I dag kjem Widerøe sitt første jetfly til Norge

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

I dag vil Widerøe sitt nye Embraer E190-E2 kome til Norge. Kl 15.40 vil, i følgje Avinor sine sider, LN-WEA med flightnummer WF7600 lande på Bergen Flesland.

Den 4. april var det overtakelsesseremoni ved Embraer sitt anlegg ved São José dos Campos. Frå fabrikken har flyet gått via Recife og Gran Canaria før det i går landa i Aberdeen. I dag vil altså flyet leggje ut på det siste strekket frå Aberdeen til Bergen.

Du kan følgje flyturen på Flightradar24.

Flyet vil bli sett i ordinær rutedrift tysdag 24. april. Då vil WF622 ha avgang frå Bergen mot Tromsø kl 07.35. Insideflyer vil vere til stades på denne flyginga og vi vil kome med alle detaljane frå denne dagen. På forumet fins det også ein tråd der denne «inargural flight’en» vert diskutert, fleire av våre forummedlemmar vert også å finne på flyet denne dagen.

Widerøe er lanseringskunde på E190-E2 og vil ta imot tre fly av denne typen i 2018. To av flya vil vere stasjonerte på Bergen Flesland, og i tillegg til Tromsø vil dei betene ruter til Bodø, Hamburg og München. Det siste flyet vil vere stasjonert på Torp og der det mellom anna vil fly strekninga Torp – Trondheim.

Tidlegare har vi skrive fleire artiklar om flyet her på InsideFlyer, du kan mellom anna finne meir informasjon om flyet i denne artikkelen.

Vi i InsideFlyer er veldig spente på Widerøe si nye satsing og vi gler oss til å testa kva dei kan tilby.

Framsidebilete: Widerøe

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *