Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.
I mars reiste om lag 4,43 millionar passasjerar gjennom Avinor sine lufthamner. Det er ein auke på 4 prosent samanlikna med same månad i fjor. Utviklinga heng saman med at fleire flyr til og frå utlandet, medan talet på innanlandsresande óg hadde ein moderat vekst.
Talet på utanlandsreisande auka med 6,4 prosent i mars samanlikna med fjoråret, medan talet på innanlandsreisande steig med rundt 2 prosent. Totalt viser tala at fleire reiser både innanlands og til utlandet.
Høgare passasjertal og færre flyrørsler
Sjølv om passasjertala for alle Avinor sine lufthamner auka i mars, gjekk talet på flyrørsler noko ned. I mars blei det registrert om lag 58400 flyrørsler, ein reduksjon på rundt 2,4 prosent samanlikna med fjoråret. Dette indikerer at flya i gjennomsnitt hadde fleire passasjerar per avgang enn tidlegare og dermed høgare kabinfaktor.
Tala for mars viser ei vidare utvikling i passasjertala, særleg driven av internasjonale reiser. Flygingar til Midtausten har vore sterkt påverka i mars, men i dei overordna tala er ikkje dette synleg, noko som tyder på at trafikken til dels har flytta seg. Samstundes ser vi at innanriksmarknaden har ei jamn utvikling.
Gaute Skallerud Riise, direktør trafikkutvikling i Avinor.
Passasjertala førebels lite påverka av krig i Midtausten
Passasjertala for mars synes å vere lite påverka av krigsutbrottet i Midtausten. Samstundes må vi legge til grunn at mykje av trafikken og billettsalet var gjort før krigshandlingane starta og drivstoffsituasjonen endra seg dramatisk. Avinor følgjer utviklinga tett. Me legg til grunn at både uavklart sikkerheitspolitisk situasjon og potensielt høge drivstoffprisar framover, vil kunne påverke reiseaktiviteten.
Bergen lufthamn med sterkaste vekst blant dei største lufthamnene
Bergen lufthamn Flesland hadde i mars den sterkaste passasjerveksten blant landets største lufthamner. Over 541000 passasjerar reiste via Bergen i løpet av månaden, noko som er nær 6 prosent fleire enn i mars i fjor.
Veksten var særleg høg blant utanlandsreisande, som auka med meir enn 13 prosent, medan talet på innanlandsreisande òg hadde ein tydeleg oppgang. Dermed styrkjer Bergen si rolle som ei sentral lufthamn for både Vestlandet og internasjonale reiser.
Utviklinga i Bergen speglar både auka internasjonal etterspurnad og jamn aktivitet i innanriksmarknaden. Det gir eit godt bilete av trafikkmønsteret i regionen.
Gaute Skallerud Riise, direktør trafikkutvikling i Avinor.
Her er tal frå dei største lufthamnene (DSL) og dei regionale lufthamnene (DRL):
| Mars | Hittil i år | |||||
| Lufthamn | 2025 | 2026 | Endring | 2025 | 2026 | Endring |
| Oslo | 2 104 000 | 2 166 000 | 3 % | 5 654 000 | 5 827 000 | 3 % |
| Bergen | 511 000 | 535 000 | 5 % | 1 368 000 | 1 415 000 | 3 % |
| Trondheim | 366 000 | 354 000 | -4 % | 941 000 | 932 000 | -1 % |
| Stavanger | 322 000 | 325 000 | 1 % | 862 000 | 868 000 | 1 % |
| Sum DSL | 3 302 000 | 3 380 000 | 2 % | 8 825 000 | 9 041 000 | 2 % |
| Tromsø | 294 000 | 307 000 | 5 % | 838 000 | 934 000 | 11 % |
| Andre DRL | 671 000 | 714 000 | 6 % | 1 789 000 | 1 896 000 | 6 % |
| Sum DRL | 965 000 | 1 021 000 | 6 % | 2 627 000 | 2 829 000 | 8 % |
| Avinor sum | 4 267 000 | 4 402 000 | 3 % | 11 452 000 | 11 871 000 | 4 % |
Flyselskapa startar opp sommaren med kjente og fleire nye destinasjonar
Siste helga i mars markerer overgangen til flyselskapa sine sommarprogram, noko som medfører auka aktivitet ved flyplassane våre. I tillegg til fleire avgangar og tilbakekomst av kjente sommardestinasjonar, byr sommarprogrammet i år også på fleire nye destinasjonar. Det er gledeleg å sjå at ruteprogrammet blir utvida til glede for privatpersonar, reise- og næringsliv i heile landet, held Skallerud Riise fram.
Sjå alle dei nye destinasjonane i vedlegget.
Droneflyging aukar om våren
I mars vart 2316 droneplanar registrerte. Dette er ein auke på 2 prosent frå mars i fjor, og heile 800 fleire enn i februar.
Fleire flyg drone når veret blir betre, difor ser ein at tala aukar rundt påske. Vi veit òg at sommaren er høgsesong for droneflyging.
Vi er glade for at mange flyg drone lovleg, og oppmodar alle om å halde fram med dette når vi går mot lysare dagar og endå betre droneforhold.
Mats Gjertsen, leiar for Avinor sitt droneprogram.
Kilde: Pressemelding fra Avinor
Foto: Avinor/PR






Legg igjen en kommentar