Tindertur til Gibraltar

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 18. mai 2023.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,895
    Likes mottatt:
    41,421
    Bonuspoeng:
    293
    Fredag i Gibraltar
    Første heile dag i det britiske oversjøiske territoriet Gibraltar starta med ein liten tur rundt heile territoriet. Joggeturen gjekk først sørover på vestsida ned til Europa Point på sørspissen før retur tilbake nordover på austsida av territoriet. Stort sett heile vegen er det fortau bortsett frå gjennom ein 500 meter lang tunnell på austsida der eg kan ha ignorert eit skilt om at fotgjengeri der er noko uglesett.

    20230519_080817.jpg
    Mange tenketankar i havet

    20230519_081816.jpg
    Moskéen og Gibraltarklippa sett frå Europa Point

    20230519_081852.jpg
    Fyrlykta på Europa Point

    20230519_082354.jpg
    Morgonstemning på søraustsida av Gibraltar

    20230519_083924.jpg
    Blomar langs landevegen
     
    NorFlight, AirMags, Calling and 21 others like this.
  2. holmen

    holmen "Ung" og "lovende"

    Innlegg:
    19,434
    Likes mottatt:
    76,519
    Bonuspoeng:
    293
    Er det bare hos meg at bildene i siste innlegget ikke funker?
     
    Sunnfjordingen liker dette
  3. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,895
    Likes mottatt:
    41,421
    Bonuspoeng:
    293
    Teknisk feil frå mi side. Det skal vera retta opp i no :)
     
    holmen liker dette
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,895
    Likes mottatt:
    41,421
    Bonuspoeng:
    293
    Etter ein dusj og ein pust i bakken for å kjenna på kvilepulsen gjekk turen til Irskebyen (Irish Town) inne i Gibraltar sentrum. Her kunne The Clipper by på solid frukost som heldt meg mett i timesvis framover. Prisen kom på 8 £ pluss drikke:
    20230519_104129.jpg
     
    NorFlight, AirMags, Upsaker and 10 others like this.
  5. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,895
    Likes mottatt:
    41,421
    Bonuspoeng:
    293
    Deretter gjekk turen opp i høgde der eg fekk eit fint overblikk over flystripa.

    Gibraltar lufthamn hadde ein vanskeleg fødsel. Området som i dag blir brukt til flyplassen var tidlegare ein travbane. Graset i midten vart brukt som ei provisorisk landingsstripe, men spanjolane var ikkje så altfor nøgde med dette etter ei kræsjlanding.

    I 1931 vart grasplena inne i travbanen brukt av eit selskap som flaug til Tanger, men det varte i berre tre månader.

    Frå 1934 vart det lagt planar om ei permanent flystripe, men dette møtte sterk motstand frå rideklubben og frå forsvaret som brukte området som treningsfelt.

    Til slutt vart det inngått ein avtale som sa at fly skulle få landa i 'nødstilfelle', men berre dersom hovudkvarteret på festningen fekk minst éi vekes førehandsvarsel!

    I løpet av andre verdskrigen vart det tydeleg at Gibraltar trong ei fungerande flystripe og ho vart bygd ut ned fast dekke og rullebanen forlenga, så no må hestane konkurrera andre stader...

    20230519_121801.jpg
    GIB i mai 2023

    20230519_114844.jpg
    British Airways snart klar for take-off
     
    NorFlight, AirMags, Upsaker and 17 others like this.
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,895
    Likes mottatt:
    41,421
    Bonuspoeng:
    293
    Mesteparten av denne dagen skulle eg bruka i Gibraltar naturreservat. Inngangsprisen var 18 £ og då kjem ein inn på alt av attraksjonar oppe på klippa.

    Området er stort, men er fullt ut overkomeleg til fots for min del. Det blir fort nokre høgdemeter, men pytt-pytt. Mitt største problem i starten av oppstiginga var at eg var stappmett etter frukosten, men det kom seg...

    Det er festningsverka som står i fokus på Gibraltars klippe 'The Rock'. Det første som møtte meg var eit 300 år gamalt batteri via dronning Charlotte:
    20230519_113823.jpg
     
    NorFlight, AirMags, Upsaker and 15 others like this.
  7. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,895
    Likes mottatt:
    41,421
    Bonuspoeng:
    293
    Eit av høgdepunkta er å gå inn i tunnellane som vart laga under andre verdskrigen, men dei var stengt grunna brann. Eg vurderte å spørja om kven hadde lånt bort fyrstikkane sine til tyskarane, men eg fann ut at det var best å ikkje nemna krigen...

    Gibraltar vart erobra av britiske og hollandske styrkar i 1704. Sidan då har spanjolane vore småirriterte og ganske lystne på å få tilbake Gibraltar. Det iherdigaste forsøket skjedde under ei fire år lang kringsetjing frå 1779 til 1783.

    Det vart hogd ut mange tunnellar i klippa før og under denne kringsetjinga. Britane hadde rundt 6 000 mann i Gibraltar. Det var spanjolane (og etter kvart franskmennene) som kringsette Gibraltar med ein styrke på fleire titals tusen soldatar. Trass i å vera i kraftig mindretal greidde britane å halda på Gibraltar og gjer det den dag i dag.

    20230519_123446.jpg
    Kanonar i fjellet

    20230519_123036.jpg
    Tunnellar frå 1700-talet
     
    NorFlight, AirMags, Upsaker and 17 others like this.
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,895
    Likes mottatt:
    41,421
    Bonuspoeng:
    293
    Frå den store kringsetjingas tunnellar gjekk turen vidare oppover klippa. Skiltinga er stadvis litt manglande, så ein må rekna med å gå litt feil, men eg unngjekk dei største blundarane.

    Elles fann eg ut at det har vore storfint besøk her før, då var det dronning Elisabeth II som tindra i kapp med sola. Ikkje var det så lenge sidan heller. Eg reknar med at eg òg får ei minnetavle etter mitt besøk:
    20230519_135054.jpg
     
    NorFlight, AirMags, indahla and 14 others like this.
  9. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,895
    Likes mottatt:
    41,421
    Bonuspoeng:
    293
    For det meste kan du gå på fast grunn her i Gibraltar, men Windsor hengebru er jo eit unnatak. Derifrå er det ein fin utsikt utover landskapet:
    20230519_135912.jpg
    20230519_140128.jpg
     
    NorFlight, AirMags, indahla and 13 others like this.
  10. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,895
    Likes mottatt:
    41,421
    Bonuspoeng:
    293
    Neste post på programmet måtte eg ta trinn for trinn. Forsvarsverket Karl Vs mur vart bygd på 1500-talet. Karl V var keisar av det tysk-romerske riket og jamvel konge av Spania, så den guten hadde litt å sysla med! Så, trinn for trinn. Altså, det er bygd ei trapp i muren, så då blir det trinn for trinn...:
    20230519_141258.jpg

    20230519_142141.jpg
     
    Last edited: 20. mai 2023
    NorFlight, AirMags, paron and 15 others like this.
  11. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,895
    Likes mottatt:
    41,421
    Bonuspoeng:
    293
    Det er òg mogleg å møta slekta på Gibraltar-klippa. Hald alt av mat ute av syne og hald avstand! Og kjære lesar, det er altså ikkje reisebrevforfattaren som er avfotografert på dei følgjande bileta:
    20230519_142418.jpg

    20230519_155219.jpg
     
    NorFlight, AirMags, kjeid and 16 others like this.
  12. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,895
    Likes mottatt:
    41,421
    Bonuspoeng:
    293
    Vel oppe på toppen var det på tide med litt drikke og mat. Det smakte godt med både smoothie, milkshake og vatn (pluss lasagne). Igjen vart eg stappmett!

    20230519_142950.jpg
    Utsikt frå toppen

    20230519_145601.jpg
    Drikkestopp med utsikt

    20230519_155211.jpg
    Reisebrevforfattaren???
     
    Last edited: 20. mai 2023
    NorFlight, AirMags, Kalsnes and 17 others like this.
  13. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,895
    Likes mottatt:
    41,421
    Bonuspoeng:
    293
    Neste stopp vart erkeengelen Mikaels grotte (St. Michael's cave) som har vore ein stad kjent for mennesket i fleire tusen år. Grekarane meinte at dette var inngangen til Hades, underverda. Det er òg funne hovudskallar etter neandertalarar her, så kan hende har staden vore kjent for tobeinte i 40 000 år! I dag er det fin lyssetting i grotta som kanskje er botnlaus:
    20230519_161259.jpg
     
    NorFlight, AirMags, paron and 13 others like this.
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,895
    Likes mottatt:
    41,421
    Bonuspoeng:
    293
    Dagen vart avslutta med å gå ut av Gibraltar naturreservat på sørsida via Jødeporten (Jewish gate). Vips var eg ved Europa Point igjen:
    20230519_172900.jpg

    No var klokka nærmare seks og eg tusla tilbake til krypinnet der eg dumpa ned i sofaen rundt klokka åtte. Då hadde eg 38 000 skritt bak meg, så det passa godt med ein roleg kveld.
     
    NorFlight, AirMags, paron and 15 others like this.
  15. Earl

    Earl Veteran

    Innlegg:
    2,533
    Likes mottatt:
    8,888
    Bonuspoeng:
    183
    Stakkars Karl snur seg nok i graven i sjokk og vantro over at du har degradert han. Mannen var keiser av det tysk-romerske riket og ikke bare konge ;)
     
    AirMags, Calling and Kristian like this.
  16. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,895
    Likes mottatt:
    41,421
    Bonuspoeng:
    293
    Laurdag i Gibraltar
    På ny vakna eg til sol frå blå himmel og etter ein lett frukost i krypinnet tok eg ein joggetur. Denne gongen runda eg flyplassen og det var ganske stas å kryssa flystripa som eg to dagar tidlegare hadde landa på!

    20230520_092157.jpg
    GIB, ein fin stad å jogga

    20230520_092201.jpg
    God utsikt mot Gibraltarklippa frå GIB

    20230520_094447.jpg
    Nordaustsida av Gibraltar i morgonsol
     
    NorFlight, AirMags, veeegard and 9 others like this.
  17. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,895
    Likes mottatt:
    41,421
    Bonuspoeng:
    293
    Neste post på programmet, etter ein frukost nummer to, var å få fiksa klokkereima som gjekk i stykker to dagar etter røvarkjøpet i Skopje. Her gjekk eg innom ein urmakar og forklårte problemet. Dei fiksa biffen -- heilt gratis! Eg prøvde tre gongar å få betalt, men dei nekta meg! Men eg måtte koma til dei neste gong eg skulle ha ei ny klokke...!
     
    AirMags, Calling, Berlioz and 7 others like this.
  18. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,895
    Likes mottatt:
    41,421
    Bonuspoeng:
    293
    Deretter gjekk eg på Gibraltar museum. Dette museet tar føre seg Gibraltars historie dei siste 40 000 åra. Vanlegvis kostar museet nokre pund å koma inn på, men dei markerte den internasjonale museumsdagen så det var gratis.

    Museet ligg i seg sjølv i eit interessant hus, i underetasejen har dei grave fram restane av gamle mauriske bad frå 1300-talet, om eg las korrekt.

    Det er ikkje eit stort museum, men vel verdt ein visitt!
     
    AirMags, Calling, paron and 7 others like this.
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,895
    Likes mottatt:
    41,421
    Bonuspoeng:
    293
    Neste stopp var eigentleg den botaniske hagen, men eg gløymte meg bort og vips var eg borte ved Jødeporten der planen var å gå opp på toppen av klippa via Middelhavstrappene.

    Då eg skulle løysa billett kjente portvakta meg igjen frå dagen før, og eg kjente att honom. Vi snakka litt laust om kva eg hadde gjort dagen før og kva eg skulle gjera i dag.

    Enden på visa vart at eg fekk inngang til reservatet heilt gratis i dag, og dermed sparte eg 18 pund... Det var altfor snilt, men kva kunne eg gjera? Mannen nekta å ta betalt og sendte meg til første trappetrinn...!

    Middelhavstrappene er ein fin tur som snor seg opp til toppen av klippa via austsida. Det er til tider luftig. Turen er ikkje lang og eigentleg ganske lettgått.

    Litt sus i magen vart det då eg titta ned!

    20230520_130803.jpg
    Stien før trappene

    20230520_131413.jpg
    Stadig meir luftig

    20230520_131614.jpg
    Middelhavstrappene

    20230520_133602.jpg
    Trinn for trinn

    20230520_134103.jpg
    Utsikten kunne ha vore verre!

    20230520_134439.jpg
    På toppen av Gibraltarklippa
     
    NorFlight, AirMags, Kalsnes and 12 others like this.
  20. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,895
    Likes mottatt:
    41,421
    Bonuspoeng:
    293
    Det var ein nokså varm dag. Planen var å gå innom O'Hara-fortet, men det var stengt. Her var det ikkje brann som var årsaka, men dei skulle fiksa taket. Vel, eg stakk innom restauranten på toppen og fekk ein ganske så god fish&chips samt litt drikke:
    20230520_143446.jpg

    På tur ned var eg innom keisar Karl V sin mur igjen. Tunnellane frå andre verdskrigen var framleis stengt og kringsetjingstunnellane frå 1780-talet gjesta eg dagen før. Likevel fann eg nye stiar og rusla litt rundt før eg søkte mot utgangen.

    Denne gongen valde eg å fokusera på eit maurisk slott bygd rundt år 1333. Her kan ein gå inn og opp på toppen av tårnet. Tårnet har overlevd heile ti kringsetjingar, så dette er solide saker!

    20230520_163026.jpg
    Minnetårnet dominerer i det mauriske slottet
     
    NorFlight, AirMags, veeegard and 11 others like this.

Del denne siden