Så blei det ei ny runde med LH F ut frå Frankfurt(FRA-HND) i forrige veke, og betraktningane står fremdeles. Maten var ikkje best i klassen og ein merkar ganske stor forskjell på crew hos Lufthansa. Denne gongen var det ein del surr og unødvendig rot når det er 6 personar som blir handtert av to cc, og fremdeles er det sånn at dei tysktalande får meir oppmerksomheit enn oss andre (3 tyske, 1 japansk kjendis og vi to nordboarane i kabinen). Men alt i alt var det nok ein gong ein nydelig opplevelse, spesielt for kona som var innstillt på at vi skulle fly SAS i C fram til vi stod på flyplassen med boardingkorta i handa
Tusen takk for ett fabelaktig reisebrev fra en "crazy" rundreise! Vi hadde forøvrig også en svært hyggelig tur i LH F noen dager etter deg, da til Bogotá i Colombia, og vi hadde da en godt voksen og svært hyggelig flyvertinne i kabinen som også snakket svensk. Kanskje det var samma dama?
Har fått litt henvendelsar om at bildene i denne posten ikkje har fungert, så no har eg tatt jobben med å rette opp i det. Kanskje til glede for nye lesarar i denne flytørka vi står midt oppe i
Takk for oppretting og ikke minst trip report. Håper jeg klarer å finne F billetter selv en gang i fremtiden
Tok denne runda på nytt i helga. Einaste forskjellen var at start og sluttpunktet var BGO i staden for OSL. Tenker difor å bringe opp igjen dette reisebrevet for å skrive litt om dei endringane eg opplevde undervegs. Turen starta med 0615-avgangen BGO-FRA lørdag 03.06 og vart avslutta ved ankomst BGO med eit forsinka SK283 ca 2150 søndag 04.06. Litt av det eg opplevde annaleis no samanlikna med turen i 2019: Bergen Lounge: Positivt inntrykk, hyggelige folk og rolige tilstandar. Fin plass å få seg litt frukost i trivelige omgivelsar. Vesentlig meir avslappande enn den støyande virklegheita i avgangshallen. Meir pågang i First Class Terminal i Frankfurt. Eg sat store delar av tida i eit område nær inngangspartiet og eg trur ikkje at eg har opplevd så mykje trafikk fram og tilbake på damene som tar i mot gjestane tidlegare. På eit tidspunkt var restauranten full, men det var aldri eit problem i forhold til service. Roa seg også ned ein smule når rushet av US-avgangar kom seg avgårde. Det er berre å innrømme det: 747-8 hos Lufthansa er begynt å bli slitt og utdatert. På dette flyet var det store problem med seter og entertainmentsystemet. I first var eit par seter "blocked" fordi dei ikkje kunne brukast og purser nevnte ved avgang at dette var begynt å bli eit problem. Dei gledde seg stort til oppgraderinga til Allegris. I Mexico City blir passasjerar i first plassert i ein stusselig del av Lounge 19, med plass til fire stk. Ein gigantisk nedtur samanlikna med Admiral Club som eg var i sist eg var der. Temmelig full lounge med dårlig klima og høgt støynivå, dog ikkje like høgt som på utsida av loungen. Dei tinga som eg opplever som uendra er den gode servicen generelt hos Lufthansa, mykje smil og "of course" samme kva ein ønska både på bakken og i lufta. Tar til sluttmed eit bilde som gjorde at eg fekk kryssa av nok ein ting på bucket-lista