Italiensk mat, på italiensk måte

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Italiensk mat er fantastisk! Men det å finne eller gå på ein god italiensk restaurant utenfor turistområder kan vera litt vanskeleg. Men eg har tips

Italia er mitt favoritt ferieland! Maten er fantastisk, landet er nydeleg, og folket har ein avslappa livsstil, sett bort frå i trafikken. Familien er viktig, og det viktigaste samlingspunktet er rundt måltidet, og dei viktigaste måltidene er lunsj, Pranzo og middag, Cena.

Polpo, 8 arma blekksprut på Italiensk. Fantastisk!

Eg er mest vand med å reise i Nord-Italia, og det kan vera litt ulikheiter mellom korleis måltidet er satt saman rundt i Italia, men stort sett så er det satt saman slik:

  • Antipasto
    • Betyr før måltidet, og er små appetittvekkere til litt større retter. Eg bruker ofte å bestille Misto de Antipasti(blandede ulike småretter) eller noko som er typisk
  • Primi
    • Fyrste rett, her er det pasta, gnocchi, risotto eller andre varianter av korn, potet, mais
  • Secondo
    • Andre rett, eller hovudrett. Dette kan være kun kjøtt eller fisk, eller ein rett som er samansatt av ulike elementer. Nordmenn kan reagere på at det er litt lite grønnsaker, potet eller saus, og om ein vil ha det, så bør ein bestille dette.
      Potet er Patate, i ovn er Al Forno, frittert er Fritto
      Grønnsaker er Verdure, og grillet er Grilliato
  • Dolce
    • Søtt, dessert

Ein treng ikkje bestille alle retter, og om ein har lyst til det, så finnes det ofte ein meny Completto, som har ein eller fleire retter av kvar kategori som kan bestilles av kvar enkelt eller til heile bordet. Dette er ofte til ein god pris, og inkludert kaffe, enkel vin og copperto(pris for å sitte ved bordet, ofte ein eller to euro, om du ikkje sitt på Marcusplassen)

Når me er på tur med ungene, så bestiller eg ofte ein pasta rett til ungene, og til dei vaksne så blir det nokre antipasti, og ein primi eller secondo. Dessert vil alle ha. Eg ber også om at rettene til ungene skal arriva subito(som betyr så snart som mogleg). Men det hender også at me kjører meny completto.

Squash-blomst, Zucchini fiole

I blant så er engelskkunnskapen ikkje den beste, men då er google kjekk og ha. Ein kan også spørje om råd, Mi consigla.

Type restauranter i Italia?

Dette er ein kjapp oversikt, men det finnes andre typer der ein får mat, enoteca, barer, paninoteca, etc.

  • Tavola Calda
    • Betyr eigentleg varmt bord, og er det enkleste av restauranter
  • Osteria og Trattoria
    • Er alt frå enklere restauranter til flotte spisesteder. Verdas beste restaurant er eit Osteria(Ost=Host= vert), vertshus. Eg ender ofte opp på desse, då dei ofte er lokale
  • Pizzeria
    • Hovedvekt på pizza, men har andre retter
  • Ristorante
    • Restaurant, men kan vera frå enklere steder til svært bra restrauranter.

Korleis finner ein gode plasser?

Eg bruker google framfor tripadvisor, men eg bruker helst boka eller appen til Slow Food Italia, Osterie d’Italia, https://www.slowfood.it/osterie-ditalia-2019-tutte-le-chiocciole-delledizione/

Bibelen

Her finn ein fram til gode restauranter til ein god pris, og som ofte er lokale spisesteder. Eg har brukt denne i byer som er spekka med elendige turistfeller som Roma og Firenze, og på landsbygda. Ein bør vera villig til å ete noko anna en Lasagne og Pasta Bolognese, men her finn ein fram til dei gode plassene!

Carne Cruda, ein slags tartar, men trøffel

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *