No kjem SAS Plus Saver innenlands

SAS Airbus A320neo

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

No har SAS også lansert billettar i klassa Plus Saver innenlands.

Ikkje heilt uventa har SAS lansert endå ei billettklasse på innenlandsflygingar. Tidlegare har Plus Saver berre vore tilgjengeleg på flygingar ut i Europa og USA/Asia. Alle Plus-billettar innanfor Norge har vore kansellerbare og endringsbare utan avgift. Du har riktig nok måtte betalt mellomlegget om dei nye billettane var dyrare. Dersom du no kjøper ein Plus Saver-billett vil du måtte betale ei avgift på kr 600 ved endring eller avbestilling. I tillegg til Plus Saver vil du kunne velje SAS Plus og SAS Plus Full Flex. Billettane er tilgjengelege allereie frå i dag. Du vil opptene like mange poeng i Saver-klassa som i den vanlege Plus-klassa, du vil framleis tene meir på Full Flex.

Når SAS lanserte klassene Go og Plus var fokuset i si tid at det skulle vere enkelt å forhalde seg til. No må ein halde tunga beint i munnen dersom ein skal bestille billettar. Kva som vil skje med billettprisane i dei forskjellege Plus-klassene vert interessant å sjå. Etter at det vart utrullert i Europa og USA/Asia har det verka som om Saver har lagt seg på eit omtrent same nivå som dei gamle Plus-billettane, medan Plus-billettane har fått ein auke markant auke i prisen.

Kva meiner du? Blir det for komplisert med dei nye klassene? Ta gjerne diskusjonen på vårt forum.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *