Bilete frå då SAS feira 60-årsdagen for ruta mellom København og Tokyo

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Fredag 24. februar var det 60 år sia SAS opna ruta frå København til Tokyo. InsideFlyer var som einaste medie på plass ved gaten for å feire det med SAS og gjestane som skulle til Tokyo.

Fredag tok SK983 av mot Tokyo kl 15.45 her kan du sjå bilete frå opplegget i København, ombord i flyet og i Tokyo.

Gate C36 var pynta for anledninga

Gaten i København

Lars Sandahl, operasjonell konserndirektør i SAS heldt ein tale ved gaten, han prata om viktigheita av denne ruta for SAS. Han kom også inn på viktigheiten av at SAS var det første flyselskapet som byrja å fly via Nordpolen. Han innleia sin tale med å ynskje velkomen på japansk, noko som vart teke godt imot av japanarane i gaten.

Lars Sandahl, operasjonell konserndirektør i SAS holdt bursdagstalen

Lars Sandahl sa mellom anna:

SAS har i nu 60 år fløjet mellem Skandinavien og Tokyo. Dette har betydet meget for både befolkningerne i både Japan og Danmark, erhvervet, turismen og for kulturlivet. Dertil er vi glade for at se at der år efter år kommer flere japanske turister til Skandinavien.

Vi er også glade for at have haft en delegation fra Sony Life Insurance på besøg. Det er et tydeligt bevis på at både Japan og Danmark kan lærer noget af hinanden, samt udveksle erfaringer.

Du kan sjå eit utdrag av talen her:

Ombord i flyet

Ombord i flyet skulle 60-årsdagen feirast. Som dessert hadde Peter Lawrance, mat- og drikkeansvarleg i SAS, sørgde for at alle fekk ei spesiallaga kake. Kaka var inspirert av Gåsebryst, ei klassisk dansk fløytekake, og dermed ein ganske lekker dessert i forhold til kva vi ofte ser i lufta. Spesielt for dei som flaug i SAS Plus og Go var det ei oppgradering. Det vart i tillegg servert både kake og drikke ved gaten i både København og Tokyo.

Kakene, slik dei vart presentert for passasjerane i Business Class

Passasjerane fekk som vanleg anledning til å velje mellom fleire dessertar, men på denne avgangen var den vanlege kaka bytta ut med bursdagskaka.

Slik vart dei servert

For passasjerane i Plus og Go erstatta bursdagskaka den vanlege kaka, og inngjekk som ein del av hovudmåltidet.

Kaka vart også brukt som dessert i SAS Plus og Go

Gaten i Tokyo

Ved gaten i Tokyo vart det også markert. Dei kvite hanskane var funne fram og eit langt band vart klipt over av ikkje mindre enn seks personar.

Dagen vart også feira i Japan

Fleire bilete frå fredagens feiring

Denne bildekrusellen krever javaskript.

Her kan du sjå kva SAS vanlegvis serverar til passasjerane i Business Class:

Denne artikkelen vart først publisert av Henrik Olsen på vår danske systerside, InsideFlyer.dk.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *