Reisebrev: Go west! Frå Aust-Finnmark til Washington (SK/UA/Seattle, Ballard, Victoria m.m.)

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 15. okt 2019.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,205
    Bonuspoeng:
    293
    Minnesmerke over dei kvinner frå Victoria som verva seg som frivillige i den spanske borgarkrigen (1936--1939):
    20191024_092112.jpg
     
    drsyk, Sonictravel, paron and 2 others like this.
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,205
    Bonuspoeng:
    293
    Eit landemerke i Victoria:
    20191024_134154.jpg

    Hamnebassenget i kveldslys:
    20191023_182721.jpg
     
    drsyk, NorFlight, OttoL and 9 others like this.
  3. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,205
    Bonuspoeng:
    293
    Mitt inntrykk av Victoria
    Eg skulle meir enn gjerne hatt meir tid i Victoria. Folk er trivelege og det er fleire spennande ting å finne på. Maten er god, i alle fall den vi smakte på, og alt i Victoria sentrum er innan gangavstand.

    Vi vart råka av to ting:
    - 1) Ekstremt søvnbehov då vi kom til byen som gjorde at vi mista tre timar på dag 1 som vi kunne ha brukt til noko fornuftig
    - 2) Krykkehopping er slitsamt -- spesielt når teknikken ikkje er spesielt god...

    Likevel er både ho mamma og eg godt nøgde :)
     
    drsyk, NorFlight, OttoL and 9 others like this.
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,205
    Bonuspoeng:
    293
    Butchart gardens
    Det tar rundt 70 minutt med vanleg rutebuss frå Victoria sentrum til Butchart gardens. Alternativet er ein shuttlebuss som tar 40 minutt der sjåføren fungerer som guide.

    Vi gjekk for shuttlebussen som hadde ein lystig og kunnskapsrik sjåfør som fortalde mykje om bygningane vi passerte på veg gjennom og ut av Victoria, samt om historia bak Butchard gardens. Prisen kom på 70 kanadiske dollar per snute (inkluderte bussen og inngang til hagen).

    Den beste tida for besøk er sjølvsagt på vårparten og sommaren. No på seinhausten er det ikkje like imponerande, men fint likevel:
    20191024_105234.jpg
     
    drsyk, NorFlight, OttoL and 8 others like this.
  5. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,205
    Bonuspoeng:
    293
    Butchart gardens vart etablert over ein ti års periode frå 1915 til 1925 og er den dag i dag eigd av familien Butchard. Hagekompleksert er seksjonert inn i fleire avdelingar og er rett og slett stort. Ein kan lett bruke eit par timar på å trampe seg gjennom heile greia.

    20191024_111920.jpg

    Ho mamma knipsa bilete i aust og vest og pønskar vel no på korleis hagen henne heime kan nå nye høgder...
     
    drsyk, NorFlight, OttoL and 7 others like this.
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,205
    Bonuspoeng:
    293
    Sea Otter Grill, Victoria hamn
    Etter råd frå @Eddie47 tusla ho mamma og eg innom ein lita matsjappe rett ved Victoria sjøflyhamn. Det var eit sjakktrekk!

    Ho mamma gumla i seg geitostsalaten og var kjempenøgd. Eg tok tunfiskforretten som var nydeleg. Salaten var stor, forretten var liten. Tunfisken tok seg godt ut:
    20191024_140913.jpg

    Begge gjekk for dessert, vanleg ostekake og fritert ostekake. Herrefred, vi vart mette:
    20191024_143918.jpg
    20191024_144049.jpg
     
    drsyk, NorFlight, SAJblue and 13 others like this.
  7. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,205
    Bonuspoeng:
    293
    Og medan vi åt, kom og gjekk sjøfly av type DHC-3 de Havilland Turbine Single Otter. Artige karar å sjå til:
    20191024_134642.jpg

    20191024_150606.jpg
     
    Last edited: 25. okt 2019
    Rscott, drsyk, Avixlo and 8 others like this.
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,205
    Bonuspoeng:
    293
    To ord om Embassy Inn, Victoria
    Vi hadde bestilt tur/retur med Victoria Clipper (båten mellom Seattle og Victoria) pluss hotellovernatting i Victoria i éin pakke. Prisen kom på cirka 350 amerikanske Mikke Mus-dollar for to personar.

    Innsjekk på hotellet var eigentleg klokka 1530, men vi kom jo med båten kl. 1100. Resepsjonisten sa han skulle få prioritert vårt rom. To minutt seinare stod rommet vårt klart til invasjon. Det var som himmelsendt!

    20191023_112238.jpg

    Rommet var ålreit med to store senger. Frukost var inkludert og var av typen amerikansk og litt enkel, men nok til å bli mett (frukostblanding, lyst brød med marmelade, frukt og franske vaflar).

    I tillegg ligg Embassy Inn nokså sentralt til midt mellom ferjeterminalen og indre del av hamnebassenget i Victoria. Gangavstand til begge delar er sju minutt på krykker...

    Heilt grei stad å kvile ut i horisontalen.
     
    Last edited: 25. okt 2019
    drsyk, Avixlo, NorFlight and 8 others like this.
  9. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,205
    Bonuspoeng:
    293
    Kven er sjefen:
    20191024_115302.jpg

    Royal British Columbia museum
    Berre fem minutt frå hotellet vårt fann vi Royal British Columbia museum som både er eit naturhistorisk museum og ein stad du kan lære meir om urinnvånarane i British Columbia.

    Den naturhistoriske biten er kanskje mest interessant dersom du ikkje har vore på mange slike museum andre stader i verda (sjølv om alle er litt forskjellige så blir 'opplegget' (eller konseptet om du vil) litt likt tilsvarande museum).

    Vi brukte mesteparten av tida vår i utstillinga om urinnvånarane i British Columbia. At det var så mange av dei, visste eg ikkje. Det kom fram til at det var over 60 ulike språk og rundt 30 dialektar i bruk i området. Det er ganske mangfaldig. Diverre er det ikkje slik lenger:
    20191023_144740.jpg

    Biletet over viser nedgang i bruk av lokale språk i British Columbia. I 1890 står grafen på 100 %. Det har gått kraftig nedover...

    Royal British Columbia museum er verdt visitten.
     
    Jonkebassen, Berlioz, drsyk and 8 others like this.
  10. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    14,079
    Likes mottatt:
    68,764
    Bonuspoeng:
    293
    Strengt tatt går båten mellom Seattle og Victoria på Vancouver Island, men pytt ... en overnatting i Vancouver er ikke å forakte.
     
    OttoL liker dette
  11. Spielhaug

    Spielhaug Veteran

    Innlegg:
    3,100
    Likes mottatt:
    7,783
    Bonuspoeng:
    183
    Siden det er noen flynerder her inne må jeg korrigere litt. Twin betyr dobbel, og derfor kan det ikke være en Twin Otter. Den har som navnet indikerer 2 motorer, denne har kun 1 motor. Den har i tillegg en karakteristisk lang snute og det viser at det er en moderne turbinversjon av DHC3 Otter.
     
    Berlioz, drsyk and Sonictravel like this.
  12. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    14,079
    Likes mottatt:
    68,764
    Bonuspoeng:
    293
    Flytypen som vises på bildet (DHC-3 de Havilland Turbine Single Otter)
    bygges på Vancouver Island, Harbor Air har mange slike (22 stk) i tillegg til noen (3 stk) Twin Ottere med flottører.
    DHC-2 de Havilland Beaver: 14 stk
    Cessna Grand Caravan EX: 1 maskin
     
    Last edited: 25. okt 2019
    drsyk, OttoL and Sonictravel like this.
  13. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,205
    Bonuspoeng:
    293
    Gubban, eg må ha vore trøytt og forvirra då eg skreiv dette...! Dette er no retta opp i!
     
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,205
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for korrigeringa og unnskuld for feilinformeringa! Dette forumet, altså! Takk! :)
     
  15. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,205
    Bonuspoeng:
    293
    Ho mamma kan bli skuffa!
    Gutungen har ein mistanke om at ho mamma forventer C-klasse på tur heim i morgon med SAS... Ho har ikkje heilt forstått dette med oppgradering og Plusgrade...

    Vel, natt til i dag kom dommen frå SAS: Bodet om oppgradering frå SK+ til SK C vart avslått. Det betyr at ho mamma kan bli skuffa...

    Spørsmålet er: Når skal ho få vite at vi 'berre' skal fly SAS pluss og ikke Biz heim?
    - a) No i dag ved frukostbordet?
    - b) Når vi svinger til høgre og ikkje venstre inn i flyet i morgon?
    Køyr debatt!

    ***

    Apropos det å skuffe
    Vi rekk faktisk ikkje turen innom Seattle denne gongen. Familien bur spreidd og avstandane er store. Dagane blir ikkje akkurat lengre av den grunn. Snarare tvert om.

    Ergo er reisebrevtittelen litt misvisande, men sidan vi har vore i området som blir omtalt som 'Greater Seattle' lar eg tittelen stå. Gutungen ber audmjukt om orsaking for villeiinga!
     
    Jonkebassen, drsyk, Earl and 9 others like this.
  16. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,205
    Bonuspoeng:
    293
    Eg greidde ikkje å øydeleggje matgleda ved frukostbordet...
     
    paron and Eddie47 like this.
  17. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    14,079
    Likes mottatt:
    68,764
    Bonuspoeng:
    293
    Tror mamma vil føle seg vel tilrette i Plus fra SFO ...
    Jeg synes SAS sitt Plus produkt er bra!

    Hils ho mamma fra en gretten gubbe på 66 (nå gjør han som han vil) ... og si at dette blir en fin flygning, fløy det samme strekket på mandag ...
     
    drsyk, Earl, OttoL and 4 others like this.
  18. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,205
    Bonuspoeng:
    293
    Heimreisetid
    Triveleg frukost, køyretur utan kø og omtrent smertefri levering av leigebil (måtte leite som ein idiot etter ein bensinstasjon).

    Innsjekk hos United
    Premier access check-in måtte gjerast på automat, men vi kunne få hjelp av eit menneske om vi ønskte. Eg gidd faen ikkje å trykke på ein automat!

    Sikkerheitskontroll på SEA
    Premier access-køa vart svært tidleg slått saman med bermekøa. Det heile tok ei halv æve.

    Konklusjon for *A Gold på Sea-Tac
    Omtrent verdilaus. Eller var vi uheldige?

    20191027_112541.jpg
     
    NorFlight, SAJblue, Upsaker and 5 others like this.
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,205
    Bonuspoeng:
    293
    Loungetid på SEA
    Ho mamma og gutungen måtte handle litt, men no er vi i United-loungen. Ein heilt ordinær United Club-lounge. Vi får vått og tørt, så vi overlever. Grei avgang frå loungen ved A10 til Uniteds 1321-avgang til SFO frå utgang A14.

    20191027_120700.jpg

    ***

    Det er slik at eg ikkje kan bringe ein gjest inn i United Polaris-loungen på SFO når eg flyg SAS Pluss og er EBG (gjesten, ho mamma, er EBS)?
     
    NorFlight, drsyk, Upsaker and 4 others like this.
  20. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,205
    Bonuspoeng:
    293
    Nokså roleg i Sea-Tacs United Club-loungr her ved A10. Sofaplass på ho mamma og gutungen. No skal magen fyllast!

    20191027_121848.jpg

    Ekspertdom frå ho mamma: Tomatsuppa var god!
     
    NorFlight, drsyk, Upsaker and 7 others like this.

Del denne siden