Forsovidt einig i at tilgjengelegheiten ikkje er spesielt god, men den er heller ikkje so dårleg som nokon skal ha det til.
HKG, NRT, LAX og SFO (kanskje også MIA) er generelt noko begrensa tilgjengelegheit på, men tykkjer dei fleste andre går greit om ein er ute i rett tid og er litt fleksibel.
PEK og PVG har stort sett ein del ledig.
Eg har booka open jaw HKG/NRT neste vår, har også booka ein kamerat og kona hass til MIA i sommar. Vi kan ikkje forvente at det skal vere tilgjengelege businessbillettar til alle destinasjonar heile tida, sjølv om vi kanskje kunne forvente noko betre enn det er i dag. Spesielt rundt feriar er det ikkje vanskeleg å forstå at SAS vil avgrense tilgjengelegheita.
Litt etter at Fly Premium vart lansert slepte SAS mange bonusbillettar på fleire ruter, det vart etterkvart ganske utplukka og hovudproblemet er vel at billettane er veldig rimelege.
Langdistanse t/r i business for 60.000 poeng betyr jo at du kan fly t/r Tokyo for 4000 trumfkroner pluss nokre avgifter.
For å finne tilgjengelegheit er det forresten mykje betre å nytte denne lenka, då får ein ganske god oversikt:
https://travelhacks.azurewebsites.net/Home/ListVis alt...