Rykte: Emirates vil kjøpe opp Midtausten-konkurrent – kan bli verdas største flyselskap

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

I dag har det igjen blussa opp rykte om at Emirates vil overta Etihad. Dei vil dermed skape verdas største flyselskap.

Det er Bloomberg News som i dag kjem med denne nyheita. Det er nok ikkje tilfeldig at dette ryktet dukkar opp på nytt akkurat no. Etihad har nettopp offentleggjort eit resultat som var dårlegare enn venta. Dette vil kunne presse ned prisen Emirates eventuelt må ut med for selskapet.

Det kan gje god meining å slå saman desse selskapa då ting ikkje veks inn i himmelen – heller ikkje i Midtausten. Etihad har aldri fått dreisen på flydrifta, slik som Emirates har. Dubai og Abu Dhabi ligg berre 100 km frå kvarandre, selskapa konkurrerar difor mykje om dei same kundane og den same frakta. Medan Emirates har ekspandert i eige selskap har Etihad satsa stort på oppkjøp av andre selskap. Vi veit alle korleis det har gått med både Alitalia og Air Berlin, i tillegg skal Jet Airways ha store økonomiske problem.

Det fins framleis ikkje noko konkret og eventuelle diskusjonar er framleis berre på eit tidleg stadie. Vi må nok vente ei stund før vi eventuelt høyrer noko offisielt frå dei to rike emiratane i Dei sameinte arabiske emirata.

Tidlegare har både CEO i Emirates Group, sheik Ahmed bin Saeed Al Maktoum, og President i Emirates, Tim Clark, sagt at selskapa bør slå seg saman. Lufthansa har også vore nemnde som ein potensiell kjøpar av Etihad.

Vi har tidlegare skrive om Etihad i vår artikkelserie om draumen om dei fem stjernene.

Framsidebilete: Bram Steeman

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *