Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.
3,8 millionar reiste gjennom Avinor sine lufthamner i februar. Dette er ein auke på 5 prosent samanlikna med same månad i fjor. Auken i talet på reisande ein såg i januar held fram i februar.
Som i januar er auken størst blant utanlandsreisande. Meir enn 1,5 millionar reiste gjennom Avinor sine lufthamner. Det er ein auke på 7 prosent samanlikna med februar i fjor. Voksande vinterturisme til Noreg er ein viktig årsak til passasjerauken.
Året starta med ein auke i det samla talet på reisande i januar, og denne utviklinga held fram i februar. Tala for både januar og februar seier oss at Noreg som vinterdestinasjon er i sterk vekst.
Gaute Skallerud Riise, direktør for trafikkutvikling i Avinor.
Også på innanlandsreiser auka passasjertala. I februar reiste 2,2 millionar – det er ein auke på 3 prosent.
Flyrørsler
Talet på flyrørsler har ikkje auka samanlikna med februar i fjor. Det var nær 45.000 flyrørsler i februar, 1 prosent færre enn i februar i fjor. Dette vil seie at flyselskapa har fleire passasjerar på flygingane i år.

Auke i droneaktiviteten
I februar var 1629 droneflygingar registrert. Dette er 13 prosent færre enn i februar i fjor, og for aller første gong er tala lågare enn i same månad året før. Det er ikkje uvanleg at, vintervêret gir lågare droneaktivitet, seier Mats Gjertsen Bye, leiar for Avinor sitt droneprogram. Ein kan vente at tala stig att når det blir mindre vind og varmare i vêret, seier Gjertsen Bye.
Nøkkeltal for februar 2026 samanlikna med februar i 2025:
- 3,8 millionar passasjerar (+5 %)
- 2,2 millionar innanlands (+3 %)
- 1,5 millionar utanlands (+7 %)
- 45 000 flyrørsler (-1 %)
- 1629 droneflygingar (-13 %)
Foto: Avinor / PR






Legg igjen en kommentar