(Med forbehold om at bildet ein gong blir lasta opp) slik ser altso ein tom F kabin ut i ein A380. 360-funksjonen til HTC ser ut som den berre går 180 grader....
Edit: Fått nett igjen, lasta opp bilda.
Eg spurde Nathalie om det var greit at eg posta bildet (sidan ho kom ramlande inn når eg trudde eg var åleine. Og ho sa at ho var meir enn villig til å "take one for the team" og "No problem Stuttis, I'm sure it will be excellent PR for LH F"). /Edit
Ein liten time igjen, og no begynner plutselig alt å haste. Mykje ein skal rekke når ein sit heilt framme. No har eg sove ein time (nesten), fått vaska og barbert meg, skifta frå pysj til bukse og skjorte, tigga til meg damepysj i S + amenity kit for damer (Nathalie var veldig forståelsesfull) og fått mat ( er det 4. frokost i dag sidan eg nettopp har sove?).
Har sagt til kaptein Klaus at han kan ta det med ro og slakke på. Vi treng ikkje brenne parafin i unøyda, men trur han er bestemt på å lande dei 30 min før tida. Jaja, då rekk eg kanskje FCT?
Last edited: 11. aug 2016