Eit musikalsk sidesprang (1/2)
    Medan vi køyrer frå Komagvær til vårt neste stopp, Kiberg, så tenkte eg å dele litt musikk som vi lytta på. Dette er det første av to musikalske sidesprang i dette reisebrevet.

    Eg veit ikkje kva du tenkjer, kjære lesar, om følgjande påstand: Musikk kan skildre eller passe til det landskapet du ser rundt deg og du kan merke at musikken er laga for landskapet – eller at landskapet har forma musikken.

    Når eg køyrer rundt i Finnmark, stort sett her på Varangerhalvøya, så slår det meg at det er ikkje mange plassane her i landet eg ville ha leita fram samiskspråkleg musikk, men her gjer eg det.

    Under deler eg raust tre songar med deg som eg vil tilrå deg å leggje inn på spelelista di, dersom du er så moderne at det er noko du driv med.
     
    Last edited: 15. aug 2020
    Earl, drsyk, Stuttfeiten and 3 others like this.
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Vuoi vuoi mu
    Den første songen er av Mari Boine, ein bauta innan verdsmusikk og samiskspråkleg kulturformidling. Det er noko med røysta hennar og det musikalske uttrykket som passar veldig godt med landskapet her i området, kanskje som ein delvis kontrast, kanskje som noko anna.
     
    Flymunda, Earl, drsyk and 4 others like this.
  15. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Máze
    Song nummer to er framført av Isák, men det er vel ho Boine som opphaveleg har gjort den kjent. Joik generelt og denne songen spesielt er òg nærmast skreddarsydd for landskapet her i Aust-Finnmark, synst eg. Eg har ikkje ord for å forklåre det, men prøv sjølv, kanskje er eg på vidda.
     
    Last edited: 17. aug 2020
    Flymunda, Earl, drsyk and 4 others like this.
  16. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Finnmark
    Tredje og siste song er framført av rapgruppa Duolva Duottar. Dette er ein song som skildrar, etter mitt syn, Finnmark på mange vis, kanskje særleg sjølvironien og den barske humoren blant folket. Låta passer òg til finnmarksnaturen som, ikkje ulikt folk, er direkte og ikkje sjelden ganske råbarka, noko som det musikalske uttrykket òg gjenspeglar litt, kanskje.


    Vi kostar på oss å gjengi teksten til refrenget:
    Har du tatt veien langt, langt nord,
    kan du komme til plassen der saman bor,
    der kor reinsdyran løper omkring,
    du rister på hodet og skjønner ingenting.
    Kofta vi har på tåler alt slags vær.
    Du ser naboen vokter huset sitt med maskingevær.
    Der folk betaler med sprit og tobakk,
    du kan ikke ta feil, du e kommet til Finnmark!


    0051.jpg
    Ekkerøy, første juni, 2016
     
    Flymunda, Earl, drsyk and 4 others like this.
  17. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Niande stopp: Kiberg
    Rolege 110 km aust av Varangerbotn, eller 60 km frå Vadsø, ligg ein plass som er svært spesiell, ikkje berre lokalt, men på riksplan og kanskje jamvel internasjonalt: Kiberg (sam.: Bierge; kve./fin.: Kiiperi).

    0050.jpg

    Det er to gode grunnar til å stoppe i Kiberg:
    – 1) Partisanmuséet
    – 2) Kiberg kystbatteri

    Eit besøk i Kiberg vil med andre stå i 2. verdskrigens teikn.

    0052.jpg
    Kiberg, Aust-Finnmark
     
    Last edited: 17. aug 2020
    Earl, drsyk, Stuttfeiten and 6 others like this.
  18. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Partisanmuseet i Kiberg
    I Aust-Finnmark gav mange sitt liv for å bli kvitt nazistane, fleire valde å gå inn i teneste for dei sovjetiske styrkane. Var det så unaturleg? Det er tusen gongar lenger til London enn til Murmansk. Mange i Aust-Finnmark hadde slektningar på russisk side av grensa etter at nordmenn lenge hadde reist mellom Finnmark og Kolahalvøya. Etter krigen vart nordmennene som hadde kjempa på sovjetisk stempla som spionar og fordømt.

    For å seie det med kong Harald Vs ord 3. august 1992:
    Partisanmuséet er ein liten oase for folkeopplysing. Tematikken kan verke smal og kanskje irrelevant, men ta turen innom muséet og ta deg tid til å setje deg inn i denne delen av norsk historie som du kanskje ikkje kjenner så godt.

    0053.jpg
    Partisanmuseet ligg i den gamle skulebygninga i Kiberg

    0055.jpg
    Den raude fare

    0054.jpg
    Men var alternativet nærliggjande i Aust-Finnmark?

    Kva betyr ordet 'partisan' i denne samanhengen? I mange språk blir dette nytta om væpna grupper som driv med ein eler annan form for geriljaverksemd. I Sovjetunionen vart partisan-omgrepet brukt om personar som utførde etterretningsoppdrag. Det er i denne tydinga vi må forstå 'partisan' når vi er i Kiberg.
     
    Last edited: 17. aug 2020
    Flymunda, Lnbre, Earl and 8 others like this.
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Krigslyrikk på Partisanmuséet
    Kiberg var ikkje berre heimen til ei mengd partisanar under andre verdskrigen, men òg ei stor mengd tyske soldatar som bemanna Kiberg kystfort på Kibergneset. Partisanverksemd var dermed svært risikabelt.

    En partisan må dø
    (Komagvær 27. august 1943)

    Da vi nærma oss
    så vi at det var et menneske
    som lå i veikanten.
    Mannen hadde russisk uniform,
    ha lå sammenkrøkt på sida
    med uniformstrøya over hodet.

    Er det roski [=russisk]? sa han Rikard,
    kameraten min.

    Han er ikke roski,
    han er fra Kiberg,
    de er alles von Kiberg.
    Kjenner dere ham? sa vaktposten
    og løfta trøya fra ansiktet
    til den døde soldaten.

    Det var en ung mann.
    Blod i tørka strime
    over den høge panna,
    blod storkna i kolsvart hår,
    et lite kulehull under kanten av håret.

    Det var Heika sin sønn fra Russland,
    Frans.

    Stille gikk vi tilbake,
    sprang ikke som vi alltid gjorde,
    gikk alvorlig,
    den nære krigen var brått
    flytta enda nærmere.

    Det gikk en russisk soldat
    ved de tyske brakkan,
    det gikk en russisk soldat
    nede ved telegrafstasjonen,
    de er alles von Kiberg.
     
    Last edited: 17. aug 2020
  20. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Vi tok oss god tid inne på Partisanmuséet. Eg har vore der tre–fire gongar no, men óg denne gongen kom eg over detaljar som eg tidlegare har oversett.

    Muséet er ubetent, du vipsar pengar eller puttar nokre kroner i granatkastaren ved døra. Opningstidene er 1000–1800 gjennom sommaren. Elles er det litt vanskeleg å kome inn.

    0056.jpg
    Kibergneset
     
    Flymunda, Earl, drsyk and 7 others like this.

Del denne siden