Avinor: Passasjervekst i oktober, størst vekst i utanlandstrafikken

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

4,7 millionar passasjerar reiste til og frå Avinor sine flyplassar i oktober. Dette er ein auke på 4 prosent samanlikna med oktober i 2023. Det er også 4 prosent auke i talet på passasjerar når ein ser på tala hittil i år.

I oktober var det auke blant både innanlands og utanlandsreisande, samanlikna med oktober i fjor.

Talet på utanlandsreisande aukar framleis mest, med 6 prosent i oktober. Dette er ein vekst vi har sett lenge.  Hittil år er veksten blant  utanlandsreisande heile 8 prosent.

Veksten blant innanlandsreisande er på 3 prosent.

Fullare fly

Den samla trafikkveksten er 1 prosent høgare enn  prognosen for oktober, og 1 prosent høgare enn prognosen så langt i år.

-Det var også ein auke blant innlandsreisande i september, og trenden har vore positiv også gjennom oktober i denne marknaden. Dette gjer at det så langt i år er ein auke på 2 prosent innanlands.

Veksten er ikkje grunna høgt tilsig av fleire flygingar, men rett og slett fullare fly. Det  gjeld også for utanlandstrafikken. Dette er ein gjennomgåande trend. også internasjonalt, da det er mangel på flykapasitet i flymarknaden generelt. Mangelen er særleg driven av forseinka leveransar frå Boeing, og motorproblem som treff enkelte selskap med Airbus-fly i flåta si. Dette påverkar tilgjengelegheit og rutetilbodet generelt og særleg ved Oslo lufthamn, som har ei krevjande utvikling relatert til fleire andre internasjonale knutepunkt.

Gaute Skallerud Riise, direktør for trafikkutvikling i Avinor.

Flyrørsler

Det var 56 696  kommersielle flyrørsler i oktober. Dette talet er uendra samanlikna med oktober i fjor. Så langt i år er det 1 prosent færre flyrørsler samanlikna med same periode i 2023.

Talet på droneflygingar så langt i år er høgare enn for heile fjoråret

I oktober vart det meldt inn 2167 flygingar med drone i Ninox Drone. Dette er ein auke på 35 prosent samanlikna med 2023.  –  Sjølv om hausten starta med dårlegare vér, held den sterke auken i talet på droneflygingar fram, seier Mats Gjertsen, leiar av droneprogrammet i Avinor.

Så langt i år er det 5000 fleire flygingar enn i heile 2023.

Gaute Skallerud Riise, direktør for trafikkutvikling i Avinor.

Foto: Avinor / PR

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *