British Airways skiftar Champagne både i lounge og ombord i flya

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Som eit ledd i den stadige forbetringa har British Airways starta utskrifting av Champagnen dei serverar både i loungane og ombord i flya. Det er ikkje nødvendigvis ei oppgradering i våre auge.

British Airways har den siste tida hatt fleire større oppgraderingsprosjekt der hovudfokuset har vore på reisande i business- og første klasse.

No har det kome ei endring i kva Champagne dei serverar i loungane og ombord i flya. Vi har lista og vi er ikkje nødvendigvis einige i at det er ei oppgradering og forbetring. Det har også sneke seg inn ein engelskprodusert musserande vin dersom du flyg i Første Klasse.

Her er det du no vil få servert:

First Class Lounge:

  • Canard-Duchêne Charles VII Champagne (ny)
  • Champagne Jeeper Brut Grand Rosé (ny)
  • Laurent-Perrier’s Grand Siècle

Galleries First Lounge & Business Class Lounge:

  • Castelnau champagne

First Class kabiner ombord:

  • Gusbourne, engelsk mousserende vin (ny)
  • Lanson Rosé Champagne (ny)

Club World – Business klasse på langruter

  • Canard-Duchêne Cuvee Léonie Brut Champagne (ny)
  • Champagne Besserat de Bellefon (ny)

I bunn og grunn er det ikkje veldig mykje premium over dei vala dei har teke. Fleire av desse ligg omtrent midt i marknaden og kan difor ikkje klassifiserast som premium. Det einaste verkelege premiumproduktet er Laurent Perrier’s Grand Siècle som vert servert i First Class loungane (f.eks. Concorde Room i London og New York).

Peter Lawrence frå SAS får ansvaret på dette området i British Airways

Vi kan ikkje anna enn sjå fram til at Peter Lawrence startar i British Airways, der han har fått ansvar for avdelinga “Inflight Product Development”. Dette inkluderar mellom anna Food & Beverage-området. Med det arbeidet som Peter Lawrence har lagt med i SAS i bakhovudet er vi sikre på at vi vil få sjå endringar på dette området, også i British Airways.

Kva tenkjer de om dei nye alternativa på Champagnefronten? Ta gjerne diskusjonen i kommentarfeltet eller på vårt forum.

Denne artikkelen vart opphavleg skriven av Henrik Olsen for vår systerside Insideflyer.dk.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *