British Airways utvidar den nye Club World cateringen til fleire langruter

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

British Airways har bestemt seg for å utvide deira nye cateringkonsept i businessklasse til fleire langruter.

Flyselskapet British Airways introduserte for eit år sia det som skulle bli det nye cateringkonseptet i selskapet si businessklasse, også kalla Club World.

Det var med stor begeistring at InsideFlyer var med å teste dette restaurantliknande konseptet tidlegare. Du kan lese om dette på vår danske systerside. Fram til no har dette utelukkande vore tilgjengeleg på ruta mellom London Heathrow og New York.

No vert dette utvida til ytterlegare ti langruter og det vert difor tilgjengeleg for mange fleire businessklassepassasjerar. Dei nye destinasjonane du kan få oppleva dette konseptet på er:

  • Baltimore
  • Boston
  • Chicago
  • Dubai
  • Hong Kong
  • Montreal
  • Newark
  • Philadelphia
  • Toronto
  • Washington Dulles

Alle rutene, med unnatak av Hong Kong, er relativt korte langruter. British Airways ynskjer altså først å teste konseptet på dei korte rutene før det vert rulla ut på heile nettverket. Utrullinga har fram til no gått i eit ganske roleg tempo då konseptet allereie har vore i lufta i tre månadar. Planen er at alle langruter skal ha konseptet innan utgongen av 2018.

Har du testa det nye cateringkonseptet? Del gjerne dine erfaringar på forumet vårt.

Denne artikkelen vart opphavleg skriven av Peter Krogh Frausing for vår systerside Insideflyer.dk.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *