State Nordic (Heritage) Museum, Ballard
Mange av skandinavane som emigrerte til USA på seint 1800-tal og første halvdel av 1900-talet kom til Washington state. Nordmenn spesielt fann vegen til Ballard utanfor Seattle.
State Nordic Museum har hatt som føremål å vise fram skandinavisk og nordisk kultur, historie og handtverk både i gamlelandet og lokalt i Seattle-området.
Relativt nyleg flytta museet frå gamle og slitne lokale litt i øvre del av Ballard sentrum ned til kaiområdet og inn i nye, flotte lokale.
Tidlegare har du sett norske flagg mange stadar i Ballard, men med etableringa av m.a. Amazon i området har det kome pengesterke menneske til området som pressar opp prisane og tvinger mange til å flytte, inkludert dei av skandinavisk herkomst.
Denne utviklinga gjer Nordic museum si rolle kanskje endå viktigare i ivaretakinga av den nordiske kulturarven i området. Kort sagt vil eg seia at etter at museet flytta til si nye bygning, sviktar museet rolla si fullstendig. Fullstendig.
Det einaste som er litt bra, er at museet no gir eit innblikk i utviklinga av dei nordiske landa frå neolittisk tid. Problemet er at det heile skjer med 'harelabbtilnærminga'.
I den gamle bygninga hadde kvart land sitt eige rom som gjorde at ein kunne lære meir detaljert om kva som er typisk for kvart av dei nordiske landa. Dette er no redusert til éin monter på éin vegg og heile utvelginga der verkar ekstremt tilfeldig og nærmast umotivert.
Den gamle bygninga hadde òg utstillinga 'The coming to America', altså om korleis reisa til og busetjinga i USA var for mange av dei som kom til Seattle-området. Denne er fjerna heilt. Altså ingen spor av sjølve emigrasjonen. Det er for meg uforståeleg og ein viktig del av historia.
Vidare, utstillinga i det nye bygget som viser kva dei skandinaviske tilflyttarane tok seg til i Ballard er redusert til ei umotivert samling gjenstandar av ting som eigentleg ikkje fortel ei samanhengande historie. Til og med eit tysk munnspel og ein japansk bolle hadde fått plass, men det stod ingenting om kva desse gjenstandane hadde med den nordiske arva i Ballard å gjere.
Utstillinga som viser fenomen og gjenstandar som har sitt utspring i Norden og har spreidd seg over heile verda er like umotivert som det meste anna på Nordic museum. Eit svært rom med nokre få gjenstandar.
Museet er fint og flott å sjå til og alt er på overflata nydeleg presentert, men dersom du faktisk skal lære noko om den nordiske kulturarven i Ballard og Seattle, så held du deg langt unna Nordic museum.
I tilknytning til museet er det fleire som utfører handarbeid, til dømes treskjering som er raudlista som handverk jamvel her heime. Kvar sundag er det ope verkstad for dei som ønskjer å prøve seg på treskjering, men læraren får ikkje lov til å reklamere med aktiviteten sin på museet i plakatform fordi det bryt med stilen, sjølv om undervisninga held til i sjølve museumsbygget.
Andre ivaretek nordiske strikkemønster og lærer bort dette. Ei heller dette ønskjer museet å reklamere med at folk kan lære seg. Ikkje ein gong donerte kofter og anna er hengt fram i utstilliga.
Kort sagt har State Nordic Museum, etter mi ringe meining, vorte eit museum som ikkje er i stand til å fylle sin tiltenkte rolle, altså som forvaltar av nordisk historie, kultur og handverk.
I tillegg har museet ei utstilling som regelrett pisser på den nordiske kulturarva både heime i Noreg spesielt og Norden generelt samt her i Seattle-området.
Ja, eg fråda tidvis då eg gjekk gjennom museet, spesielt fordi alt på overflata ser så fint ut, men eigentleg er skikkeleg elendig gjennomført.
#rantendshere
View attachment 62570
Vis alt...