Supernyheit frå Emirates – oppgradering av bar og lounge ombord på Airbus A380

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Det var ikkje venta at Emirates på årets ITB i Berlin ville presentere ein ny og oppgradert bar og lounge om bord på deira Airbus A380.

Heilt sia 2008 har Emirates hatt bar og lounge for business- og førsteklasse ombord på deira Airbus A380. Dette er også tilgjengeleg på ruta frå København der Emirates nyttar denne flytypen, no vert denne oppgradert.

Emirates sin oppgraderte bar og lounge

Det ser ut til at Emirates har lytta til nokre av kommentarane om å skape ein betre lounge, og ikkje berre ein bar. No vert det fleire sitteplassar og det ser veldig hyggjeleg ut.

Slik ser den noverande baren ut:

Dagens bar og lounge ut

Emirates beskriv det nye konseptet slik:

While retaining the trademark horseshoe-shaped bar, Emirates’ latest A380 Onboard Lounge will offer more seating space with a new seating arrangement along the windows on both sides of the bar. Inspired by private yacht cabins, each seating area will have a table and window view. Overall, the lounge can comfortably accommodate up to 26 passengers at a time, including 8 seated.

Der kan no vere 26 personar i loungeområdet og åtte av desse får sitteplassar med bord. Dette er heilt nytt og heilt klart ei forbetring.

For å sikre at støyen ikkje forstyrrar dei som sit den bakre delen av businesskabinen har dei gjort dette:

Emirates will also introduce soundproof curtains to partition the Onboard Lounge area from the other cabins, put in additional soft ambient lighting options, new window blinds with integrated LED mood lighting, and subwoofers for surround sound. The lounge also features a 55 inch LCD screen so customers can view the latest flight information, or enjoy live TV broadcasts of the latest news or sports updates.

Løysinga er at dei har introdusert gardiner med støydempande effekt. Det vert interessant å sjå korleis dette fungerar. Ny LED-belysning vil gjere lyset meir behageleg og dei har oppgradert lydsystemet med ny subwoofer og surroundlyd. Det høyres spennande ut.

Sjå videoen der Emirates presenterar sin nye bar og lounge:

Rykta i forkant av ITB i Berlin seier at Emirates vil presentere ein heilt ny førsteklasse-kabin. Med den oppgraderte baren og loungen gjev det meining at det kjem eit nytt og oppgradert kabinkonsept på deira A380-flåte. Det vert spennande å følgje dette på ITB om eit par veker.

På ITB i Berlin skal også Qatar Airways presentere sin nye Business Class. Dette er eit produkt dei sjølv kallar for ein ”Super Business Class”.

Artikkelen vart først publisert av Henrik Olsen på vår systerside insiderflyer.dk

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *