Finnair tilbyr statusmatch

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Finnair har lansert ein status challenge for topbonusmedlemmar etter at lojalitetsprogrammet har gått konkurs.

Vi har tidlegare skrive om at airberlin har gått konkurs. For ei tid tilbake vart det ikkje lenger mogleg å opptene eller bruke miles på airberlin sine flygingar, og det har dukka opp spørsmål om andre selskap ville overta medlemmane i lojalitetsprogrammet topbonus. Finnair har no startar ein kombinasjon av statusmatch og status challenge, retta mot den tyske marknaden. Elitemedlemmar hjå topbonus og Miles&More kan få ein direkte match til Finnair Plus Silver, som tilsvarar OneWorld Ruby. topbonus Gold og Platinum, samt Miles&More Senator og HON Circle kan deretter delta i ein status challenge for å oppnå Gold, som tilsvarar OneWorld Sapphire.

Veiledning

Det første du må gjere er å trykke her for å registrere deg med ditt Finnair Plus-nummer. Innan 24 timar vil du motta ein e-post der Finnair bed deg om å dokumentera følgjande:

  • Kopi av eit gyldig topbonus eller Miles&More statuskort
  • Kopi av siste 12 månaders topbonus eller Miles&More oppteningshistorikk
  • Finnair Plus-medlemsskap

Dette gjev flyselskapet moglegheit for å sjå om du er ein interessant kunde. Dersom alt er i orden vil du få din Finnair Plus Silver-status innan ei til to veker.

Dersom du vil gå for Gold må du innan 31. mars 2018 opptene 40.000 tier points eller 23 flygingar, halvparten av dei ordinære krava.

Kampanjen kan bli avslutta utan varsel.

Du kan diskutera airberlin sin konkurs på vårt forum.

Denne artikkelen vart opprinneleg skriven av The Flying Dutchboy på vår systerside Insideflyer.nl.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *