Fly Norwegian A380 Suite frå kr 4802

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Ein av dei store snakkisane blant flyinteresserte dei siste vekene har vore at Ving leigde inn ein Airbus A380 frå HiFly for å fly passasjerar til og frå Mallorca. Seinare vart det rapportert at Norwegian hadde leigd denne A380’en i tre veker.

A380’en skal dekke opp kveldsavgangane, DI7015 og DI7016, mellom London Gatwick og New York JFK. Dette flyet, 9H-MIP, er ei tidlegare Singapore Airlines-maskin og det har ikkje blitt gjort endringar på konfigurasjonen etter at HiFly tok over. Det betyr at flyet framleis har 12 suitar, i tillegg til 60 seter i businessklasse og 399 seter i økonomi. Det var først ikkje mogleg å bestille billettar på desse avgangane, men Norwegian har no gjort desse tilgjengelege. Prisane i Premium-kabinen startar på kr 4802 ein veg. På luftfartsbloggen SamChui.com har det blitt rapportert at Norwegian vil plassere passasjerar i suitane tilfeldig, og at det ikkje er mogleg å bestille desse. I kommentarfeltet har det likevel blitt rapportert at dersom du bookar billettane i Amadeus kan du reservere desse seta. Premium-seta på desse avgangane vert uansett betydeleg betre enn dei normale Premium-seta til Norwegian. Dersom du kunne tenkt deg ein tur over dammen i ein suite kan det uansett lønne seg å ringe til eit reisebyrå for å sjå om dei kan bestille avgangen og reservere ein suite.

Sete i businessklasse. Bilete: HiFly

Suitane

Under kan du sjå bilete av suitane i HiFly sin A380.

Denne bildekrusellen krever javaskript.

Kunne du tenkt deg ein tur i Norwegian Suites Class? Då har du i første omgong fram til 23. august. Foreløpig står det på Norwegian sine sider at avgangane frå 12. august går med Dreamliner, og det er difor ikkje garantert at du får A380 på denne ruta. Ovanfor Flysmart24.no utelukka ikkje kommunikasjonssjef i Norwegian, Lasse Sandaker-Nilsen, at A380’en kunne dukke opp på Gardermoen.

Ta gjerne diskusjonen rundt Norwegian A380 på vårt forum.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *