Doble poeng med SAS Eurobonus Mastercard Premium

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Dersom du søker på SAS Eurobonus Mastercard Premium før 8. desember vil du få doble poeng i heile januar. I tillegg vil alle eksisterande korthavarar få doble poeng i helga 15.-17. desember.

Vi har tidlegare skrive om årets største kredittkortnyheit. Dette er framleis er svært interessant kort som opnar for store moglegheiter dersom du tenar nok poeng til å få nytta deg av dei beste fordelane. Har du opptent over 200.000 poeng dei siste tolv månadane kan du fly Business for prisen av Go på alle SAS sine langdistanseruter når du betalar med poeng (gjeld berre best pris, ikkje best tilgjengelegheit). Denne fordelen vert ytterlegare forsterka ved at den kan kombinerast med SAS sine poengkampanjar. Under den førre kampanjen kunne du få fly Business på alle SAS sine langdistanseruter for berre 48.000 poeng.

Dersom du har vurdert å skaffe deg Premium-kortet kan det lønne seg å slå til no. Du vil då få 10.000 velkomstpoeng i tillegg til doble poeng på alle kjøp i januar. Hugs at du også får 1000 statuspoeng kvar månad. Desse vil hjelpe deg på vegen mot sølv-, gull- eller diamantkort, men kan ikkje nyttast til å kjøpe bonusbillettar.

Eksisterande kundar bør også melde seg at ein vil få doble bonuspoeng i helga 15.-17. desember. Dette har blitt rapportert på vårt forum. Det kan difor løne seg å gjere mykje av julehandelen denne helga.

Du finn informasjon om kampanjen og kredittkortet her.

På forumet har vi ein stor tråd om dette kredittkortet, der kan du finne det meste som er verdt å vite.

Vilkåra for kortet finn du her, og vi vil minna om fornuftig kortbruk.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *