Fire reiser i fire ulike Singapore Airlines Business Class – del 1, utreise

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Singapore Airlines har det siste året blitt kåra til verdas beste flyselskap fleire gonger. Dei har høg score, spesielt på økonomi og First class. Business class er også ein av dei beste, men korleis er dei ulike flytypene og konfigurasjonene å reise med?

Singapore Airlines Airbus A380

Vår lille familie, på to born på 6 og 11, mor og far, hadde moglegheiten til å booke seg fire seter på tre ulike flytyper og fire litt ulike konfigurasjoner, for å reise til eit glømt liv som eingong hadde i Australia. Turen var planlagt i detalj, og billettene med Singapore Airlines var kjøpt 11 mnd før avreise.

Turen går til Melbourne, via Frankfurt og Lufthansa. Me skal fly A380 med 2006 konfigurasjon til Singapore og ein A350 med langdistanse konfigurasjon til Melbourne. Heimatt flyg me frå Sydney i ein A380 med 2017 konfigurasjon og siste turen går via København med 777-300ER.

På førehand hadde me sikra oss bulkhead bakerst i A380 frå Frankfurt, men elles var det normale seter.

Airbus A380 2006J FRA-SIN

Singapore Airlines introduserte verda for A380, og det var og er eit magisk fly. Ingen i familien har floge A380 før, og kun sett på dei med lengsel når me har sett dei på FRA og LHR. No reiste me på eit kveldsfly til FRA, for å kunne få ei god oppleving med frukost i loungane mens ein venter på å fly med verdas største fly!

Me venta i Air Canada Loungen på FRA, den er ikkje den største, men har godt utval av mat og drikke, har god utsikt til flyplassen og den er mykje mindre travel en Senator Loungen til Lufthansa. Me var også innom Senator Loungen, og dette var ein veldig flott lounge med betjent bar, men det var ikkje sitteplassar nok til alle, og siden me var 4 stk og vant til å boltre oss i Air Canada loungen, så var dette ein liten nedtur. Men flyet var i ferd med å vera klar for boarding, og me var særs klare for å utforske flyet.

Boarding

Boardinggaten til A380 ligg heilt ytterst og er i eit ganske stort område, men ikkje stort nok. Og når ein skal boarde ein stor fogl som A380 så trengs det stor plass. Det starta boarding for barnefamilier og First/business, og siden me var begge, så fekk me gå om bord ganske fyrst. Boarding går opp ei rulletrapp og ut i ei lang flybru mot inngangen. 6 åringen var ivrig og sprang i vegen. Vårt fly hadde business i heile øvre dekk, og setene er massive. Dette var fantastiske seter når dei kom, og det er fortsatt gode seter.  Me hadde kapra heile rad 96, som er siste rad bakerst og øvst.

Singapore Airlines Business Class Airbus A380

Sjølv om innredninga er frå 2006, så var kabinen rein, hadde ein god og rein aroma, og føltes innbydende. Ein merker at det er på tide å skifte den ut, men me hadde ei god kjensle. Me gjekk gjennom heile kabinen og kom til vår rad, som var ein liten minikabin med plass til å passere rett foran ved nødugangene og var bulkheatseter med ein liten krakk heilt fremst. Dei andre setene har ei lita kasse til føttene som går inn i setet foran, og mangler den bredden som vårt sete har.

Om bord

Flyet var temmeleg fult, men me fekk prøvd eit normalt sete, og dette føltes litt trangt til føttene og det blir også litt trangt ved hovudet(også i bulkhead). Setet går ut i 180 grader, og må vendes rundt for å få seng. Dette gjer at du ikkje får lagt setet så langt bak, og det gjer at du ikkje alltid har ein topp lenestorkjensle.

Singapore Airlines Business Class Airbus A380

Ungene har aldri sett slike seter og det blir ikkje det samme å fly SAS Plus etter dette. Sørvisen er bra frå me kjem om bord til me forlater flyet, sjølv om me merker at det er nok å gjera rundt måltidene med eit bortimot fullt fly. Samanligna med maten me fekk på dei andre flyvningen, så føler me at cateringen frå FRA kanskje ikkje er den beste, men fortsatt bra.

Me var særdeles godt nøgde med denne flighten og både mor og frå fekk god søvn i setene. Ungene klarte seg godt i dialogen med mannskapet, men var litt for gira til å få til skikkeleg søvn om bord. 6 åringen sovna 1 time før me landa, og sov godt til me var godt parkert.

Når det gjeld kva seter som er best, så føler eg at bulkheadseter er det ein bør satse på. Rad 96 får advarsel på Seatguru, men me følte ikkje at det var stor trafikk rundt setet vårt, og toalettene foran var stort sett brukt. Mannskapet var ofte rundt oss, og me fekk god oppfølging. Det var også litt kjøligere bakerst, på grunn av dørene, men dette var positivt for oss. Eg er 194, så eg fekk berre eit ekstra teppe, då dei ikkje var av dei lengste.  Du verkar som du får ein litt ekstra vugging bakerst, men eg kan ikkje seie at dette var negativt. Me tok også turen ned i første etasje, men det føltes ikkje bra å gå ned i pysj og utkvilt å hamne i den lange dokøen bakest i økonomi. Me gjekk fort oppatt! A380 er eit fantastisk fly!

A350 2013J SIN-MEL

Me kom til Changi kl 0620 og vårt fly gjekk videre til Melbourne kl 0815. Jenta på 11 år var trøtt etter å ha satt pris på all sørvisen og filmene, og sovna etterkvart som me fann avgangshallen. Me gjekk berre kjapt gjennom terminalen og hoppa over loungen og kom oss gjennom sikkerhetskontrollen inn i ein stille og rolig avgangshall der vårt fly var einaste avgang. Changi er ein flott flyplass. Det føltes feil å gå berre gjennom, men det var ein liten gåtur frå C til B på terminal 3.  Det var eigen sikkerheitskontroll for Biz, og me kom kjapt gjennom. A350 sto klar og me såg rett på rullebanen der fleire A380 frå SQ landa. Etter ein liten halvtime fekk me lov å gå om bord, og me gleda oss stort til dette flyet. Me hadde reservert rad 12, då ingen bulkheadseter dukka opp.

Singapore Airlines Airbus A350

A350 er eit heilt fantastisk fly! Det føltes nytt og elegant, og kabinen var fantastisk flott. Me fann oss god plass, og kom i prat med kabinsjefen og fekk lov å komme inn i førerkabinen. Me fekk gode 5 minutt inne der, og kapteinen skrøyt uhemma av flyet! Mannskapet var også særdeles tilstades og me hadde ei kjempegod kjensle for flyet. Setene derimot var litt skuffande. Dei ser fantastiske ut, men dei kjennes trange ut. Holet til føttene er litt lite, og ein sliter litt med å finne liggestilling. Det føltes som ei oppgradering i utsjånad, men ikkje i plass. Me fann ein brukbar komfort, men ikkje topp. Men eg er 194 og 105 kg

Singapore Airlines Business Class Airbus A350

De beste setene

Når boarding var bortimot ferdig, så var det tre ledige seter på rad 11. Eg spurte fint om me kunne flytte oss dit når boarding var ferdig, og dette fekk me lov til 2 minutt seinare.

Bulkheadsetene er ein heilt anna story. Sjølv om ryggen må leggast ned for å få til seng, så er plassen mykje større enn dei normale setene. Når ein legg setet ned og lagar seg seng, så dekker desse setene slik at ein får ei heildekkande seng mot bulkheadkrakken, i motsetning til kva det var på A380, der ein får like stor plass som dei andre setene.

Singapore Airlines Business Class Airbus A350

Eg kunne strekke meg heilt ut, og komforten i senga er betre enn på A380. Alt i alt, så var sørvis, mat, mannskap og setet heilt topp. Frøkna på 11 sovna før me letta og sov gjennom heile turen i sitt normale sete. Junior på 6 sovna også etter kvart, men han våkna før meg og satt då i senga si og leika med biler og hadde fått servert drikke og snacks. Me fekk oss ein god frukost før me kom inn til Melbourne og landa på tida.

No venta 4 veker i Australia, og ein liten tur med Virgin Australia mellom Adelaide og Sydney, men dette er story for neste brev.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *