Oppdatering: Har fått beskjed at den ligger til kø for billettering. Avreise er nå om en uke, begynner å bli ganske stresset, er det normalt så tett på avreise?
Berre ring. Minst ein gong om dagen. Eg har nettopp avslutta eit helsikkes opplegg med SAS for å endre ei SkyTeam-reise:
- To gangar har Kenya Airways tatt tilbake flightane (NBO - MBA, MBA - NBO, NBO - CDG) sidan SAS ikkje kan få holde på dei i meir enn 72 timar.
- Når eg har ringt inn kvar dag får eg heile tida forsikring om at bookinga mi ligg i ein "priority" kø, men blir framleis ikkje billettert før KQ trekk attende flightane
- Dei forskjellige agentane gjer feil, og har sendt bookingar til Back Office med feil i billetten, til dømes at dei gløymde å fjerne gammal heimreise, slik at eg låg med to heimreiser. Den feilen gjorde fleire. Ein gløymde å ta imot betalingsopplysningar. Hen insisterte på at det ikkje var naudsynt når ein endra ein eksisterande booking.
- Når Back Office finn desse feila blir billetten berre liggande urørt. Eg får inga melding eller oppringing frå SAS om at noko er feil.
- Han eg snakka med fredag sa klart ifrå om at han skulle sjå til at billetten vart utferda i løpet av helga. Skjedde ikkje.
- I dag gjekk det omsider. Takk til ein dyktig engelsktalande agent, som eg trur heitte Jamal, som tilsynelatande har dratt i nokre trådar og ny billett kom etter nokre timar.
Mitt råd basert på mi erfaring er klar: Ring og sei ifrå! Vær høflig, men bestemt.