Diplomatisk konflikt: Flygingar mellom Qatar og andre land i Midtausten er innstilte

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Qatar er for tida i konflikt med fire naboland: Bahrain, Egypt, Saudi-Arabia og Dei Forente Arabisk Emirater. Fleire flyavgangar mellom landa av kansellert.

Diplomatiske forbindelsar er brotne, og også på andre punkt er det avgrensingar. Dette påverkar også reisande i regionen, ettersom fleire av landa er populære transittflyplassar.

Kansellerte flyavgangar

Inntil vidare har Etihad Airways, Emirates og FlyDubai annonsert at dei kansellerar alle flygingar til Qatar frå og med morgonen den 6. juni. Passasjerar vert booka om eller dei kan få refundert billetten. Regjeringane i landa har ikkje lagt ned nokon offisielle sanksjonar, men det er venta at dette kan kome. Også restriksjonar i luftrommet vil kunne verte aktuelt.

CEO i Qatar Airways og Emirates
Då dei fleste flyselskapa i regionen er knytt til statane kan dei også velje å suspendere flygingar i eige selskap, sjølv om det ikkje er innført sanksjonar frå regjeringa si side.

Sjølv om dette primært har betyding for reisande i regionen vil dei europeiske transittpassasjerane også bli skadelidande. Det er stor grunn til å tru at Qatar Airways vil få store problem med operansjonane sine framover, og det vil mest truleg bli mykje forseinkingar. Doha er ein populær transittdestinasjon frå Europa til Gulflanda med Qatar Airways, spesielt til destinasjonar i Dei Forente Arabiske Emirater.

Vi følgjer denne saka etterkvart som den utviklar seg og du kan inntil vidare følgje med og diskutere utviklinga på vårt forum.

Denne artikkelen vart først skriven av The Flying Dutchboy på vår systerside, Insideflyer.nl.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *