Tindertur til Gibraltar

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 18. mai 2023.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,536
    Likes mottatt:
    36,999
    Bonuspoeng:
    293
    Det er korrigert! Konge, keisar, hoffnarr... Er det så nøye, då??
     
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,536
    Likes mottatt:
    36,999
    Bonuspoeng:
    293
    Etter å ha vore oppe i høgda vart det litt byvandring før eg igjen kryssa flystripa. Deretter tok eg med meg blyanten og ein bunke postkort bort til nærmaste strand og slappa godt av, noko som kanskje er lov med 34 000 skritt i bagasjen?

    20230520_163347.jpg
    Ikkje heilt typisk britisk?

    20230520_173252.jpg
    GIB -- igjen...

    20230520_200445.jpg
    Strandlivet

    20230520_200506.jpg
    Klippa sett frå stranda
     
    NorFlight, AirMags, Kalsnes and 13 others like this.
  3. Earl

    Earl Veteran

    Innlegg:
    2,410
    Likes mottatt:
    7,907
    Bonuspoeng:
    183
    Godt, godt. Da får nok keiseren ro i sjelen får vi tro ;)
    Og ja, en manns keiser er muligens en annen manns hoffnarr så sånnsett var du vel innenfor ;):D
     
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,536
    Likes mottatt:
    36,999
    Bonuspoeng:
    293
    Sundag ikkje i Gibraltar, men i Cádiz
    Vêrmeldinga for Gibraltar og områda rundt inkludert Tanger i Marokko, Málaga og Sevilla i Spania var ikkje spesielt lovande. Det var regn, regn og atter regn å sjå.

    Difor leigde eg ein bil og stakk til Cádiz, kanskje ein av dei eldste byane i Europa, tidlegare hovudstad i Spania, og i dag ein litt søvnig kystby med eit historisk sentrum som det er verdt å rusla rundt i. Vêrmeldinga verka lovande.

    Bestilling hos Avis vart levert laurdag kveld. Nøklane vart henta på Gibraltar flyplass og bilen stod på spansk side av grensa. Eg fekk ikkje med meg at eg måtte innom flyplassen, så det vart litt ekstra passvifting, men der var dei fleste kontrollørane opptekne med å pilla seg i nasen, så det var null stress, eg vart berre vifta gjennom.

    Køyreturen frå Gibraltar til Cádiz skulle ta ein time og eit kvarter, men ein liten navigasjonstabbe og litt trøbbel med å finna parkering då eg kom til Cádiz gjorde at eg brukte to timar, men det var no ikkje noko problem.
     
    NorFlight, AirMags, paron and 10 others like this.
  5. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,536
    Likes mottatt:
    36,999
    Bonuspoeng:
    293
    Cádiz har spor av busetnader 40 000 år tilbake i tid. Det har lenge vore ein levande hamneby og tidlegare hovudstad i Spania. Å gå rundt i det historiske sentrum gir eit sus av fordums stordom med tronge veiter og noko nytt på kvart eit hjørne.

    20230521_133016.jpg
    Porten på landsida inn i Cádiz' historiske sentrum

    20230521_134056.jpg
    Jesus held si hand over Cádiz

    20230521_152416.jpg
    Palmeallé i Cádiz
     
    NorFlight, AirMags, paron and 13 others like this.
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,536
    Likes mottatt:
    36,999
    Bonuspoeng:
    293
    Sjølvsagt kom det ei regnskur her i Cádiz, òg. På dette tidspunktet var eg litt småsvolten, så eg ramla innom ein liten tapasplass der inne i gamlebyen.

    Denne tapasstaden var svært spansk, noko som ikkje er så overraskande, kanskje. Menyen fanst berre på spansk, innehavaren snakka berre un poco ingles (bittelitt engelsk), men det hindra honom ikkje å fortelja masse om alle vala og maten. I tillegg plystra, song og nynna innehavaren litt til patos- og vibratofylt spansk 70- og 80-talsrock.

    Det var ikkje så ille mat, så eit fint lite stopp for noko å gnaga på. Maten fekk eg ikkje tatt bilete av, men her er fasaden:
    20230521_142413.jpg
    Tapasstaden Seblon i Cádiz
     
    Last edited: 22. mai 2023
    NorFlight, AirMags, paron and 11 others like this.
  7. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,536
    Likes mottatt:
    36,999
    Bonuspoeng:
    293
    Den største turistmagneten i Cádiz er kanskje katedralen. Han er stor, men for ein bygut (det finst berre éin by, folkens!) er det lite, om noko, som kan konkurrera mot Nidarosdomen! Likevel ein fin stad å titta innom:
    20230521_142650.jpg
    Fasaden til Cádiz-katedralen

    20230521_144443.jpg
    Hovudaltaret i Cádiz-katedralen
     
    NorFlight, AirMags, paron and 11 others like this.
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,536
    Likes mottatt:
    36,999
    Bonuspoeng:
    293
    Neste stopp var Castillo de Santa Catalina, eit festningsverk frå 1500-talet. Om eg skal vera ærleg så var det kanskje ikkje verdt eit besøk, men det var gratis. All informasjon var stort sett berre på spansk. Til slutt gjekk eit par måser til åtak på meg og då tassa eg vidare.

    20230521_154348.jpg
    Utsikt frå Castillo de Santa Catalina

    20230521_154436.jpg
    Inne på festningsområdet
     
    NorFlight, AirMags, paron and 11 others like this.
  9. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,536
    Likes mottatt:
    36,999
    Bonuspoeng:
    293
    Så gjekk turen til Park Genovés, den einaste grøne lunga innanfor murane til gamlebyen. Her er buskvekstane trimma i litt odde former, men blomane er fine:
    20230521_164350.jpg

    20230521_164005.jpg

    20230521_163450.jpg
     
    NorFlight, AirMags, paron and 11 others like this.
  10. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,536
    Likes mottatt:
    36,999
    Bonuspoeng:
    293
    Etter seks--sju timar gjekk turen tilbake til Gibraltar. Om Cádiz var verdt eit besøk? Altså, det er litt over ein times køyring og eg følte ikkje for å gå rundt i Gibraltar i ausande regn. Slik sett var det fint med eit alternativ denne dagen.

    20230521_172218.jpg
    Adjø til Cádiz

    20230521_172544.jpg
    Stranda ved Cádiz i det fjerne
     
    NorFlight, AirMags, paron and 11 others like this.
  11. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,536
    Likes mottatt:
    36,999
    Bonuspoeng:
    293
    Vel tilbake i Gibraltar var det framleis grått, men det vart ein liten ruslerunde for å finna litt mat. Når du krysser flystripa møter dette monumentet deg:
    20230521_193620.jpg

    Og dette er inngangen til torget i Gibraltar:
    20230521_200134.jpg
     
    NorFlight, AirMags, paron and 11 others like this.
  12. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,536
    Likes mottatt:
    36,999
    Bonuspoeng:
    293
    Fish & chips på The Clipper til 12 £ vart middagen. Det måtte litt salt, pepar og sitron til for å få noko smak på maten, men det gjekk ned. Sjokoladekaka til dessert var veldig god!

    20230521_202731.jpg

    20230521_205254.jpg

    Dagen vart avslutta på 27 000 skritt...
     
    NorFlight, AirMags, paron and 10 others like this.
  13. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,536
    Likes mottatt:
    36,999
    Bonuspoeng:
    293
    Avreisedag frå Gibraltar
    Før flyet heim rakk eg ein joggetur til Europa Point. Eit siste blikk i retning Gibraltarstredet:
    20230522_081638.jpg

    20230522_081819.jpg

    Fyret på Europa Point

    20230522_082134.jpg
    Moskéen og Gibraltarklippa
     
    NorFlight, AirMags, paron and 8 others like this.
  14. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    14,742
    Likes mottatt:
    872,578
    Bonuspoeng:
    293
    Savner noe juicy om Tinder??
    Ser at du opplever mye, men Tinder?
     
  15. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,536
    Likes mottatt:
    36,999
    Bonuspoeng:
    293
    Du er ei tøs etter sladder, @Eddie47!
     
    Finnks, RoadKing and Eddie47 like this.
  16. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    14,742
    Likes mottatt:
    872,578
    Bonuspoeng:
    293
    JA
    En tøs - tøsen!
     
    Kristian liker dette
  17. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,536
    Likes mottatt:
    36,999
    Bonuspoeng:
    293
    Eg er såpass feministisk og inkluderande av meg at eg har ikkje diskriminert bort hokjønn frå verken skrift- eller talemål. Her har du, @Eddie47, ein veg å gå, unge mann!
     
    Last edited: 22. mai 2023
    paron, Eddie47, Brukernavnet and 2 others like this.
  18. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,536
    Likes mottatt:
    36,999
    Bonuspoeng:
    293
    Det British Airways som skulle fly meg ut av Gibraltar. Innsjekken gjekk veldig raskt, men tryggleikskontrollen tok sommar og vinter. Det er sjølvsagt eigen businessinnsjekk hos BA, men inga hurtigkø på flyplassen. Ergo måtte eg stå i lag med bermen... Brrr...!

    Vel, etter eit kvarters tid og nokre spanske gloser tok gjennomlysingsmaskina ein spansk ein... Eller ein minisiesta. Så då stod vi der alle og bløma i fem minutt og så var vi i gang igjen.

    Flyg du BA i C-klasse har du tilgang til lounge på Gibraltar lufthamn, men denne loungen fekk den gamle innanrikskantina SAS hadde borte ved A12 til å framstå som ein luksuslounge til samanlikning. Eg tok to muffin, eitt glas juice og gjekk ut igjen.

    Du har frå loungen fin utsikt til flystripa, men det var ingen sitjeplassar ledig, så eg tusla ut til bermen og fann meg ein plass der. Bermen kan nemleg òg sitja ute på verandaen og sjå på flystripa og Gibraltarklippa!
     
    NorFlight, AirMags, paron and 9 others like this.
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,536
    Likes mottatt:
    36,999
    Bonuspoeng:
    293
    Easyjet stod parkert då eg kom til flyplassen:
    20230522_113443.jpg

    Litt seinare kom BA inn frå Heathrow:
    20230522_114659.jpg

    20230522_120556.jpg
    Speedbird har parkert
     
    NorFlight, AirMags, paron and 9 others like this.
  20. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,536
    Likes mottatt:
    36,999
    Bonuspoeng:
    293
    Vel oppe i marsjhøgde baud BA på vått og tørt til oss plassert framom gardina. Vanlegvis er det servering direkte frå galley til kvart sete, men i dag vart både drikke og mat delt ut frå tralle.

    Lønsjen var anten biff med potetmos eller spinatpasta. Eg gjekk for sistnemnde som smakte ganske så godt. Det er òg mogleg eg var svolten for dette var dagens første ordentlege måltid for min del:
    20230522_140414.jpg

    Maten vart skylt ned med litt sjampanje, sjølvsagt! Tenk om SAS hadde servert noko slikt mellom Gardermoen og Nord-Noreg/Svalbard? Legg merke til metallbestikket!
     
    NorFlight, AirMags, paron and 12 others like this.

Del denne siden