Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.
Prosjekt SAS City Lounge er avslutta. Dette opplyste selskapet i ein e-post til sine medlemmar, låge besøkstal får skulda.
Den 31. oktober 2017 er det slutt på å kunne besøke ein av dei to City Loungane i Stockholm som SAS har hatt i samarbeid med No18. Grunna låge besøkstal og fokus på eigne flyplassloungar vert no dette samarbeidet skrinlagt.
Eg har sjølv besøkt dei to loungane i Stockholm og det har vore ganske bra, men begge gongane har vore i forbindelse med reiser der eg like gjerne kunne nytta flyplassloungen.
Sjå video frå loungen her:
http://https://www.youtube.com/watch?v=2YA2Q9TS1Xs
Som alternativ til City Lounge nyttar eg Regus, som gjev meg tilgang til lounge og kontorfasilitetar over heile verda. Dei har alltid ganske sentral beliggenheit, so dersom du har behov for eit slikt tilbod kan du vurdere Regus.
Har du besøkt ein City Lounge? Del gjerne dine erfaringar her.
Denne artikkelen vart opphaveleg skriven av Henrik Olsen for vår systerside Insideflyer.dk.
Legg igjen en kommentar