Test: Quality Hotel Sogndal

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

I forbindelse med eit kurs fekk eg anledning til å bu på Quality Hotel Sogndal. Det var slett inga dårleg oppleving.

Når hotellet eg skal bu på vert booka av andre sender eg alltid ein e-post til hotellet eit par dagar før overnattingsdatoen. Her oppgjev eg medlemsnummeret mitt i fordelsprogrammet, og eventuelt andre relevante ting. Eg har gullkort i Nordic Choice Club og ein av fordelane er her oppgradering til beste tilgjengelege romkategori.

Hotellet har ein del parkeringsplassar, men det vil vere noko avgrensa i den komande tida. Hotellet skal byggjast ut, og bli vestlandet sitt største distriktshotell. I bygningsperioden fram til 2019 kan ein måtte parkera på parkeringa ved Amfi Sogningen.

Quality Hotel Sogndal ligg sentralt i Sogndal sentrum og det er kort avstand til busstasjon og kjøpesenter.

Resepsjonen

Eg sjekka inn i ein pause under den første kursdagen. Under innsjekk vart eg også opplyst om at eg hadde fått oppgradering til ein av dei tre suitane på hotellet. Hotellet har også seks juniorsuitar.

Rommet

Suiten var delt inn i to rom, pluss bad. Opphaldsrommet inneheldt sofa, eit par stolar og ein TV. I tillegg var det eit garderobeskåp som også inneheldt eit kjøleskåp og ein liten arbeidsbenk. I garderobeskåpet hang det også ei badekåpe. TV-en i opphaldsrommet fungerte ikkje skikkeleg, og eg måtte nytte TV-en på soverommet dersom eg ville sjå på noko.

Denne bildekrusellen krever javaskript.

Soverommet var stort og luftig og senga var særs behageleg.

Denne bildekrusellen krever javaskript.

Badet hadde også dei fasilitetar ein forventar, to vaskar og kombinert bad og dusj.

Denne bildekrusellen krever javaskript.

Andre fasilitetar

Hotellet har WiFi og dette fungerte heilt fint. Hotellet har gode konferansefasilitetar og desse vil bli endå betre etter den føreståande utbygginga. Hotellet har også ein gourmet hamburger-restaurant, Vågal Burger & Gin, som haustar mykje skryt lokalt. Eg fekk ikkje testa denne. Hotellet har også ein italiensk restaurant som vert kalla La Pergola.

Fordelsprogram

Nordic Choice Club er Nordic Choice sitt lojalitetsprogram. Her kan du opptene poeng på både opphald og andre utgifter du måtte setje på rommet. Som hovudregel får du eit bonuspoeng per krone du nyttar. Du finn meir informasjon på hotellkjeda si heimeside. Vi anbefalar det også å lese vår guide. Du kan også lese andre sine erfaringar og bidra med dine eigne erfaringar på vårt forum.

Konklusjon

Eg hadde eit behageleg opphald på Quality Hotel Sogndal. Sett vekk ifrå at TV-en i opphaldsrommet ikkje fungerte so har eg eigentleg ikkje noko anna å utsetje på hotellet. Konferansefasilitetane er gode og softismaskina er alltid ein populær fasilitet ved mange av Quality-hotella.

 

Oversikt

Fordeler

Gratis parkering
Suite-oppgradering

Ulemper

Defekt TV i opphaldsrommet

Service

Beliggenhet

Rom

Fasilitetar

Verdi

Overall Rating

Konklusjon

Fint hotell, kan anbefalast

3.9

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *