God ettermiddag frå solkysten!
På meg (og andre forumistar) er det lite flyging om dagen, men på Ekkerøy kan eg sjå på andre som flyg!
Vårteikna står i kø: Krykkja er samla i titusental for å sikra seg dei beste reirplassane; skarven prøver å finna seg til rette blant hærskarane av krykkjer; ute i sjøen beiter små og store kvalartar på fisken i fjorden; og tjelden er på plass. Naturen er våryr!
Ha ein fin dag, folkens!
Last edited: 19. april 2021