Kjenner du alle Widerøe sine destinasjonar i Norge?

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Widerøe har lansert eit spel der du skal prøve å plassere alle deira 42 destinasjonar riktig på kartet. Kor mange klarar du?

Du har eit minutt på å plassera so mange destinasjonar du klarar. Kvar fredag i desember vil Widerøe trekke ut ein vinnar blant dei 30 beste resultata. Premien er eit gåvekort på to flybillettar t/r med Widerøe i Noreg. Etter nyttår vil også den som har det aller beste resultatet i perioden få ein spesialpremie. Her kan det altså løne seg å køyre igjennom nokon gongar for å få det aller beste resultatet.

Du finn spelet her.

Kor mange riktige klarar du? Del gjerne resultatet ditt i kommentarfeltet eller på vårt forum.

Vilkår

Fredag kl 12.00 (8., 15., 22. og 29. desember) vil det bli trekt ein vinnar blant dei 30 beste resultata gjennom veka. Rett over nyttår premierast det aller beste resultatet med ein bonuspremie. Vinnarane vert kontakta på e-post og resultatet vert publisert på Facebook. Gåvekortet vert tilsendt per e-post.

Spel-resultat vert også publisert gjennom veka. Konkurransen er open for alle (men Widerøetilsette kan ikkje vinne), vinnarar under 12 år må reise i følgje med ein vaksen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *