Elektrisk fly landar i Florø: Viser nye moglegheiter for regional luftfart

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Torsdag landa det heilelektriske flyet BETA ALIA på Florø lufthamn. Flyginga er del av Noregs internasjonale testarena for null- og lågutsleppsluftfart, og markerer ein milepæl for korleis framtidas utsleppsfrie fly kan brukast på regionale lufthamner.

Besøket i Florø er ein del av det pågåande testprogrammet der pilotar frå Bristow Noreg har floge BETA Technologies sitt heilelektriske fly på ei fraktrute mellom Stavanger og Bergen sidan august i fjor.

– At eit elektrisk fly er på besøk i Florø, viser at denne teknologien kan fungere òg på regionale lufthamner med kortare rullebaner. Det er viktig for regionar som er avhengige av lufttransport for både næringsliv og innbyggjarar, seier Karianne Helland Strand, konserndirektør for berekraft og infrastruktur i Avinor.

Besøket i Florø finn stad den nest siste uka av prosjektet, og føremålet er mellom anna å:

  • teste flyging mellom fleire lufthamner for å vise operativ fleksibilitet
  • demonstrere bruk på regionale lufthamner
  • teste fleire praktiske bruksområde for elektriske fly
  • vise at teknologien kan fungere på ulike rullebanelengder

Flyet vil bli lada i Florø ved hjelp av ein mobil ladekube som flyet sjølv har med seg.

– Dei regionale lufthamnene representerer ein interessant tidleg marknad for elektriske fly. Å kunne demonstrere dette i Florø er viktig for å vise kva som faktisk er mogleg i praksis, seier Helland Strand.

Relevant for Vestlandet

Vestlandets topografi gjer at landtransport ofte tar lang tid, sjølv over korte avstandar. Difor spelar fly ei særleg viktig rolle for både persontransport og frakt.

Elektriske fly er venta å bli tekne i bruk i fraktsegmentet før i passasjertrafikk. For flytypar som BETA ALIA kan dette realistisk bli aktuelt mot slutten av dette tiåret, føreset at sertifisering, regelverk og operative løysingar kjem på plass.

– Korte ruter med avgrensa trafikkgrunnlag, slik vi har mange av på Vestlandet og i Nord-Noreg, er blant dei første som kan bli aktuelle for elektriske fly. Det kan på sikt gi nye moglegheiter for både næringsliv, beredskap og regionale samband, seier Helland Strand.

Del av større testprogram

Flyginga til Florø inngår i det fyrste testprosjektet i Noreg som internasjonal testarena for null- og lågutsleppsluftfart.

Fakta: Testprosjektet med Bristow og BETA

  • Prosjektet er det første i Noreg som internasjonal testarena for null- og lågutsleppsluftfart, etablert av Avinor og Luftfartstilsynet i 2024.
  • Varigheit: 6 månader (august 2025 – ut januar 2026)
  • Operatør: Bristow Noreg AS
  • Har floge mellom Stavanger og Bergen
  • Har òg landa  på lufthamnene i Haugesund og Stord
  • Godt over 100 flygingar er gjennomført

Marknaden tek rute­avgjerdene

Avinor eller Luftfartstilsynet startar ikkje flyruter. Det er marknaden som avgjer kva ruter som blir sett i gang først.

– Det er flyselskapa og fraktoperatørane som tek avgjerda om å starte ruter, basert på kommersielle vurderingar. Vår rolle er å leggje til rette for trygg testing og naudsynt infrastruktur, slik at tersklane for oppstart blir lågare og innføringa av ny teknologi kan gå raskare, seier Karianne Helland Strand.

Foto: Øystein Løwer/Avinor

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *