NH Collection Genova Marina

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Me har tilgang på eit hus i Barbera Asti-land, og me har vore titt og ofte innom Genova, som ligg ein times kjøretur unna. Og me har gått forbi eit hotell midt i byen, og midt i marinaen, og tenkt at her må me prøve å bu. No er tida kommet.

Hotellet, slik heimesida viser det

Bestilling

Turen til Genova var planlagt i god tid, og det var bestilt eit fleksiblet opphold på eit godt hotell litt før sentrum. Men ei veke før opphaldet, så fekk Expedia ein særs god pris på dette hotellet, og me kasta oss på og booka to rom til foreldre og eit born på 7, og eit rom til våre to døtre på 12. Me betalte 1150 kr for ei natt med frukost, noko som var overkommeleg. I forkant hadde eg dialog med hotellet via Expedia sin plattform, og dette fungerte utmerket, og hotellet overleverte med omsyn til sørvis!

Fantastisk utsikt frå balkongen

Hotellet

Hotellet ligg som sagt midt i marinaen til Genova, og ein ser over til akvariet, og på 3 minutt er du i Centro Storico, som er gamlebyen. Dei fleste rom har ein liten balkong, med utsikt ut i havna og opp i fjellet. Me hadde tre rom, og alle hadde utsikt begge veger. Det er eigen parkering i kjelleren, og dette er greit å vite, då ein må gjennom eit gjeng med souvernirselgere på veg til parkering. Parkering koster €20, og det gjald frå me kom til me reiste, noko som er ganske ok.

Hotellet er ganske nytt, og det er litt mørkt innvendig, men når ein kjem til restauranten så lysner det opp. Det har bar, restaurant og eit leikerom.

Sittegrupper i resepsjonen
Leikerom

Rom

Me hadde eit normalt rom med utsikt, og eit av romma hadde ein liten sovesofa. Rommene er typiske internasjonal 4 stjerners rom, med flott balkong og bad med den typiske italienske bideet. Rommet var rent, og hadde det me trengte, det var ikkje stort og ikkje lite. Prisene i minibaren var hinsides alt fornuft, men me tok kun ei flaske vatn, som kun var 2,5 ganger kioskpris, mot cola, som var ein 4-5 ganger kioskpris.

Standard hotellrom

Frukost

Dette er kanskje den beste italienske frukosten eg har fått, men det har fortsatt litt å gå på jamfør norsk standard. Men det hadde alt, inkludert kaffe, te, omelett og egg servert ved bordet. Svært gode juicer og ein prosecco var også der, og godt med søtt. Det var også to kaffemaskiner der, som lagde overraskende god kaffe. Frokostsalen hadde også god bemanning, og hadde fantastisk utsikt. Me satt i frukostsalen i over ein time, då stemningen og kvaliteten på alt var god. Det er ikkje av dei frukostene med det beste utvalget eller beste kvaliteten eg har hatt, men når eg legg på totalinntrykket, så var eg særs imponert. Det var heller ikkje så dyrt.

Innsjekk og utsjekk

Me fekk eit rom ved ankomst kl 1330 og dei andre romma var klare etter lunsjen kl 1530. Det var sein utsjekk etter italiensk standard, klokka 12.
Som vanleg, så var innsjekk treigt. 7 personer som skulle inn, og alle skulle registreres med pass, info og kredittkort på alle rom, men det var ikkje kø.
Ved utsjekk, så var det kø når me gjekk på rommet for å hente pickpack, men når me kom til resepsjonen klokka 11.59 så var køen borte og me sjekka kjapt ut. Kun byskatt på dei vaksne og parkering var å betale, og me fekk validert parkeringsbillettene når me kom attende nokre timer seinare frå byvandring.

Konklusjon

Genova er ein fantastisk by, med ei unik havnehistorie. Fortsatt kan du føle litt på dette ved å gå nokre gater ut av hovedgatene. Du finn ulike kulturer og kjøp og salg av det alle desse kulturene(og ukulturer) treng. Me gjekk ut i gatene for å finne ein nattopen butikk, og fann ein butikk drevet av ein familie frå Bangladesh. Her fekk me det me trengte, og i tillegg hadde dei fersk kjøtt og diverse stykningsdeler som ikkje var vanlege i Norge. Mine reisepartnere synes kalvehjerne ikkje var så hyggeleg å finne på ein nattopen butikk i dei litt mindre besøkte delene av Genova. Eg synes dette føyer seg inn i sjarmen av denne fantastiske byen.

Når det er sagt, så var det godt å ha eit fantastisk hotell som NH Collection Genova Mariana. Hit vil eg komme fleire gonger og då helst ha frukost fleire gonger.

Utsikt frå rom
An unexpected error occurred. Please try again later.