Denne helga bør du handle med SAS Mastercard Premium

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Innehavarar av SAS Mastercard Premium vil i perioden 2. til 4. mars få doble poeng på kortbruk.

Vi har tidlegare skrive om årets største kredittkortnyheit. Dette er eit svært interessant kort som opnar store moglegheiter dersom du får nytta dei beste fordelane. Har du opptent over 200.000 poeng dei siste tolv månadane kan du fly Business for prisen av Go på alle SAS sine langdistanseruter når du betalar med poeng (gjeld berre best pris, ikkje best tilgjengelegheit). Denne fordelen vert ytterlegare forsterka ved at den kan kombinerast med SAS sine poengkampanjar. Under ein tidlegare kampanje kunne du få fly Business på alle SAS sine langdistanseruter for berre 48.000 poeng.

Kampanjen med doble poeng betyr at du får hhv 30, 40 og 50 poeng per 100 kr du omset på kortet. 30 poeng på vanleg bruk og 40 poeng på bruk i utanlandsk valuta. Handlar du på sas.no får du heile 50 ekstrapoeng per 100kr.  Hugs at du også får 1000 statuspoeng kvar månad. Desse vil hjelpe deg på vegen mot sølv-, gull- eller diamantkort, men kan ikkje nyttast til å kjøpe bonusbillettar.

På forumet har vi ein stor tråd om dette kredittkortet, der kan du finne det meste som er verdt å vite.

Vilkåra for kortet finn du her, og vi vil minna om fornuftig kortbruk.

Vilkår for kampanjen:

Doble poeng gjelder ikke for kontantuttak. Husk at når du handler på nett så godkjenner du at beløpet trekkes fra kortet ditt, mens selve transaksjonen ofte gjennomføres senere. Det er dato for transaksjonen som ligger til grunn for poengoverføringen.
Fra 2.- 4. mars 2018 får du 30 Ekstrapoeng per hundrelapp du handler for i norske kroner, 40 Ekstrapoeng ved kjøp i utenlandsk valuta og 50 Ekstrapoeng ved kjøp av flybilletter på sas.no.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *