Reisebrev: Go west! Frå Aust-Finnmark til Washington (SK/UA/Seattle, Ballard, Victoria m.m.)

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 15. okt 2019.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Første strekning: WF976 VDS--KKN (via VAW)
    Det er rart med det, eg følte heile vegen på veg til flystripa at eg hadde gløymt noko. Til slutt føreslo privatsjåføren at eg kanskje tenkte på pandionkatten. Det kan nok stemme for både pass, pengar og lommebok er med!

    Innsjekken var litt kronglete fordi eg måtte presentere meg til skrankepersonalet... Slitsamt med nytilsette, altså... Mykje enklare med eit 'Hei, står til?'. Kva blir det neste...?
     
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    WF976 har rutemessig ankomst VDS kl. 1837, men allereie no kl. 1823 dundra ein snasen (?) Dash ned på stripa her, noko som skal tyde på at vi bør nå rutemessig avgang kl. 1852. Reisefeberen stig!

    20191016_182310.jpg
     
  3. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    På slike korte bakkestopp er alltid sjåføren ute og tar ein liten inspeksjonsrunde for å sjå at vengjene framleis heng på og for å ta eit par saftige spark i dekka. Eg utelukkar ikkje at titten omfattar meir, men kvifor la seg forvirre av fakta? No er det ombordstigning! Ut å flyyyyyyyyyy! :)
     
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Dagens sjåfør er svensk. Kvifor svorskar ikkje svenskar?

    Elles har eg sikra meg det setet med best beinplass, rad 10 -- i midten:
    20191016_183621.jpg
     
  5. Earl

    Earl Veteran

    Innlegg:
    2,426
    Likes mottatt:
    8,027
    Bonuspoeng:
    183
    Finnes ikke bedre benplass innenriks enn rad 10 hos Widerøe så den er det bare p nyte ;)
    Riktig god tur, godt å se første etappen er før rutetid og at du slapp unna buss for fly :)
     
    Sonictravel, ArthurDent and Kristian like this.
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    20191016_190144.jpg

    Kanskje er eg gal, men å fly propellfly er rett og slett stas, synst eg. Min rutine ved take-off ombord hos Widerøe er følgjande:

    I det flyet snur ute på rullebanen og gjer seg klar til å starte peise på nedover rullebanen, lener eg meg tilbake i setet og lukkar augo medan eg lyttar til propellduren som stadig kraftigare dundrar gjennom skroget under aksellerasjonen.

    Så kjenner eg på rykket som trykker meg tilbake mot seteryggen og høyrer lyden av bagasje som flyttar seg i hattehylla over meg. Her må eg alltid svelgje unna ein klump i halsen samstundes som knirkinga i skroget aukar og kroppen er med på rørslene som oppstår når flyet tøffar bortover rullebanen.

    Alt dette skjer i løpet av 20 sekund og vipps er flyet i lufta, knirkinga avtar og etterkvart slappar propellane meir av. Herleg!

    Og i dag skal eg få oppleve alt dette to gongar på under éin time. Endeleg er flyskamkjensla på veg bort...!
     
  7. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Det er vel ikkje mange ordinære rutefly som kan by på betre beinplass, ei heller i utanriksfart, vil eg tru. Ikkje forvirr meg med fakta no!

    ***

    Kort mellomlanding på VAW, den svenske sjåføren er ute og sparkar i dekka igjen. Snart går turen vidare til KKN, vi må berre få ombord nokre vardøværingar. Hu-hei, kor det går!
     
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Tilsynelatande tett mellom flyplassane i Aust-Finnmark, men det hender jo stadig vekk at vegane er stengt grunna guffent vêr, så fly er fint:
    20191016_191136.jpg
     
    OttoL, ArthurDent, drsyk and 10 others like this.
  9. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    15,027
    Likes mottatt:
    875,506
    Bonuspoeng:
    293
    Måtte du vise pass?
     
    ArthurDent liker dette
  10. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Heldigvis ikkje, dei tok meg på ordet då et sa etternamnet :)
     
    ArthurDent and Earl like this.
  11. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Sørvistilbodet ombord hos Widerøe på kortbanenettet blir eg aldri heilt klok på. Innimellom blir det delt ut sjokolade til alle passasjerar ved alle mellomlandingar. Andre gongar berre til avstigande passasjerar ved mellomlandingar. Eg har òg opplevd at det berre er sjokoladeservering ved siste stopp etter ei mjølkerute. I tillegg kjem varianten heilt utan servering. Dette er eit lotteri av type Joker Nord!

    Sjåføren har ikkje slått av setebelteskiltet, så i teorien skal vi alle halde oss godt tjora fast, men allereie etter fire minutt i lufta er person nummer to inne på toalettet, utan at flyvertinna ser nemneverdig irritert eller uroleg ut. Ja-ja, går det, så går det (kan brura ha sagt).

    Elles var SAS trivelege nok til å ønskje meg velkomen om bord kl. 2030. Eg har sete 1C. Sete ein 1D var oppteken. @Eddie47, veit du kvifor? Sikker på at du er på EWR???
     
    veeegard, OttoL, ArthurDent and 13 others like this.
  12. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Sjokoladeoppdatering: Ingen sjokolade delt ut. Snufs og buhuuuu :(

    ***

    Andre strekning: KKN--OSL: Kraftig forseinking!
    Kor lenge er eg stranda her, tru?
    20191016_193804.jpg
     
  13. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Der skjedde det som i altfor stor grad aukar spenningsfaktoren: SK4478 har på veg frå OSL til KKN fått eit teknisk problem som gjer at sjåføren stoppar på TOS der ein teknikar står klar. Problemet er venta å bli løyst i løpet av ein time. Kjem flyet då hit til KKN for å ta med meg sørover? Ho mamma ventar!
     
  14. NorFlight

    NorFlight Senior Medlem

    Innlegg:
    1,338
    Likes mottatt:
    2,534
    Bonuspoeng:
    113
    Ser ut som de muligens har gått nedom i Tromsø, så får håpe de kommer og henter deg i kveld...
     
    ArthurDent liker dette
  15. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Japp, eg håpar at dei får fiksa flyet og at personellet ikkje går ut på flytid. Då går heile satans USA-turen rett til helvete... Huff, eg har ikkje nervar til dette!!!!!
     
    ArthurDent and RoadKing like this.
  16. Rscott

    Rscott Veteran

    Innlegg:
    1,726
    Likes mottatt:
    4,204
    Bonuspoeng:
    113
    Det går nesten ikke an å trykke like på noe slikt. Men vi krysser fingrene for deg, og heier på teknikeren!
     
    ArthurDent and Kristian like this.
  17. Origo

    Origo Senior Medlem

    Innlegg:
    1,260
    Likes mottatt:
    2,759
    Bonuspoeng:
    113
    Reiste KKN-VDS selv i går. Må da være en av verdens korteste ruteflydistanser (10min)?
    (Dog ikke via VAW)
     
    ArthurDent and Kristian like this.
  18. NorFlight

    NorFlight Senior Medlem

    Innlegg:
    1,338
    Likes mottatt:
    2,534
    Bonuspoeng:
    113
    Da er LN-TUK aktiv på FR24 igjen, så da er det håp om at den svinger innom KKN om ikke alt for lang tid...

    God tur sørover, krysser fingrer for at det går greit nå!

    Edit (21:10): Nå forsvant den igjen, og endret status til "Unknown" på avgangstid på FR24...
     
    Last edited: 16. okt 2019
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Siste beskjed:
    Teknikar på TOS greier ikkje å få fiksa flyet vårt.

    Neeeeedtuuuuur!

    Men SAS har funne eit erstatningsfly til oss!

    20191016_214124.jpg

    Dette er fader meg ikkje bra for nervene...
     
    veeegard, OttoL, ArthurDent and 12 others like this.
  20. Finnks

    Finnks Banushare

    Innlegg:
    239
    Likes mottatt:
    1,052
    Bonuspoeng:
    93
    Ikke bare du som får nerver av dette! En hel (InsideFlyer)nasjon følger med i neglebitende spenning!
     

Del denne siden