No kjem Kalix Löjrom tilbake i SAS Business

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Då SAS den 1. februar 2017 serverte dei første porsjonane med den nordiske kaviaren Kalix Löjrom var det første gong at det ein nordisk kaviar på menyen i businessklasse. Etter at det har vore pause gjennom sommaren er det no på nytt sesong for denne delikatessa.

Sjef for måltidsplanlegging i SAS, Peter Lawrance, har opplyst til InsideFlyer at den nordiske kaviaren kjem tilbake i businessklasse frå den 1. november 2017.

Førebuingane har gått over lengre tid for at det skulle bli klart til vintermenyen trer i kraft. Du kan sjå video frå førebuingane her – det er Peter Lawrance sjølv som har laga opptaket:

At Kalix Löjrom ville kome tilbake på menyen har vi fått bekrefta tidlegare, men ikkje kva tid. Då vi fekk sjå dette bilete frå Peter Lawrance den 1. september vart vi klare over at det mest truleg ville bli i forbindelse med vintermenyen.

Etikettane til dei små glasa er klare. Foto: Peter Lawrance

Skal du ut å fly SAS i deira businessklasse etter 1. november kan du sjå fram til å smake denne delikatessa.

Kalix Løjrom er den nordiske kaviaren og er ei delikatesse

Då er det berre å seie velbekomme.

Har du smakt Kalix Löjrom? Del gjerne dine erfaringar på vårt forum.

Denne artikkelen vart opphavleg skriven av Henrik Olsen for vår systerside Insideflyer.dk.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *