Kristian
'Bittelitt' bonussamledilla
Langdryg saksbehandling av EU261-krav mot SAS
No har eg brukt over seks veker på å få gjennom eit krav på EU261 frå SAS.
Bakgrunn (reiserute og klokkeslett)
I slutten av oktober flaug eg til Lofoten via Gardermoen (OSL) og Bodø (BOO).
SAS-flyet frå OSL kom for seint til BOO for å nå Widerøe-flyet som skulle ta meg til LKN. Difor vart eg booka om eit fly over til Svolvær (SV) og deretter bakketransport frå SVJ til LKN.
Eg skulle ha landa på LKN kl. 1755 (med WF816), men med omruting via SVJ (WF836) som òg var ein halvtime forseinka, var eg ikkje på LKN før litt over kl. 2100.
Ergo burde eg vel ha vore kandidat til å få EU261-erstatning.
Saksgang opp mot SAS – imponerande talentlaust
Dagen derpå leverer eg EU261-krav til SAS som 1. november svarar følgjande:
Flight SK 4116 was delayed because of which you missed your connecting flight WF 816 and SAS re-booked you to alternate flight WF 836 which has reached to its final destination within time frame..
Schedule time of arrival at final destination: 17:55
Actual time of arrival at final destination: 19:48
Hence we cannot meet your request of compensation in this case.
Merk at WF816 går frå BOO til LKN. WF836 går frå BOO til SVJ.
Så SAS seier at SVJ og LKN er same flyplassen...
Dette har eg sjølvsagt purra på omtrent éin gong i veka sidan dette skjedde.
Har SAS svart meg? Nei!
På måndag sendte eg e-post til SAS' gullmail. Kanskje kunne dei hjelpa?
I dag kom svaret derifrå: Kva synst du om vårt svar? Altså ei spørjeundersøking. Det er kanskje unødvendig å seia at eg her gav SAS det glatte lag. For eg har ikkje fått svar frå EBG-gjengen enno...
Spørsmål til forumistane
Kva er neste steg? Kva bør eg no gjera?
Oppdatering på denne
Det skjedde to ting i denne saka.
1) Eg klaga til SAS og fekk til svar at sidan Leknes og Svolvær ligg mindre enn 50 km frå kvarandre i luftlinje, så hadde eg ikkje rett på kompensasjon etter EU261-krav. Tru kva dei her tenkte på...
2) Transportklagenemnda meinte at eg hadde rett til kompensasjon og SAS skreiv til meg der selskapet bad om orsaking og skulda på sakshandsamingsfeil.
Kort sagt: 250 euro ramla inn på konto i form av 2 300 blanke norske kroner.