Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.
Nær 5 millionar passasjerar reiste gjennom norske lufthamner i august. Dette er ein auke på 4 prosent samanlikna med august i 2024.
Trenden med aukande tal på reisande til og frå utlandet held fram, men veksten var like stor blant innanlandsreisande i august.
Rekord på rekord på Bergen lufthamn, Flesland
August var ein månad med god samla utvikling for Avinor sine 43 lufthamner, og ein auke på 4 prosent passasjerar i både innan- og utanlandstrafikken. Både Nord-Noreg og Vestlandet har hatt betydeleg vekst. Bergen lufthamn hadde enda ein rekordmånad i august, den tredje på rad, med 6 prosent vekst mot fjoråret og heile 11 prosent høgare passasjertal enn i 2019.
Sommarmånadene har vore svært gode, og i perioden juni til og med august har alle lufthamnene samla hatt passasjertrafikk på over 2019-nivå. Framover ventar vi ei meir moderat utvikling, særleg til vinteren der utviklinga i kapasitet hos flyselskapa på Avinor sine lufthamner er forventa å vere svak.
På Oslo lufthamn held diverre trenden med ei svakare utvikling enn hovudflyplassane i nabolanda våre fram, både i høve til Arlanda i Stockholm og særleg Kastrup i København. Dette uroar oss da Oslo lufthamn er utruleg viktig, ikkje berre for Austlandet og hovudstaden, men for heile Noreg si konkurransekraft og internasjonale attraktivitet.
Gaute Skallerud Riise, direktør trafikkutvikling i Avinor.
Turismen aukar i Nord-Noreg
Lufthamnene nord for Trondheim hadde om lag 11 prosent vekst samanlikna med fjoråret og 14 prosent vekst mot 2019. Turisme er ein svært viktig drivar for denne utviklinga, og syner enda ein gong den sterke trenden Noreg opplever i dette reisesegmentet. August er også ein typisk feriemånad i Europa og andre deler av verda.
Gaute Skallerud Riise, direktør trafikkutvikling i Avinor.
Flyrørsler
Det var 56.000 kommersielle flyrørsler i august. Dette er 3 prosent auke samanlikna med august i fjor. Så langt i år er det 2 prosent fleire flyrørsler enn på same tid i fjor.
Ny årsrekord for droneflyging
I løpet av september vil talet på lovlege droneflygingar passere talet for heile 2024.
Det er inspirerande å sjå at fleire vel å fly på ein trygg og synleg måte. Når vi får så mange innmelde flygingar midt i høgsesongen, syner det at ansvarleg dronebruk har fått eit solid fotfeste i Noreg, og denne utviklinga heier vi på.
Mats Gjertsen, leiar av Avinor sitt droneprogram.
Dronetal for august:
Talet på droneplanar i august: 3.702
Talet på droneplanar så langt i år: 22.024
Samanlikna med august 2024: + 45 %
Hittil i år, samanlikna med i fjor: + 33 %
Fotograf: Stine Østby / Avinor






Legg igjen en kommentar